Innlegg

Viser innlegg fra 2021

Gildehall for næringsutvikling

Bilde
  Dei arkeologiske funna på og ved Auremarka tek oss   ti tusenår tilbake i tid. Tenkjer vi ti år fram, har kanskje reiseliv blitt det ekstra beinet som den sårbare og einsidige industribygda Sykkylven kan kvile på .   I tiår på tiår har store mengder turistar passert Sykkylven utan å stoppe. Mange om bord i cruiseskip, mange i buss eller privatbil. Så langt har sykkylvingane hatt nok med å lage møblar og overlate til andre å vere vertskap for ferierande frå inn- og utland. Vi står ikkje tilbake for nokon når det gjeld fjord og fjell. Men kan den historiske Auregarden med alle sine arkeologiske funn utviklast til å bli vår nye attraksjon?   Ja, meiner konsulentselskapet Segel AS, som for få år sidan hjelpte opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid i gang. Selskapet har levert ein forstudie om bygging av ein Gildehall på Auremarka til kommunen. Segel AS tenkjer seg gildehallen som ein del av ein førhistorisk park på Auremarka. Her står eit bronsealderhus alt ferdig. Kommunen  

Landsbyen vår

    Er du ukjend turist og kjem til Sykkylven sentrum ein vanleg kveld, kan du få mistanke om at plassen er fråflytta. Vi skulle hatt ein skikkeleg   landsby, seier mange. Om ikkje som i Syden, så i alle fall som i England, med, yrande folkeliv, trivelege småbutikkar og kanskje ein pub å søkje ly i når det regnar. Men skal Sykkylven halde på innbyggjarane og lokke turistar må vi selje trivsel og idyll like effektiv som vi i dag sel møblar. Det manglar ikkje på forslag. Med ujamne mellomrom kjem det forslag om hotell og badeland, bowlinghall og stupetårn, gildehall og gondol til Aurenakken. Ideane er gode nok, men strandar oftast på manglande finansiering. Handelsforeininga har vore mest opptekne av   parkeringsplassar, men turistar kjem ikkje til Sykkylven for å parkere. Utgangspunktet for ein velfungerande landsby er slett   ikkje så verst. Det kan vi takke storbrannen i 1939 og gjenreisingsarkitekten Sverre Pedersen for. Han teikna det nye Aure som ein klassisk og urban kva

Harde pakkar

  Så er dagen komen med si glede og barnlege lyst. TV-en er full av julemusikk og gamle julefilmar. Juletreet er stivpynta med ei røys av gåver under som vi alle har lyst til å kjenne på: Kven får den store der? Blir det hard eller mjuk pakke på oss i år? Slik tenkjer vi at det framleis er, i alle fall for dei yngste, der dei sit med sine ipadar og spelkonsollar og gumlar ostepop i sofaen medan dei ventar på grauten og ribba og julegåvene. Tida gjekk aldri   tregare enn desse timane med spent forventning, hugsar vi. Dei mjuke pakkane var greie nok. Men ein hard pakke kunne vere ei bok, kanskje den siste om Hardy-guttene, meisterdetektiv Blomquist eller om indianarguten Lerstrømpe i dei djupe amerikanske skogane. Vi hadde ikkje TV den gongen. I femtiåra fann vi dramatikken mellom permar. Det skulle ikkje mykje til før vår indre filmframvisar slo seg på og rykte oss ut av kvardagen. Detektivheltane Frank og Joe   Hardy vart livs levande. Vi hadde aldri vore i Sverige eller Amerika. L

Møbelnamn

    Namn seier mykje. Det ligg omtanke bak val av namn. Kva synest vi er fint, kven vil vi kalle opp att? Kva slags namn tenkjer vi vil gjere inntrykk, kva namn er lette å hugse. Namna seier mykje om dei som vel namn på sine hjartebarn. Det gjeld folk og kjæledyr. Og det gjeld møblar. Den amerikanske storgangsteren Al Capone   skal ha brukt å presentere seg som møbelhandlar. Han hadde ei bruktsjappe for møblar som dekkadresse. Dette var i dei tider i Chicago då ei felekasse like ofte kunne innehalde ein maskinpistol som ein fiolin. Det amerikanske møbelvarehuset Harvey Norman   hadde i mange år ein sofa som heitte Capone. Det seier kanskje litt om kva ideal dei amerikanske møbelkundane har. Her i landet trur eg ikkje ein har kalla opp nokre hardbarka kriminelle enno. Kanskje om det var ein folkehelt som Gjest Baardsen. Men kongelege og adelege derimot – dei hadde namn som møbelindustrien gjerne lånte. Og utanlandske hovudstader og badebyar. Og kjendisar av alle slag og musikk.

Dete ryk framleis av torva

  Hans Strømmegjerde var den siste som tok torv til brensel i Straumsdalen. No har sonen teke opp att tradisjonen for å sikre den rette aromaen til sin gardsproduserte whisky. Av Kjetil Tandstad -Eg er den einaste nolevande som har drive med torvutvinning i Straumsdalen. Vi dreiv fram til 1936. Og det er no artig at torv har blitt teke i bruk att, om enn i mykje mindre målestokk, seier Hans Strømmegjerde (92) frå bruket Nymarka i Straumgjerde. Brenneri Han gler seg over at det ikkje heilt er slutt med torvtakinga. Sonen Harald har bygd opp eit brenneri på garden og satsar på produksjon av ulike typar brennevin. I dei nybygde produksjonslokala er han alt godt i gang med produksjon av gin og akevitt. Dei spesielle tjukkmaga flaskene har alt i eit par år vore i finne i restaurantar og vinmonopol-utsal. Dei første busslastane med turistar har fått   omvising og smaksprøvar i besøksrommet over brenneriet. Det er meir opplevingar for publikum enn dei store mengdene produsert brennevin

Julegåvetips

  Julegåvetips Av Kjetil Tandstad Sylvi Listhaug med slagordprydd bubil i valkampen: ja til oljeutvinning og nei til innvandring. Forstår ho ikkje at ho må velje?   Det skal ikkje store fantasien til for å tenkje seg at presset på grensene aukar etter kvart som temperaturen på kloden stig. For millionar i dei folkerike områda rundt Middelhavet kan ei varmegrad eller to   frå og til bety vere eller ikkje vere. Varmare klima fører med seg ørkenspreiing som igjen fører til krig og konflikt om stadig knappare ressursar. Desperate klimaflyktningar som ikkje har noko å tape, vil presse stadig hardare på grensene til det rike Europa. Dei om det, seier vi kanskje. Slik plasserer vi oss heilt på linje med sykkylvskona som skal ha forvilla seg til Ålesund under krigen midt under eit bomberaid og som redd og fortvila ropte etter bombeflya:   Ditte hekje ej nøke me. Ej e frå Velledala . Ein kan ikkje melde seg ut av verda, sjølv om vi her oppe i nord truleg kan takle ei temperaturstiging

Bølle og bestefar

    Eg hugsar han som ein vennleg og forsiktig lyslugg som gjorde lite av seg. Vi var saman i militæret, men vart aldri godt kjende. Han verka som ein grei kar.   Eit halvt hundreår seinare finn eg han att på Facebook. Luggen er borte. Han har grått skjegg og briller, som dei fleste gubbar på min alder. Men no er han alvorleg sint. Han skriv om den unge klimaaktivisten Greta Thunberg, og kallar henne psykisk sjuk. Ho burde bli sendt tilbake til institusjonen der ho høyrer heime. Andre meldingar er fulle av personkarakteristikkar og har den same hånlege tonen: Mot ein miljøaktivist (frekk og hyklerisk), flyktningar frå Syria (får masse ungar for å overta landet vårt) og mot Erna Solberg (skal ein dyslektikar kunne vere statsminister?)   Det skal han ha: Det han meiner, meiner han under fullt namn. Der skil han seg frå dei fleste andre i same ærend. På profilsida poserer han smilande bak eit fullsett kakebord med eit barnebarn på fanget. Familieidyllen står i sterk kontrast til de

