Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2023

Vêret – eit demokratisk problem

  Lokalvalkampen er i ferd med å kome i gang. Snart står ein skare nye og håpefulle fram og vil ha fullmakt til å navigere oss trygt gjennom den ureine lokalpolitiske skjergarden. Nåja. Nye og nye. Det er vel med politikken som med nymånen. Det blir vel den same gamle.   Utfordringane i politikken er talrike som sandkorn på havsens botn og friske pengar er ikkje til å finne. Dei fleste vegrar seg for politisk ansvar. Demokratiet er under press.   Og vêret blir villare og villare. Dei danske statsvitarane Søren Damsbo-Svendsen og Kasper Møller har i tidsskriftet Electoral Studies gjort ein analyse av den politiske effekten av vêret på valdagen. Dei har gått inn i 34 ulike studiar av samanhengen mellom vêr og valdeltaking i ei rekkje demokratiske land. Resultatet er som venta: Er det regn og ruskevêr, så vel fleire sofaen. Men ikkje i Noreg. Her i Annleislandet er det fleire som møter opp for å velje når det regnar enn når sola skin. Uvêrsdemokratar Ja, er det ikkje det vi allt