Vårfornemmelsar

 

Miljø-klokka tikkar ubønhøyrleg mot Paris-måla som vi ikkje ser ut til å nå. Klima-katastrofen rykkjer nærare. Men ei slags vårløysing er kanskje på veg.

Framtidsfrykt. Trist å tenkje på: Unge par nøler med å setje ungar til verda på grunn av miljøkrisa. Tanken på ei framtid med smeltande polar og ørkenspreiing, øyar som sekk i havet og desperate klima-flyktningarar ved grensene våre er ikkje til å halde ut. Det er ikkje berre Greta Thunberg som refsar foreldre- og besteforeldre-generasjonen for å undergrave livsvilkåra for dei unge som skal arve jorda. Ungdomsidolet Miley Cyrus og den radikale amerikanske demokraten Alexandria Ocasio-Cortez er blant dei som spør om det er ansvarleg å få born no når framtidsutsiktene er så skumle. Her i landet har Erna Solberg oppmoda norske kvinner om å få fleire born utan at det har vist att i statistikken. Det har fleire grunnar, men framtidstrua som skapte babyboomen i etterkrigstida, har i alle fall fått ein alvorleg knekk.

Vår i lufta. Men ting skjer, ting som vi knapt kunne tenkt var mogleg berre få år tilbake. Klimafornektarane, med sin flokkimmunitet mot vitskaplege fakta,  har ikkje lenger publikum med seg på same måten. Flakk-Gruppen byggjer anlegg for hydrogenproduksjon og dei gjer det på Hellesylt. Det var det få som drøymde om for nokre år sidan.
I den vakre vårmånaden mai valde seks av ti nybilkjøparar her i landet ein bil som var hundre prosent elektrisk. To av ti valde hybrid. Dei to som valde diesel- eller bensinbil står i ferd med å bli  forbikøyrde av utviklinga. I den same mai månad la det internasjonale energibyrået IEA, -  gjennom alle år kjend som oljeindustriens beste ven - fram ein rapport der dei slår fast at det ikkje er behov for fleire olje- og gassfelt her i landet. Det vil vere nok å tømme dei felta som alt er i produksjon.

I vakre mai fekk vi også melding om at generalforsamlinga i oljeselskapet Exxon Mobile, eit oljesamfunn som gjennom mange tiår har hatt rykte for å ta lett på miljøet, har bytt ut to styremedlemmer, for å dra selskapet i ei meir klimavennleg retning. Dei som pressa fram avgjerda, var ikkje naturvernarar, men profesjonelle investorar. Dei fryktar tap om ikkje selskapet dei er medeigar i tek skeia i ei anna hand. Ei fjerde melding, også frå mai i år: Ein naturvernorganisasjon i Nederland saksøkte oljeselskapet Shell for å ureine miljøet. Domstolen dømde selskapet til å kutte utsleppa sine med 45 prosent innan 2030.

Kva så med vårt eige oljeselskap Equinor, nøyer dei seg berre med namneskifte? Ja, dei pumpar olje som før, men dei har også bygd verdas første havvindpark ved Skottland og utviklar  verdas største havvindpark på Doggerbank. Dei skreiv også nyleg kontrakt om å levere straum til New York frå to havvindparkar utanfor austkysten av  USA. Det er ikkje nok til at dei når sin del av Paris-målsetjingane, men i alle fall ein start.

Konkrete mål. -Før var det nok at oljeselskapa kunne vise til at dei hadde begynt å investere i noko fornybart. No må dei vise at dei har ein strategi som tek dei til Paris med konkrete målsetjingar undervegs, sa sjefanalytikar i Nordea, Thina Saltvedt i Klassekampen 29. mai.  Investorane er i ferd med å sjå risikoen ved fossil-investeringar og har oppdage utsiktene til gevinst ved å satse grønt. Sjefanalytikaren meiner vi no  nærmar oss eit knekkpunkt.

Ketsjup. Når pengefolk snakkar klima, er det ikkje av plutseleg idealisme. Dei gjer det fordi det er bra for business. Eksempla frå mai tyder på ei vårløysing. Nokre kallar det ketsjup-effekten. Du ristar og ristar på ei flaske og ingen ting skjer. Og så kjem det plutseleg svære mengder samtidig.

Det grøne skiftet kan kome raskare enn dystre profetiane kan tyde på.  Men dei som meiner vi har det bra som vi har det og ikkje heng med i svingane, kan plutseleg finne seg att utdaterte og langt bak i køen.

God sommar!

                                                               ( Synspunkt Nyss) 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne