Innlegg

Viser innlegg fra 2016

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne

Av Kjetil Tandstad To ungdomsskuleelevar vart drepne og mange skadde då ein skulebuss køyrde av vegen i Tynesstranda i 1966. Laurdag 3. september og stor stemning i skulebussen til Straumgjerde. Den sjette skuledagen i veka var over. Helga stod for døra. Dei fire grøne skulebussane frå Stranda og Sykkylven Billag vart fylte opp av skuleelevar frå 7., 8. og 9. klasse ved ungdomsskulen for å ta fatt den lange vegen mot Velledalen og rundt fjorden til Sørestranda og Hundeidvik. Blant dei rundt 30 elevane som var passasjerar var det som vanleg eit lykkeleg lurveleven. Storøygde sjuandeklassingar, med berre nokre vekers fartstid på den nye skulen, lytta imponerte til dei store gutane bak i bussen som kunne skryte  av sin erfaringar og sine forventningar til laurdagskvelden. Svak vegkant Alt var som vanleg då bussane køyrde etter kvarandre langs riksvegen innover mot Tynesstranda. Ein møtande personbil køyrde til sides og stoppa. Tre bussar passerte utan vanskar. Men då den fjerde

Lang kamp for promille

I løpet av femti år har Sykkylven endra seg frå tørrlagt bedehusland til eit lokalsamfunn med vin på kafeen, øl i butikken og eige pol. Fremst i striden for skjenkerett på 60-talet stod ein syngjande hotellvert frå Nord-Noreg. For femti år sidan kom Ernst Ellingsen som sjef for  det som sykkylvingane var vane med å kalle Hotellet, men som no fekk  namnet Sjølyst Gjesteheim, etter kvart Sjølyst Turistheim. Sykkylven har lange hotelltradisjonar, men hotellet som den nye hotelldirektøren overtok, var nedslite og gammaldags og med eit elendig belegg.   Ernst Ellingsen var ein frittalande nordlending. Han kom rett frå nattklubben Regnbuen i Oslo og hadde sine profesjonelle erfaringar frå hovudstaden. No ville han satse på hotelldrift i den blomstrande møbelkommunen Sykkylven. Det gjekk ikkje lenge før han gjorde det klart at han måtte ha skjenkerett for spisegjester om han skulle kunne skape eit moderne hotelltilbod. Han viste til at hotella i nabobygdene Ørsta og Stranda var godkjen

Møblar og namn

Å velje namn til born og produkt er noko ein legg omtanke i. Møbeldesignarar og produsentar henta namna frå stjernehimmelen, TV-seriar, adelskap  og jazz, men var underleg forsiktige med å knyte fabrikknamnet  til produktet.   Den  amerikanske mafia-gangsteren Al Capone hadde eit visittkort der han presenterte seg som møbelhandlar. Han hadde ei bruktsjappe for møblar som dekkadresse og hos det amerikanske møbelvarehuset Harvey Norman kan ein enno få kjøpt ein sofa med namnet Capone. Men dette er unntak som stadfester regelen. Møbelseljarar låner ikkje kriminelle namn til sine produkt.  Men frå kongelege, adel, kjendisar og jazzmusikarar – sjå, det er ei heilt anna sak!   Nummer og namn  Den første storseljaren blant fabrikkproduserte møblar i verda var stolane frå den produsenten Thonet i Austerrike. Desse lette stolen med si runde form og rottingsete kom rundt 1860. I 1930 var det selt 50 millionar av  bestseljaren, som gjerne blei kalla kaféstolen,  og dei andre wiener

Store ord flyg forbi

Drastisk språkbruk skremmer ikkje folk i vest. Slikt har vi under huda. «Dei skulle ha vore opphengd med kveiteonglar etter augneloka og tvinga til å blinke». Slik snakka ein kjær slektning og gammal kystskipper. Han kunne seie det om til dømes epletjuvar eller råkøyrarar. Han sa det med eit lunt smil som ikkje etterlet den minste tvil blant oss ungane: Dette meinte han ingen ting av. Det var eventyr og moro. Vi såg det for oss i fantasien og grøssa. Men det var eit herleg grøss, for vi kjende oss heilt trygge saman med verdas snillaste reservebestefar.  Ekte sunnmøringar snakkar rett frå levra og held seg ofte med ein drastisk bildebruk. Vi dyrkar vestlandske tvisyn og krydrar med absurde overdrivingar. Endå så kontoriserte vi har blitt, brukar vi framleis dei gamle metaforane frå primærnæringane. Då kan vi til tider sjokkere meir faktabaserte austlendingar, som er vane med å kun ta spøk for spøk og alvor kun alvorleg. Dei har fatta begge delar dårleg, meiner vi her i vest, som de

Laikar du norsk?

Vi seivar mailen og tek berre ein bitte liten tur innom Face før vi loggar av: Sjå kor mange som har laika meg! Kult!  Det er ikkje til å kome forbi. Vi blir meir og meir amerikanske i hovudet. Boring! , seier tredjeklassingen når ein foreslår noko som ikkje involverer skjermmonster og fastfood. Vi kler oss i rocka sweatshirts, jeans og boots   og proppar i oss bagels og donuts t il vår coffee-to-go. Det er ikkje berre i dagleglivet, der vi brukar amerikanske seriar som forbilde.  I vårt tradisjonelt trauste vestnorske næringsliv annonserer dei etter controllers og CEOs når dei skal ha nye folk. Business-språket vrimlar av ord som downsizing og benchmarking , framført av resultatorienterte, svoltne og innovative leiarar. Meir enn halvparten av lærebøkene som er i bruk på grunnleggjande studium ved universiteta, er på engelsk. Dei  bøkene som enno er norskspråklege, er stinne av engelske faguttrykk, ofte litt fornorska i skrivemåten for å gjere teneste som framandord. Kva h

Talentfabrikken R & R

Ein fellesskapsorientert sykkylving satsa sterkt på unge talent. Rastad og Relling Tegnekontor vart reine talentskulen for våre fremste møbeldesignarar. Endå eit hol i faglitteraturen om norsk møbelindustri er fylt med Mats Linders bok om Rastad & Relling Tegnekontor. Mange vil hugse R & R som ein stilig og ganske dyr møbelbutikk i Klingenberggata i Oslo. Men firmaet inneheldt også eit tradisjonsrikt og respektert designstudio som sette tonen for mykje av formutviklinga innan møbel. Designavdelinga med Adolf Relling i spissen og med ein flokk ferske, men uhyre talentfulle møbeldesignarar etter seg, sette djupe spor gjennom alle dei nyskapande tiåra frå 1943 og fram til rundt 1970.  Interiørarkitekt. Utdanning som interiørarkitekt var ikkje eit opplagt val småbrukarbrør frå Sykkylven kunne kome på i dei tronge trettiåra. Men i Relling-familien var det dette dei ville.  Adolf Relling (1913 – 2006) hadde tidleg fått interesse for snikkaryrket. Som tolvåring  følgde med

Duft av menneske

På sjekkemarknaden er ingen ting er så effektivt som ein dose naturleg kroppslukt, fortel nyare forsking. Vegen til menn og kvinners hjarte går ikkje først og fremst gjennom magen, slik hardnakka gammal visdom vil ha det til. Sidan tidenes morgon har vegen først og fremst gått gjennom nasegrevet. Vi, som andre dyreartar, snuser oss i stor grad fram til våre partnarar. Kven som likar kven, handlar naturlegvis også litt om utsjånad og felles interesser, kanskje også om makt og pengar. Men først og fremst handlar det om lukt. Utan at vi veit det, gjer kroppane våre ein diskret duftanalyse når vi kjenner kjærleiken overmanne oss. Så gir han sine råd til vårt umedvitne, anten: pass opp, her er det noko som ikkje stemmer. Eller: Full klaff! Her er det berre å køyre på. Lånte fjør. Det skal ikkje stikkast under stol at industriframstilt godlukt kan gi eit imponerande i nntrykk. Både den hardtslåande fjortisparfymen Axe (Don’t use it, if you don’t mean it ) eller den feminine varia

