Skjønne milde

Skjønne milde

Kom mai, du skjønne milde, syng vi i desse dagar og med god grunn. I morgon får vi det som vi vil.

April er ein berre lovnad det er opp til mai å halde, seiest det. Av og til held det hardt og ofte må ein også få hjelp frå juni, juli og august før våryre forventningar så nokolunde er innfridde. Og mai skal det bli også i år – i morgon den dag.

Lauvsprett. Mai er månaden for lauvsprett og grønkande lier, chickelacke og lavesko, arbeidartog og lønnsmekling på overtid, nasjonaldag med pølser og motvind og pinsefest med bunad og blandakor.
I mai høyrer vi fuglesong og måseskrik. Mai er månaden då bunadsskjortene skal hengast til bleiking i sola samtidig som bøndene finn det tørt nok til å våge seg ut på bøane med gyllevogna. Lyden frå motorsager og grasklipparar skal blande seg med den skadefro låtten til hageeigarar som nettopp har fått brunsniglar i ølbollen. No blir dei klipte i fire med kjøkkensaks av ei fredens bestemor som synest at døden i dette tilfellet er ei straff som er alt for mild.

Polert pastell. Hagefolket gjer seg ferdige med kalking og gjødsling og brukar no feriepengane på forskot på Plantasjen for å realisere sine grøne draumar. Trampolinane som bles av garde i vinter, er no fanga inn att og komne på plass på plenane med spretne ungar på. Båtar og badeflåtar skal på vatnet og veteranbilar blir trilla ut av vinterhiet. Etter mørke månader med hendene svarte av spillolje og rustmiddel, er det tid for sjarmøretappar. Kva anna har ein oljeblank mekanikar drøymt om heile vinteren enn å kunne sitje tilbakelena i eit flak av ein amerikanar i polert pastell og gli silkemjukt gjennom norsk natur med ei sky av blå røyk frå forkromma eksosrør etter seg.
I mai skal vi ta att alt vi har forsømt på treningsfronten gjennom ein lang vinter. Sofaslitarar  har gått på vekta og bestemt seg for å ta grep. Første steg er ein tur på Moa for å skaffe joggesko i neonfargar og fargesprakande treningstøy, kjøpt for å vekse seg mindre i. Så er det å kople på pulsteljar, GPS og øyrepluggar til Spotify før dei hiv seg ut i det: Her gjeld det å overdøyve kroppens signal.
 Sjølvdisiplin åleine er ikkje nok, skal spora etter vinterens synder vere borte før badesesongen.

Knopp. Mai er månaden då naturen knoppar seg  og sprett ut. Som bjørk og kratt, rosebusker og årets russ. Dei sist nemnde verkar å bli yngre og yngre for kvart år. Det er ikkje berre dei siddrumpa snikkarbuksene  og det ustø ganglaget som gjer det. Russene er ungdom i  knopp når dei opnar russetidas med grisefest. I tråd med gammal  sed og skikk brenner dei sine lys i alle endar gjennom ein intens periode.
 Det avblomstra resultatet får vi alle sjå når dei er ute og sel russeaviser  på nasjonaldagen. Sic transit gloria mundi: slik forgår verdas herlegdom, grip vi oss å tenkje, vi snusfornuftige som har ei aning om  tømmermenn. Men vi prøver å ikkje å seie for mykje om det, endå vi absolutt har relevante erfaringar. Russen er ny i verda og er  i sin fulle rett til å gå på sine eigne smellar dei kan lære av.

 Gamle dagar. Gammalt folk hugsar dessutan berre det dei vil frå gamle dagar og forstår ikkje heilt at deira velmeinte råd ikkje er like aktuelle for nye slekter. Så kven er vel vi  til å kritisere? Har vi ikkje vi gamlisar nok med eigne problem?

Personleg har vi vanskar med korttidshukommelsen. I tillegg har vi litt vanskar med korttidshukommelsen. Kva vi skulle ha sagt? Ikkje anna enn lykke til med våren – også for oss som nærmar oss livsens haust.


Kjetil Tandstad

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne