Ein time attpå

 Kan du få trea til å slutte å vifte. Det er så ekkelt når dei lagar sånn vind», sa veslejenta. Ho tenkte litt feil, men var på sporet av en samanheng og ho fann raskt ut av det.

Å følgje eit førskulebarn på tur, kan vere ei krevjande affære. Det blir nokre spørsmål å svare på. Ein må kunne gi truverdig svar på kvifor nokre bilar har to eksosrøyr og kor mange bein det er på ein tordivel. Ungar leikar dokter eller brannmann eller er ein omsorgsfull familie som byter bleie på dokker og teddybjørnar. Ting skal prøvast i praksis. Derfor er det naturleg  å klatre i tre og  henge etter knehasane frå ei alt for tynn grein. Det blir nokre skrubbsår og skjennepreiker av slikt. Men dei blir også mange nyttige erfaringar og mykje handfast kunnskap rikare.

 I sine første leveår er ungar programmerte til å suge til seg impulsar. Dei prosesserer effektivt den usystematiske straumen av inntrykk som dei fordomsfritt tek inn gjennom alle sansar. Dei lærer mange ulike ting samtidig. Dei gjer det gjennom leik og det går som ein leik.

Når dei byrjar på skulen, skal dei plutseleg stablast på rad og rekkje i eit klasserom og lære slikt som politikarar og departementet har bestemt og i same rekkjefølgje. Skulens læringsmål er ikkje heilt i samsvar med slikt som seksåringar med spring i beina og brennande nyfikne fluksens treng svar på. Slikt blir det uro og høglydte protestar av.

I åra etter seksårsreforma har vi auka  timetalet i grunnskulen tilsvarande to heile skuleår. Vi brukar meir pengar på skulen enn andre land det er naturleg å samanlikne oss med.  Men  resultatet er  magert. Dagens skuleborn korkje les eller skriv betre enn foreldra deira gjorde, fortel forskarane oss. Noko må gjerast, meiner Høgre. Partiet vil forlenge skuledagen med ein time for alle klassetrinn gjennom heile grunnskulen. Det skal også gjelde seksåringane. Det er trass alt betre for dei å gå på skulen enn på SFO, meiner nestleiar i Høgre, Tina Bru. Ho fekk støtte frå sin eigen son, som er i målgruppa og som  gjerne ville bli skulegut. Læring er gøyest, meiner han.

Kva fortel  dette oss, anna enn at heime hos familien Bru og hos Høgre er læring noko som skjer på skulen. Fri leik må reknast som underhaldning og tidtrøyte, også for seksåringar. Lærarar er trøytte og motlause etter alle sine  kampar for å få elevar med masse energi og nysgjerrigheit til å sitje stille ved pulten og høyre etter.  Forslaget om endå meir vaksenstyrt undervisning for seksåringane er tankelaust, meiner professor i pedagogikk ved NTNU, Maria Øksnes. Ho understrekar at barnestyrt leik er ei viktig kjelde til læring.

 Då seksåringane skulle inn i skulen - aller mest på grunn av mangel på barnehagelærarar - var det ikkje ende på kor mykje fri leik det skulle bli på barnetrinnet. Det motsette har skjedd. Politikarane lagar rammene og departement og direktorat overstyrer lærarane, som sukkar over test- og rapporteringsregimet som gleder byråkratiet, men stel tida frå elevane. «Leiken har tapt i skulen. Skuletradisjonen har overtatt»,  meiner professor Elisabeth Bjørnestad, som leia evalueringa av seksårsreforma.

Mykje tyder på at mange seksåringane hadde hatt det betre med eitt ekstra år i barnehagen. Foreldre har vore skeptiske til klasseroms-eksersisen for seksåringane i alle år. Då må ein forundre seg over Høgre som vil pøse på med endå fleire dyre tiltak som ikkje verkar.

Tankegangen  er den same som hos den som sagar av greina han sit på og ropar på meir hjelp med saginga:  Det var ein av desse  faste sørgande som ikkje akkurat kjende avdøde, men som likevel møtte i alle gravferder der det var mat etterpå. Den trinne gjesten åt seg lykkeleg gjennom brennsnut og svinesteik, tok dyktig føre seg av lefse og søst og skar seg breie stykke av alle kakene på det velfylte kakebordet. Til sist vart han ståande framfor eit bognande fruktfat. Han nølte litt, så  hogg han inn: «Eg trur eg må ta meg ein banan attpå. Det skal vere så slankande

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

17. mai 2025

Hekta på slekta

Mannstruering