Etter julis silke



Folk kjem frå Syden og meiner vi må ha hatt det kaldt, vi som har vore heime.
 Dei har vore 14 dagar i Provence. Den siste ferieveka har dei spart på for å ta uslegne grasplenar og overgrodde blomsterbed tilbake frå den invaderande naturen. Dei  klagar på overskya vêr og sporadiske regnbyger. Ein  lang og våt vinter står no mellom oss og neste sommar. Om vi får leve og ha helsa. Von dess.

 Men kjære kyrkjefolk, seier vi som har vore heime heile ferien. Hugsar dei ikkje alle dei solblanke men rett nok kalde soldagane i juni? Det vart så tørt at vi måtte vatne plenen. I juli har kanskje dagane ikkje vore like tørre og solblanke. Men temperaturen har vore god. Og dei få regnskurane vi har hatt, har kome vel ved.

Juli såg nok dårlegast ut for dei som sat med nettbrettet i utlandet og sjekka ferievêret heime. Ei regnsky har som regel vore med i varselet, sjølv om ein ved nærare ettersyn kunne lese seg fram til at sannsynet  for å få byga i hovudet berre var til dømes 36 prosent. Det var altså 64 prosent sjanse for opphaldsvêr. Sunnmørspatriotar har irritert seg ein tanke over den påfallande pessimismen blant meteorologane som har skremt både turistar og feriegjester. Dei mest mistenksame har til og med spekulert over samanhengen mellom dei hyppige regnbygene i varsla og det faktum at spåmennene er sponsa av allvêrsjakke-produsenten Bergans.

Så vondt trur vi ikkje om dei som styrer med vêret i media. Men  temperaturen har vore behageleg høg i heile månaden. Regnbygene har sjeldan vart særleg lenge. Etter regnet har vi kunne gått på tur gjennom nyvaska natur i ei luft som ein ikkje kan drikke seg utørst av. Jammen har dei god råd på naturopplevingar, dei som vil bytte vestlandssommaren med ei varmedirrande strand der menneska ligg som pølser på grillen og let seg steikje i fresande sololje med solfaktor 25.

Eit Syden-opphald gjer noko med den menneskelege termostaten. Ein får gåsehud alt på flyplassen når ein kjem ut i sunnmørsk normalvêr og synest ein må dra på seg fleece-jakka når det er så lite som femten varmegrader. Etter to veker med tropesol frå blå himmel, kan ein velje å syte over nordatrekk og drivande skoddeflak når ein kjem heim. Eller ein kan minne seg på kvar ein kjem ifrå og utsetje klaginga til det er grunnlag for det – til dømes eit stykke ut i november.

For framleis er det utevêr. Juli var feriemånaden med kjærkomne solbyger, badeliv og lyse netter. I august er det skume kveldar med mygglys og melankoli over ferien som er forbi. Framleis kan ein sjå moreld på fjorden og ein månesigd bak fjellrekkjene kvar gong ein hevar blikket frå jakta på nedfallsfrukt og mordarsniglar. Aldri er duftene frå hagen meir bedøvande og nattehimmelen meir stjernestrødd enn slike kveldar i august.

Dagane blir kortare og kveldane lengre. Likevel er det framleis sommar på fjell og sjø og alt for tidleg å gi opp det mjuke mørkret på terrassen til fordel for det kalde TV-lyset i stova. Lyrikaren Rolf Jacobsen (1907- 1994) var ein av dei som kunne setje ord på sommarens gang.

Etter julis silke
kommer august med fløyel
og brennende lys.
De blussende kinnenes måned
da brystene er tunge
og brune av sol. Modningens tid.
Keiserens måned. Ikke vent.
Elsk
i august. September
kommer snart med sine rynker
og sin tørre munn.
Se – svalene skyter med piler.
Huj-huj, hør latteren. Plutselig
er det din tur.



Kjetil Tandstad


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne