Vêret – eit demokratisk problem

 


Lokalvalkampen er i ferd med å kome i gang. Snart står ein skare nye og håpefulle fram og vil ha fullmakt til å navigere oss trygt gjennom den ureine lokalpolitiske skjergarden. Nåja. Nye og nye. Det er vel med politikken som med nymånen. Det blir vel den same gamle.

 Utfordringane i politikken er talrike som sandkorn på havsens botn og friske pengar er ikkje til å finne. Dei fleste vegrar seg for politisk ansvar. Demokratiet er under press.

 Og vêret blir villare og villare. Dei danske statsvitarane Søren Damsbo-Svendsen og Kasper Møller har i tidsskriftet Electoral Studies gjort ein analyse av den politiske effekten av vêret på valdagen. Dei har gått inn i 34 ulike studiar av samanhengen mellom vêr og valdeltaking i ei rekkje demokratiske land. Resultatet er som venta: Er det regn og ruskevêr, så vel fleire sofaen. Men ikkje i Noreg. Her i Annleislandet er det fleire som møter opp for å velje når det regnar enn når sola skin.

Uvêrsdemokratar

Ja, er det ikkje det vi alltid har sagt: Vi norske er mønster-borgarar. Vi kan slå oss på brystet og seie at «det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klær». Vi står fram som heroiske demokratar som kjempar oss fram gjennom storm og uvêr og over hav og vidde for å gjere vår borgarplikt. Viss det ikkje det skulle vere sol då, naturlegvis. Men det er jo så sjeldan.

Skulle vi bry oss om regn, hadde vi knapt kome oss utanfor døra. Regn veit vi korleis vi skal takle. Vi brukar bilen som paraply og har solide allvêrsjakker. OK, kanskje tenkjer vi også: «Det regnar, så vi kan like godt gå å røyste. Dagen er øydelagt likevel». Men vi gjer vår plikt. Nede i Europa er situasjonen ein annan. Der fører krappe regnbyer til unntakstilstand og folk må halde seg heime for å reinske takrenner eller ause symjebassenget.

Men det er ei gruppe som skil seg ut her i landet: Norsk ungdom oppfører seg som utlendingar. For det første er dei i større grad heimesitjarar enn godt vaksne. Og regnar det, skulkar endå fleire. Korleis skal det gå? Det er trass alt eit prioritert politisk mål å få fleire unge til urnene. Kanskje bør vi leggje valdagen til den tid på året der sjansen er størst for at sola skin. Det er dei unge som er framtida. Då får det ikkje hjelpe om fleire av oss gamlisar blir sofaveljarar.

Vêravhengig

 Framleis er det mangt som forskarane ikkje kan svare på. Korleis påverkar regn og sol kva vi gjer med valsetelen før vi puttar han i urna? Det er lett å gløyme å dele ut stemmetillegg eller utøve taktisk stemmegiving når sola steikjer og det alt er fyr på grillen heime. Eit demokratisk problem er det også om sol og regn appellerer ulikt til ulike parti. Ein regnskur eller ei solbye på valdagen kan bety vinn eller forsvinn for dagens ordførar. Kanskje er høgrefolk i småsko og kardigan meir redde for å gå til val når det regnar enn senterpartiveljarane i Felleskjøpet sine grøne støvlar og overallar.

Derimot kan vi rekne med at dei handlekraftige karane med hjelm og sjølvlysande termodressar som flyttar rundt på Moder jord heile dagane, tek styggevêret på strak arm. Kanskje røystar dei Frp. Venstrefolk er individualistiske butikkfolk eller lærarar, som er vidopne for kva det skal vere reint politisk, men kanskje ikkje for styggevêr. KrF- og SV-folk er vane med motbør. Det går til atters med oppslutninga, men dei gjenlevande møter i alle fall tappert fram ved urnene. Veljarane frå Arbeidarpartiet har det kanskje litt for lunt i produksjonshallane på Ekornes og Stabburet og likar ein tur i regnet til vallokalet slik at dei ikkje sovnar til Dagsrevyen.

Eller kanskje ikkje. Dette er hypotesar. Vi seier det slik alle forskarar avsluttar sine innlegg med: Her må det meir forsking til. Viss ikkje, har vi eit demokratisk problem.

 

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne