Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2021

Smått er godt - eller smått stell

  Smått er godt, sa vi før. Men i dag kan ikkje stort bli stort nok. Troms og Finnmark var for små. Hordaland og Sogn og Fjordane også. I det nye fylket Viken bur det i dag 1,2 millionar som plutseleg skal spele på lag. Dei om det. I vårt eige fylke held vi enno futedømmestriden levande og synest Sunnmøre er evig nok.   Fisk og svovel Pandemien har ført til at vi for lengst har fått amerikansk action og tanketomme sitcoms langt opp i halsen. Men no kan vi strøyme filmar og seriar og   velje vår eiga tidtrøyte. Akkurat no er det islandsk det går i på vår skjerm. Island luktar fisk og svovel. Naturen er brutal. Det er langt til alle grannar. Men det er også eit land som hevdar seg. Film- og TV-produksjonen, som det meste anna, held internasjonale mål. Som bonus får vi eksotiske omgjevnader og eit språk som vi nesten forstår og som er ei lyst å høyre på. Island har ein mektig litteratur og stolte tradisjonar og tenner framleis lysande internasjonale stjerner innan idrett, kult