Skjønne milde

Skjønne milde Kom mai, du skjønne milde, syng vi i desse dagar og med god grunn. I morgon får vi det som vi vil. April er ein berre lovnad det er opp til mai å halde, seiest det. Av og til held det hardt og ofte må ein også få hjelp frå juni, juli og august før våryre forventningar så nokolunde er innfridde. Og mai skal det bli også i år – i morgon den dag. Lauvsprett. Mai er månaden for lauvsprett og grønkande lier, chickelacke og lavesko, arbeidartog og lønnsmekling på overtid, nasjonaldag med pølser og motvind og pinsefest med bunad og blandakor. I mai høyrer vi fuglesong og måseskrik. Mai er månaden då bunadsskjortene skal hengast til bleiking i sola samtidig som bøndene finn det tørt nok til å våge seg ut på bøane med gyllevogna. Lyden frå motorsager og grasklipparar skal blande seg med den skadefro låtten til hageeigarar som nettopp har fått brunsniglar i ølbollen. No blir dei klipte i fire med kjøkkensaks av ei fredens bestemor som synest at døden i dette tilfell

Heim til mor

Brexit. Folk blandar seg i politikken og rotar det til:  Men er det EU dei vil bli kvitt  med Brexit – eller er det politikarar som lengtar heim til mor? Uregjerlege veljarar har  prega sommaren. I Storbritannia vil fleirtalet ut av EU. Saka splittar stormakta i den grad at vi snart kan snakke om Little Britain. For å føye skam til skade, tapte landet for vesle Island i fotball. Det er like forsmedeleg som torskekrigen på syttitalet då den islandske kystvakta trassa den britiske marinen og kutta trålen til britiske konkurrentar på fiskefeltet. Spesielt. Det har alltid vore noko spesielt mellom nordmenn og britar. Derfor skjelv vi på deira vegne, no når dei skal ut av EU, endå vi sjølve har det bra utanfor.  Våre kongehus er næraste slekta. Britiske hamnebyar var den første byen mange vestlendingar kom til. Når radiomannen Richard Hermann kåserte i radio om sære skikkar og tradisjonar på dei britiske øyane, sat vi som tende lys framfor radioapparata. Britisk TV-teater, britisk

Moro med ord

Moro med ord Nærlesing og jakt etter språklege krumspring gir utløp både for  pirkelyst og skadefryd. Det meste blir samla i Facebook. «Eg er sjokkert, men ikkje overraska», sa idrettsgeneralen Gerhard Heiberg ein av dei mange gongane han har måtta kommentere endå ein skandale i toppidrettsmiljøet. Sjokkert er det vanleg å vere i media. Veldig få innrømmer at  dei er overraska. Lesaren sjølv må ta stilling til om det er mogleg  å bli sjokkert når ein høyrer om noko  som slett ikkje kom overraskande. Må ikkje eit  sjokk vere plutseleg? Eller er sjølve sjokket framkalla av at noko ein lenge har visst plutseleg har blitt allment kjent? Gartnarar. Så konspiratorisk kan ein spekulere  om språk, om ein er slik skapt. Og det er vi, mange av oss, anten vi no er ute etter å pirke på andre eller gjer det av godhug og idealistisk  ansvar for det norske  språket. Ivrige gartnarar i språkets kjøkkenhage har funne seg ei bot på Facebook kalla  Språkspalta. Her blandast språklege blødmer,

Etter julis silke

Folk kjem frå Syden og meiner vi må ha hatt det kaldt, vi som har vore heime.  Dei har vore 14 dagar i Provence. Den siste ferieveka har dei spart på for å ta uslegne grasplenar og overgrodde blomsterbed tilbake frå den invaderande naturen. Dei  klagar på overskya vêr og sporadiske regnbyger. Ein  lang og våt vinter står no mellom oss og neste sommar. Om vi får leve og ha helsa. Von dess.  Men kjære kyrkjefolk, seier vi som har vore heime heile ferien. Hugsar dei ikkje alle dei solblanke men rett nok kalde soldagane i juni? Det vart så tørt at vi måtte vatne plenen. I juli har kanskje dagane ikkje vore like tørre og solblanke. Men temperaturen har vore god. Og dei få regnskurane vi har hatt, har kome vel ved. Juli såg nok dårlegast ut for dei som sat med nettbrettet i utlandet og sjekka ferievêret heime. Ei regnsky har som regel vore med i varselet, sjølv om ein ved nærare ettersyn kunne lese seg fram til at sannsynet  for å få byga i hovudet berre var til dømes 36 prosent. Det