Langs gamlevegen

 

Eg går og ruslar langs gamlevegen og gjer så godt eg kan for ikkje å legge hendene på ryggen.

Å gå med hendene på ryggen er ok viss du er skøyteløpar, eller også om du dreiv med skihopping i gamle dagar. Elles er det eit kjenneteikn på gamle folk med vondt i ryggen. Sjølv om eg har kome til skills år og alder, kjenner eg meg omtrent like halvsprek som eg alltid har vore. Likevel skal det berre ein augneblinks konsentrasjonssvikt til, så lurer armane seg bakover og nevane legg seg til  kvile på rumpa.

 No likar eg å ha god tid og eg likar ikkje høge lydar. Eg går til postkassa kvar morgon. Det kjennest som ein kraftig nedtur om avisa ikkje er komen, sjølv om eg godt veit kvar på  datamaskina eg kan finne den digitale  versjonen.

 Min generasjon ristar oftare på hovudet enn før. Det synest vi at vi har grunn til.  Eg har  alltid hatt sympati for Bunadsopprøret, der flotte kvinnfolk i bunad kom i flokk frå øyar og utkantgrender for å protestere mot å måtte føde på hurtigbåten eller i baksetet i ein bil i ferjekøa. No er det eit anna kvinneopprør i hovudstaden. Å føde er ein naturleg ting, meiner damene der og  krev å kunne få sine ungar heime uforstyrra av jordmor og fødselslege. Men kva om det blir komplikasjonar, spør Fredrik Solvang i  Debatten. I så fall må nokon svippe oss til sjukehuset, meiner damene. Dei er ikkje urimelege heller.

 Tidene skifter og vi med dei. Personleg  merkar eg ei gryande interesse for gamle albumbilde og vintage TV-program.  Eg blir i alle fall rørt av eit gjensyn med Bergljot Engeset i Etter fjøstid eller debattleiar Per Øyvind Heradstveit i NRK-arkivet. Det er ikkje like stimulerande med nye bøker lenger. Det er vel så spennande å lese dei dei gamle og oppdage at dei handlar om heilt andre ting enn det vi meiner å hugse frå den gongen vi las boka for første gong.

 Folk rundt oss blir stadig yngre. På Stortinget sit det berre fjortisar, uttalte tidlegare TV2-fjes Oddvar Stenstrøm. Russen har blitt reint mindreårig. Dei skrålar rundt i raude eller blå barnehage-dressar med tåteflasker i hendene og syng på russelåtar med tekstar som ikkje er oppattakande. Det var meir stil i vår tid. Vi  stod som sild i tønne på planet av ein lastebil og ropte chickelacke så høgt at vi vekte  læraren i gryotta. Då kom kona hans ut i morgonkåpa og bad oss inn på frukost.

 Ei tid var og ei anna vart. Før hadde vi glede av å delta i ein opplyst samtale om politikk. No  er det tyngre, for dei skifter stadig til nye statsrådar vi ikkje hugsar namnet på. Vi  måtte google for finne ut kven som er kyrkje- og undervisningsminister. Då fekk vi vite at den siste var Einar Steensnæs (1989 -1990).

Er det rart ein blir forvirra? Før gjekk vi på kafé for mat og prat. No er vi sosiale via telefonen og snakkar med kvar våre på nettet medan vi drikk kjøpekaffi i lag. Skal vi vere sosiale  in real life er det alltid eit evinneleg mas om å smile kvar gong nokon skal ta bilde. Det er ikkje fred å få. Hiv  skiten ut på nettet, så vi blir kvitt det, seier no eg.

No står menneska frå gamle dagar ofte like tydeleg for oss som dei vi lever saman med til dagleg. Ein grand-onkel var i ferd med å bli skikkeleg gammal. Vi gutungane dreiv og gjekk på stylter. Han kom ut i filttøflar og vadmålsbrok og ville vere med, men det gjekk ikkje så bra: « No går det att og bak. No klarar eg ikkje ein gong å gå på stylter lenger», sukka han.

Tung tids tale. Egil Skallagrimsson, høvding og skald frå Island på tampen av vikingtida, blir rekna som den fremste blant dei norrøne diktarane. Han skal ha vore trolldomskyndig og skreiv sitt første kvad som treåring. Han skal ha gjort sitt første drap då han var sju. Han var ein stor krigar, men alderdommen vart også hans overmann. Han skreiv dette på slutten:

«Hodet dingler på halsen.

Hasestøl jeg stabber.

Blødt er lystens lem

Borte er all min hørsel.»

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Møte på midten

Mannstruering

Bilen min får du aldri