Trøhjelp for sykkelturisme

  Tradisjonlet er det flate, vindfulle og ganske kjedelige landskap som lokker til sykkelferie. Men med trøhjelp frå elsykkelen kan fjordbygdene våre bli eit eldorado både for norske og utanlandske pedalturistar.   Eg har ofte beundra dei tapre syklistane som med tung oppakning slit seg over Strandafjellet i regn og motvind og tenkt at dette blir det aldri masseturisme av. Men det var før elsyklane kom. No er Strandafjellet plutseleg overkomeleg. Når motbakkane ikkje lenger er ei hindring, bør det ligge godt til rette for å lokke den veksande skaren av ivrige sykkelturistar til vårt område. Sykkelferie Eg har sjølv vore på sykkelferie i Tyskland og Tsjekkia. Makeleg som eg er, sette eg stor pris på at landet var paddeflatt og at koffertane våre vart frakta mellom hotella vi budde på. Men etter ei veke var eg sant   å seie vel forsynt med flate kornåkrar. Det gjorde godt å kome heimatt til eit meir tredimensjonalt landskap.   Å sykle til dømes strekninga Sykkylven – Geiranger må

Viss du er typen til det

  Nei då, Sykkylven er ikkje den best tenkjelege staden å leve livet sitt. Men det er ikkje så verst heller. Eit spørsmål ut av det blå, avsendar ukjend: «Bør eg flytte til Sykkylven og i tilfelle kvifor?» Førebels svar: Kanskje, viss du er typen til det. Sykkylven er eit hjarteforma stykke land midt i hjartet av Sunnmøre. Her stuper ikkje fjellet i fjorden som i Geirangerfjorden og store delar av Storfjorden. Her er det plass til grender med gardsbruk og aktive eller nedlagde møbelfabrikkar langs på smale stripa av land på begge sider av fjorden, alt bunde saman med eit vegnett og ei bru som med eitt slag gjorde kommunen samanhengande og tidlegare utkantar sentrumsnære.   Ferja over Storfjorden er ein buffer mot handelslekkasjen til stor-Ålesund. Det har ført til at utvalet spesialbutikkar er betre enn i andre bygdesenter   det er naturleg å samanlikne seg med. Kommunesamanslåing både med Stranda og Ålesund har vore diskutert, men utan entusiasme frå nokon av partane. Inntry

Vårfornemmelsar

  Miljø-klokka tikkar ubønhøyrleg mot Paris-måla som vi ikkje ser ut til å nå. Klima-katastrofen rykkjer nærare. Men ei slags vårløysing er kanskje på veg. Framtidsfrykt. Trist å tenkje på: Unge par nøler med å setje ungar til verda på grunn av miljøkrisa. Tanken på ei framtid med smeltande polar og ørkenspreiing, øyar som sekk i havet og desperate klima-flyktningarar ved grensene våre er ikkje til å halde ut. Det er ikkje berre Greta Thunberg som refsar foreldre- og besteforeldre-generasjonen for å undergrave livsvilkåra for dei unge som skal arve jorda. Ungdomsidolet Miley Cyrus og den radikale amerikanske demokraten Alexandria Ocasio-Cortez er blant dei som spør om det er ansvarleg å få born no når framtidsutsiktene er så skumle. Her i landet har Erna Solberg oppmoda norske kvinner om å få fleire born utan at det har vist att i statistikken. Det har fleire grunnar, men framtidstrua som skapte babyboomen i etterkrigstida, har i alle fall fått ein alvorleg knekk. Vår i lufta. Men

Gildehallen og Fimbulvinteren

  Eg har fått   i oppdrag å snakke om noko aktuelt, og kva er meir aktuelt for sykkylvingar enn det som skjedde på 500-talet etter Kristus. Kva skjedde i verda på den tida? Litt veit vi no då. Aristokratiet blir gjeninnført i Athen. No var det slutt på det gryande demokratiet. Religionsstiftaren Konfucius blir fødd i Kina.   Og i Norden? Det er eit to- tre hundreår før vikingtida kjem i gang. Fenrisulven slukte sola og ein treårig Fimbulvinter senka seg over landet, fortel segna. Kanskje så mykje som halvparten av folket døydde av svolt og kanskje også pest, seier forskarar. I Sykkylven: Omtrent på denne tida bygde dei seg ein Gildehall som framleis er ein av dei største her i landet ein veit om frå den tida. Det er berre ca 1500 år sidan. Dei gamle historiene om Fimbulvinteren som varte i tre år hadde gått frå   generasjon til generasjon før dei vart skrive ned som ein del av Den eldre Edda på 900-talet. Det er trollkvinna - eller volva - som har ordet. I Voluspå fortel ho k