Gildehallen og Fimbulvinteren

 


Eg har fått  i oppdrag å snakke om noko aktuelt, og kva er meir aktuelt for sykkylvingar enn det som skjedde på 500-talet etter Kristus.

Kva skjedde i verda på den tida? Litt veit vi no då. Aristokratiet blir gjeninnført i Athen. No var det slutt på det gryande demokratiet. Religionsstiftaren Konfucius blir fødd i Kina.

 Og i Norden? Det er eit to- tre hundreår før vikingtida kjem i gang. Fenrisulven slukte sola og ein treårig Fimbulvinter senka seg over landet, fortel segna. Kanskje så mykje som halvparten av folket døydde av svolt og kanskje også pest, seier forskarar.

I Sykkylven: Omtrent på denne tida bygde dei seg ein Gildehall som framleis er ein av dei største her i landet ein veit om frå den tida. Det er berre ca 1500 år sidan.

Dei gamle historiene om Fimbulvinteren som varte i tre år hadde gått frå  generasjon til generasjon før dei vart skrive ned som ein del av Den eldre Edda på 900-talet. Det er trollkvinna - eller volva - som har ordet. I Voluspå fortel ho korleis verda vart til og korleis ho skulle gå under. Fenrisulven ville sløkkje sola, spådde ho.

«Matar seg mett/ på mannelik

om gudegardar/ gøyser han blod.

Svart vert solskin/ sumrane etter,

vêret vålyndt. Veit de nok, eller kva?»

Spør volva. For ho har meir på hjartet:

Avlingane ville slå feil, det ville bli hungersnaud og død. At sola blir borte er første teiknet på at jorda ville gå under. Først skulle det bli ein frykteleg kamp mellom Odin og Midgardsormen. Til slutt ville Ragnarok kome. Jorda ville gå under i eld og røyk. Etter dette skulle ei ny og betre jord stige opp[KT1] .

Jordas undergang, altså. Og ei ny og betre verd eller ein himmel etterpå. Ein klassisk myte, kjend frå dei fleste religionar. Men no spør stadig fleire forskarar om historia om Fimbulvinteren også hadde si rot i ein faktisk miljøkatastrofe.

Teorien går ut på at i året 536 skal store mengder utslepp i atmosfæren ha skygd for sola. Det førte til ein vinter som varte to, kanskje tre år. Den faktiske Fimbulvinteren er så fall innanfor den gjeldande dateringa av Gildehallen som er  funnen på Auremarka.  Det er litt uklart akkurat når Gildehallen vart bygd. Arkeologane er forsiktige, men trur ein gong mellom år 500 og 750.  Dei gamle norrøne mytane får plutseleg ein ny og lokal aktualitet.

Repetisjon. Det meste av dette veit de nok frå før, men her kjem ein liten repetisjon:

 Helsesentertomta skulle gravast ut oppe på Auremarka for vel 30 år sidan. For å få bygge, måtte kommunen først gjennomføre nokre arkeologiske undersøkingar. Funna dei gjorde, førte til at det vart sett i gang storstilte arkeologiske utgravingar på heile området. Store mengder tufter kom for dagen. Dei fann kokegroper og stolpehol etter eit mange hus. Og det var spor frå arden – den primitive plogen – som hadde lage riper i sanden under jordlaget.

 Det var noko av ein sensasjon, skulle det vise seg. Her, kloss inntil kommunesenteret, låg eit område der med spor etter menneskelege aktivitet heilt frå steinalderen og fram til våre dagar. Oppe i bakken sør for Storgata, hit fjøra nådde då innlandsisen framleis pressa landet ned, er det gjort funn frå steinalderen..

I bronsealderen hadde fjorden trekt seg meir tilbake og menneska hadde følgt etter. No hadde forfedrene våre blitt bufaste og bønder. Dei hadde husdyr, dei dyrka kanskje korn, spann og vov ull og lin og hadde gode båtar på fjorden.

 Dei fleste husa det er funne spor av, skriv seg likevel frå det ein kallar romersk jarnalder og og folkevandringstid – altså tidsrommet frå år 0 til år 570. Landet hadde heva seg endå litt meir. Derfor ligg desse tuftene endå litt nærare fjorden. Husa har ulik type og storleik. Det huset som er best dokumentert, er ein 39 meter langt langhus, tidfesta til rundt år 200.

Men det største huset er eitt av dei største vi veit om frå Norden i førhistorisk tid. Det var ikkje eit vanleg hus. Det må ha vore ein Gildehall. Den store hallen er  56 - 57 meter lang og ni - ti meter brei. Det gir ei golvflate på mellom 500  og 600 kvadratmeter.

Grovt tømmer var brukt  i konstruksjonen. Stolpehola tilsvarar stokkar med eit faktisk tverrmål på rundt ein halv meter som var gravne rundt ein meter ned i bakken. Tverrbjelkane i grindane var fire til fire og ein halv meter lange. Dei ti grindane var sette opp med mellom 4 og 6,5 meters avstand. Det måtte ha hatt solide betar - takbjelkar.

Hallen har hatt ei svak båtform og var breiast på midten. Øvst i stolpehola vart det funne spor av hardtrampa leire, som truleg stammar frå eit leirgolv. Det er ikkje sikre spor etter yttervegger, men her var nokre mørke striper i grunnen i det nordaustre hjørnet, som blir tolka som svillstokk og spor etter takdrypp.

 Det er ikkje utenkjeleg at dette mektige bygget kan ha hatt eit forhøya midtskip eller midtrom, som i enkelte stavkyrkjer, skriv arkeolog Bjørn Ringstad. Stort og ruvande har i alle fall huset vore. Ringstad slår fast at dette huset er blant dei aller største som er funne i Noreg.  Han nemner dei andre: Veien, Ringerike (47 meter langt), Forsand, Rogaland (50 meter langt), Valum, Hamar (51 meter langt), og Borg i Lofoten (83 meter langt). Og altså vår Gildehall, 57 meter.

Desse unike funna ligg  samla i eit felt på nokre få hundre meter. Så langt har laget Aura-Påls vener gjenreist ei tolking av eitt av husa frå bronsealderen. Arbeidet vart gjort av godt kvalifiserte dugnadsarbeidarar, fleire av dei er pensjonerte byggmeistrar. Tømmer vart felt og grindene vart bygde under tak i ein fabrikklokale ein fekk låne. Dei berande konstruksjonane vart frakta til Auremarka og sette saman der. Huset fekk torvtak og vegger vart bygde av ein mørtel av leire og hestemøkk med eit flettverk av greiner som kjerne. Huset var innvigd sommaren 2020. Det var eit pøsande regnvêr. Likevel kom det 200 menneske. Fleire fekk vi ikkje ta imot på grunn av korona-restriksjonane.  Koronaen legg for tida naturlegvis e<in dempar på bruken, men Bronsealderhuset  blir brukt til formidling for skular og barnehagar og blir også lånt ut til fødselsdagsfestar, møte og andre sosiale samlingar.

Bronsealderhuset er det første tilskotet til ein museumspark på Auremarka. Eit berande element i planen vil vere å byggje opp att Gildehallen. Det er tenkt som eit bygg som ikkje berre skal vere ein attraksjon og ein formidlingsarena for historie, men som også kan bli heile kommunens storstove og ein stad å presentere til dømes musikk og matkultur for turistar og andre tilreisande.

 Arbeidet med gildehallen vil vere så omfattande at det ikkje kan gå vidare som dugnadsprosjekt. Kommunen har teke ansvar for den vidare framdrifta. Konsulentselskapet Segel, som også var konsulent for Sagastad på Nordfjordeid, har levert ein forstudie som konkluderer med at prosjektet vil vere berekraftig økonomisk. Det er snakk om investeringar på 30 millionar kroner. Segel  rår kommunen til å gå vidare med  eit forprosjekt. Så får vi sjå.

 

Tilbake til 500-talet: Korleis var det her på den tida då Gildehallen vart bygd. Vi må gå ut frå at det var ein storgard som låg her med mange hus, som gav husrom til ein storbonde med stor familie, truleg også trellar.Vi kan rekne med at dei hadde husdyr. Dei dyrka korn og lin. Dei hadde gode båtar og fiska i fjorden. Kanskje var karane ofte på jakt etter villsvin eller rein. Dei budde i langhus, som regel med plass for familien i ein halvpart og dyra i den andre.

Men så ser det ut til at noko dramatisk skjedde. Procopius frå Bysants skreiv i sitt verk om Vandalkrigen at det skjedde eit merkeleg under på hans breiddegrader på denne tida. Sola lyste som månen, utan stråleglans. Menneska vart utsette for krig, svolt og anna dødeleg, skreiv han. Solformørkinga kom plutseleg, utan varsel og varte lenge. Ingen kunne forklare kva som hadde skjedd.

Den mytiske Fimbulvinteren er omtalt både i den norrøne mytologien og i det finske nasjonaleposet Kalevala. Myten kan ha sitt opphav i ei høgst historisk hending, meiner stadig fleire forskarar. Forskarane har stussa over at det på 500-talet brått vart slutt på dei rike gravfunna frå hundreåra før.  Det vart også gjort store funn seinare. Men frå 500-talet er det gjort uvanleg få gravfunn. Folk ser ut til å ha blitt fattigare. Det blir tilbakegang i folketal, fleire audegardar og enklare gravferdsskikkar. Skuldast det klimavariasjonar, invasjon av andre folkegrupper eller pest? 

Det var den svenske geografen og myrforskaren Rutger Sernander som alt i 1910 lanserte teorien om at myten om Fimbulvinteren kunne ha ein heilt konkret historisk bakgrunn. Han hadde ein hypotese om at ein kraftig klimakatastrofe hadde ramma Norden på 500-talet.

 Professor Bo Gräslund har lagt fram indikasjonar på at innbyggjartalet vart halvert i Sverige på denne tida. Seinare har andre arkeologar funne belegg for at eit stort tal gardar vart forlatne midt på 500-talet. Store beiteområde grodde att. Norrland i den nordlege delen av Sverige vart truleg så godt som avfolka. Lenger sør i Sverige verka det som folketalet brått vart halvert.

Kari Loe Hjelle, professor i naturhistorie ved Universitetet i Bergen, har vist at menneska brukte Storesætra i Stryn aktivt fram til om lag år 500. Så blir det brått mykje mindre gras og attgroinga skyt fart. Sætra gjekk ut av bruk.

 Forskaren Morten Vetrhus har i ein rapport for Universitetet i Bergen påvist at talet på arkeologiske funn på Jæren vart redusert med 87 prosent rundt år 500. Sjølv i eit fruktbart område som Jæren blir altså delar av landskapet heilt tømt for menneske.

 Svensken Fredrik Charpentier Ljungquist, som både er historikar og klimaforskar ved Universitetet i Stockholm, meiner det må ha skjedd eit enormt vulkanutbrot i året 536 og kanskje endå eitt i år 540. Det må ha skjedd nær ekvator. Kanskje kom den enorme støvskya frå  vulkanen El Chichon i det sørlege Mexico, meiner han. Vi hugsar alle at utbrota frå Eyjafjällajökull på Island lamma flytrafikken i store delar av Nord-Europa i 2010. Men Fimbulvinteren må ha blitt til etter eit mykje større utslepp.

Men viss sola vart gøymd av eit teppe med røyk og støv, ville det ramme folk i nord mykje kraftigare enn dei som budde lenger sør.  Når temperaturen går kraftig ned gjennom  den korte nordiske sommaren, ville det ført til uår og svolt både for menneske og dyr.

Ei ulukke kjem gjerne ikkje åleine. Når avlingane har svikta og menneska er utsvoltne, er dei ekstra utsette for sjukdom. Den justinianske pesten ramma Europa i år 541, altså berre fem år etter at den store Fimbulvinteren byrja. Pesten tok livet av 40 prosent av innbyggjarane i Konstantinopel i løpet av to år. Pesten er påvist så langt nord som Tyskland. Men det er ikkje utenkjeleg at den spreidde seg vidare opp til Norden.

Ei enorm krise må det i alle fall ha vore. På 500-talet vart brått gravhaugane små og lite prangande. Innhaldet var sparsamt. Dei tradisjonelle steinkistene gjekk ut av bruk. Fleire døde vart lagde i flatmarksgraver. Det var meir eller mindre slutt på å finne keramikk eller drikkekar i bronse og glas i gravene. Leirkara blir også borte frå gravene og eventuelt erstatta av kar og bøtter av tre eller kleberstein.

 Skattar er det lite av. Eit unntak er nokre få gullskattar. Den danske museumsinspektøren, mag. art. Morten Axboe, har lansert ein teori om at rikfolk ofra gullet sitt for å formilde gudane, fortel videnskab.dk.

Det ser ut til at dei minste og minst fruktbare gardane vart forlatne og at store og meir sentrale eigedommar vart delte opp i  mindre bruk. Det gamle landbruket var arbeidsintensivt. Massedød førte til mangel på arbeidskraft. Det var umogleg å halde produksjonen oppe. Det er gjort funn som tyder på at husdyrhaldet auka mot slutten av 500-talet. Tidlegare åkerland vart kanskje no brukt som beiteland fordi ein ikkje hadde folk nok til å drive meir intensivt.  

Dersom det er slik at Fimbulvinteren tok livet av halvparten av innbyggjarane i Norden, må det ha hatt store etterverknader. Svartedauden, som kom til Noreg i 1349, tok livet av rundt 60 prosent av den halve millionen menneske som då budde i Noreg. Først 250 år seinare ser det ut til at landbruksproduksjonen er på høgde med tida før pesten ramma.

Det kan verke som  folket kom til hektene mykje raskare etter Finbulvinteren. Høvdingsetet Borg i Lofoten, med ein gildehall på 700 kvadratmeter, vart bygd rundt år 700, altså berre vel 150 år etter Fimbulvinteren. Gildehallen på Aure er å tidfesta mellom år 500 og år 750. Kanskje vart den bygd akkurat då folk hadde begynt kome seg til hektene etter etter den tre år lange vinteren..

Historia frå tida vi kallar førhistorisk – det vil seie tida før dei skriftlege kjeldene – er full av gåter og  uløyste problem. Arkeologien gir nokre svar. Helleristingane nokre.  Fimbulvinteren må ha vore ein katastrofe som sette djupe spor både materielt og kulturelt. For enkeltmenneska må det ha vore skremmande. Når slikt kunne skje, kunne alt skje. Ville snart Ragnarok kome og jorda forgå?

 Likevel bygde dei altså den flotte Gildehallen. Eit prestisjebygg, som skulle vise storbondens rikdom og makt. Eit hus til store festar, for politikk, kultur og religiøse samlingar. Eit prosjekt som skulle vise omverda at her budde det folk som fekk til ting og som fortente respekt.

Dei som bygde hallen, hadde framleis dei vonde forteljingane om den lange vinteren under huda. Bygginga av ein stashall var kanskje ei oppmuntring, eit samlande prosjekt, ein måte å overvinne vanskane og skape samfunnet på ny.  Dei gjorde bruk for det dei hadde av kunnskap, pågangsmot og innsatsvilje. Og dei gjorde sitt beste.

Dette kallar vi skaparglede. Og  nettopp skaparglede er mottoet til Sykkylven kommune. Kanskje kan vi få bygd ein Gildehall på Auremarka igjen, til nytte og pryd for oss alle og som eit symbol på skaparkrafta hos menneska som har budd her langs fjorden gjennom mange tusen år.

 Takk for meg!

(Foredrag Sykkylven pensjonistforening 26.06.2021)


 [KT1]

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne