Innlegg

Viser innlegg fra november, 2021

Harde pakkar

  Så er dagen komen med si glede og barnlege lyst. TV-en er full av julemusikk og gamle julefilmar. Juletreet er stivpynta med ei røys av gåver under som vi alle har lyst til å kjenne på: Kven får den store der? Blir det hard eller mjuk pakke på oss i år? Slik tenkjer vi at det framleis er, i alle fall for dei yngste, der dei sit med sine ipadar og spelkonsollar og gumlar ostepop i sofaen medan dei ventar på grauten og ribba og julegåvene. Tida gjekk aldri   tregare enn desse timane med spent forventning, hugsar vi. Dei mjuke pakkane var greie nok. Men ein hard pakke kunne vere ei bok, kanskje den siste om Hardy-guttene, meisterdetektiv Blomquist eller om indianarguten Lerstrømpe i dei djupe amerikanske skogane. Vi hadde ikkje TV den gongen. I femtiåra fann vi dramatikken mellom permar. Det skulle ikkje mykje til før vår indre filmframvisar slo seg på og rykte oss ut av kvardagen. Detektivheltane Frank og Joe   Hardy vart livs levande. Vi hadde aldri vore i Sverige eller Amerika. L

Møbelnamn

    Namn seier mykje. Det ligg omtanke bak val av namn. Kva synest vi er fint, kven vil vi kalle opp att? Kva slags namn tenkjer vi vil gjere inntrykk, kva namn er lette å hugse. Namna seier mykje om dei som vel namn på sine hjartebarn. Det gjeld folk og kjæledyr. Og det gjeld møblar. Den amerikanske storgangsteren Al Capone   skal ha brukt å presentere seg som møbelhandlar. Han hadde ei bruktsjappe for møblar som dekkadresse. Dette var i dei tider i Chicago då ei felekasse like ofte kunne innehalde ein maskinpistol som ein fiolin. Det amerikanske møbelvarehuset Harvey Norman   hadde i mange år ein sofa som heitte Capone. Det seier kanskje litt om kva ideal dei amerikanske møbelkundane har. Her i landet trur eg ikkje ein har kalla opp nokre hardbarka kriminelle enno. Kanskje om det var ein folkehelt som Gjest Baardsen. Men kongelege og adelege derimot – dei hadde namn som møbelindustrien gjerne lånte. Og utanlandske hovudstader og badebyar. Og kjendisar av alle slag og musikk.