Harde pakkar

 

Så er dagen komen med si glede og barnlege lyst. TV-en er full av julemusikk og gamle julefilmar. Juletreet er stivpynta med ei røys av gåver under som vi alle har lyst til å kjenne på: Kven får den store der? Blir det hard eller mjuk pakke på oss i år?

Slik tenkjer vi at det framleis er, i alle fall for dei yngste, der dei sit med sine ipadar og spelkonsollar og gumlar ostepop i sofaen medan dei ventar på grauten og ribba og julegåvene. Tida gjekk aldri  tregare enn desse timane med spent forventning, hugsar vi. Dei mjuke pakkane var greie nok. Men ein hard pakke kunne vere ei bok, kanskje den siste om Hardy-guttene, meisterdetektiv Blomquist eller om indianarguten Lerstrømpe i dei djupe amerikanske skogane.

Vi hadde ikkje TV den gongen. I femtiåra fann vi dramatikken mellom permar. Det skulle ikkje mykje til før vår indre filmframvisar slo seg på og rykte oss ut av kvardagen. Detektivheltane Frank og Joe  Hardy vart livs levande. Vi hadde aldri vore i Sverige eller Amerika. Likevel såg vi Astrid Lindgrens  tungnemme skurkar og amerikanske indianarane i full HD for vårt indre auge. I vaksen alder har naturlegvis den meddiktande evna minka ein tanke og blitt mindre fargerik. Den flimrande skjermen har blitt ein sterk konkurrent til boka for oss alle. Men framleis er det kjekt å lese og kunne vere sin eigen kinomaskinist.

Same kva folk seier: Boka er framleis vårt mest fullkomne litterære medium. Ho er lett å flytte på, går ikkje tom for straum og plagar oss ikkje med reklame. Ho kan stå urørt i bokhylla i generasjonar utan oppdatering for så å bli oppdaga og gi oppleving til ei nyfiken sjel hundre år frå i dag. Men er det nokon som gler seg over harde bokpakkar under treet lenger, spør vi oss, vi engstelege eldre.

 For dagens unge er det film og spel på skjerm som gjeld. Spennande historiene står i kø og vil bli sett. Med maksimalt utpensla drama og utspekulerte farge- og lydeffektar får vi spenninga rett i fanget. Ein treng ikkje lenger fantasere fram sine eigne bilde. Disney og Marvel og Viaplay leverer dei fiks ferdig på netthinna, det er  berre å svelge unna. Derfor går vi alle med dei same bilda i hovudet av Harry Potter og den vonde fyrst Voldemort. Begge er ferdig uttenkte og forma av Potter-regissør David Yates og hans gode hjelparar i studio.

Det er strålande gjort. Flotte manusforfattar, gode skodespelarar og ufattelege summar er brukt for å lage filmane som barnebarna kan late seg underhalde av på alle plattformer og når som helst. Men når filmen er ferdig, er det då  noko meir å dikte vidare på? Eller visnar fantasien og den bildeskapande evna på grunn av manglande bruk og all den åndelege ferdigmaten vi set til livs?

Eit gledesvrinsk frå gåvehaugen over ein hard bokpakke i kveld vil i alle fall få denne gamle lesehesten til å humre fornøgd.

(Nyss 24.12.2021)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne