Møbelnamn

 


 

Namn seier mykje. Det ligg omtanke bak val av namn. Kva synest vi er fint, kven vil vi kalle opp att? Kva slags namn tenkjer vi vil gjere inntrykk, kva namn er lette å hugse.

Namna seier mykje om dei som vel namn på sine hjartebarn. Det gjeld folk og kjæledyr. Og det gjeld møblar.

Den amerikanske storgangsteren Al Capone  skal ha brukt å presentere seg som møbelhandlar. Han hadde ei bruktsjappe for møblar som dekkadresse. Dette var i dei tider i Chicago då ei felekasse like ofte kunne innehalde ein maskinpistol som ein fiolin. Det amerikanske møbelvarehuset Harvey Norman  hadde i mange år ein sofa som heitte Capone. Det seier kanskje litt om kva ideal dei amerikanske møbelkundane har. Her i landet trur eg ikkje ein har kalla opp nokre hardbarka kriminelle enno. Kanskje om det var ein folkehelt som Gjest Baardsen. Men kongelege og adelege derimot – dei hadde namn som møbelindustrien gjerne lånte. Og utanlandske hovudstader og badebyar. Og kjendisar av alle slag og musikk. Og norske møbeldesignarar har alltid hatt veldig sans for jazz.

Thonet heitte den første storseljaren blant fabrikkproduserte møblar. Den austerrikske produsenten Thonet opererte rundt 1860. Han kalla stolane sine opp etter seg sjølv og selde 50 millionar av dei verda over. Den som selde aller best var den som har blitt kalla Kafestolen.

 I 1905 kom ein regulerbar tysk kvilestol. Den heitte Sitzmaschine og var konstruert av  Josef Hoffmann. Det står ein liten modell av den utstilt på Møbelmuseet. Eg har ikkje prøvd originalen, men han såg veldig ubehageleg ut, sjølv om han kunne regulerast i ryggen.

Designaren Marcel Breuer var modernist og minimalist og kom med ein modell han kalla B3 i 1925. Kollega Mart Stam hadde sin Stuhl W1.  Det var ganske minimalistisk, det også. Seinare, når møbelutvalet vart meir variert, vart det meir viktig å beskrive produktet. Dansken Hans B. Wegener kom med 3-Benet Skalstol i 1963. I 1964 kalla den finske produsenten Kukkapuro  sin svingstol for Karuselli. Då forstår du at den går rundt for ein.

Kva så med norske møblar? Her rådde lenge den sunnmørsk puritanismen. Skrytenamn satsa ein ikkje på. Namna på modellane var helst til innvortes bruk. Dei første korgstolane frå Sykkylven Kurvmøbelfabrikk vart lansert frå 1921 hadde namn som  Nr. 70 og Nr. 71. På Hjellegjerde slo dei til i same tradisjon: Det var  Nr. 110, Nr. 130, Nr.150  og Nr. 230. Berre ein sofa frå Hjellegjerde hadde eit skikkeleg dronningnamn den første tida; Victoria.

Men så tok det litt av: «Som svanen hviler på vannet, like godt vil De hvile på Svane-madrassen,» reklamerte Ekornes. Og Svane var ikkje berre madrassar.  Svanett , «sofa, seng og bord i ett» kom i 1956. Svane 4 hadde ikkje fjør, men var den første hudmodellen. Svane Columbus var den første kvilestolen med vipp og sving.

Ingmar Relling døypte også dei første produkta sine med nummer i starten.  Men på sekstitalet var det nyskaping, også i namnevegen. Det gjekk ikkje lenge før også sunnmøringane kasta seg på den internasjonale trenden.

Relling var tidleg ute. Den  samanleggbare Nordic frå 1954 var eit tidleg eksempel. Han hadde ambisjonar utover dei norske grensene. I 1965 kom  Siesta, som den gongen var eit framandord på spansk for den sunnmørske middagsluren. Og så kom internasjonale namn på løpande band; Base, Optima, Rest, Nobel, Flair. Namna var ikkje berre pynt. Til dømes Combina frå Ekornes, og namn som Flex og Wave var også namn som fortalde om kva slags produkt det var.

 Skikkeleg nyskapande var namnet Stressless. Det høyrest ut som  engelsk, men det var Made in Sykkylven. Nærare bestemt i hovudet til Erling Ekornes i marknadsavdelinga hos Ekornes. Han var ung og tok tida på pulsen. På engelsk er stressless eit omgrep frå fonetikken og blir brukt  om «trykklett staving».

 På norsk var stress moteord nummer ein på syttitalet. Å vere stressa, det var noko som  kjenneteikna folk med store oppgåver, stort ansvar, mange ballar i lufta. Det var nesten positivt ladd. Men stress kunne også gi magesår og det som verre var. Så då ein måtte stresse ned, eventuelt av. Og å stresse av den gongen var å ligge rett ut i ein kvilestol og sjå på TV. Vart ein for stressa, måtte ein stresse less, altså mindre, heilt til at ein kjende seg heilt stressfri, altså stressless.

Når dei først byrja med skikkelege namn på møblar, var det først vanleg med norskklingande namn. Ekornes laga ein etterspurd sovesofa  nokre år etter krigen. Dei var ganske åleine på marknaden med eit slik kombinasjonsmøbel og brukte namnet Sofa-seng.

Hjellegjerde slo til med Blinken og Bravo og En-To og gjorde stor suksess. Brunstad tok spranget då ein bikka sekstitalet og pynta modellane sine med namn som Oslo og Venus, King, Knoll,  Sjeik og Roma. Brunstad ville signalisere luksus. Kvilestolen Rolls heitte nok oppatt etter Rolls-Royce. Tiki frå 1985 var nok oppkalla etter Kon-Tiki-ekspedisjonen. Det luksuriøse og urbane hadde appell. Lord og Diana var lånte fjør frå britisk adel. Kvilestolen i skinn fekk namnet Viking. Norrøne sjørøvarar hadde høg status både heime og ute.  

Komande forsking må finne ut  kor mange norske møbelprodusentar som har brukt namn som Manhattan, New York, London og Paris på sine møblar. Og det  galt å ikkje vere beskjeden. Produsenten av ein stol som kunne gjerast om til seng med eitt handgrep, valde namnet Genial sengestol.

På sekstitalet var møbelbransjen i ferd med å bli internasjonal. Då nytta det ikkje lenger med ein hjørnesofa som heitte Krå-kos, som hadde fungert for  Brunstad nokre år. Hjellegjerde brukte eit namn som Arvo. Som høyrest ut som  eit finsk mannsnamn. No valde ein fritt blant greske gudar og stjernene på himmelen: Som Neptun, Vesta og Pollux. Og Capello, som var ein kjend fotballspelar på denne tida. På syttitalet vart bransjen  endå meir internasjonal. Då gjekk det i  Carina, Fortuna, Colombi, Mira. Luna, Nova og Capilla. Og naturlegvis: Corona. Dei skulle berre visst!

Trenden frå himmelrommet heldt seg også godt inn i 1980-åra. Vi hadde landa på månen. Vi kalla møblane våre for Sirius, eller Pilot, Spring og Tilt. Og det kom meir eksotiske namn; Sirrah, Targa, Salma, Altea og Riegel. Den siste inspirert av den tyske turistbyen – eller kanskje endå meir truleg - den populære Freia-sjokoladen med same namn.

Utanlandsk og kraftfullt skulle det vere, også i på nittitalet. Som Mustang etter den amerikanske sportsbilen og Mirage etter det franske jetflyet. Og så kom år 2000, det året då folk trudde at alle datamaskinar skulle krasje. Då var det  behov for fast leiarskap. Møblane fekk namn som Alfa, Boss og Admiral eller adelsnamn som Hertug og Lady. Eller ein lokka med det gode og avslappa liv og evig solskin: Living og Sunset.

Formfin hengde seg også på den internasjonale trenden med namn som Uno og Athene, Mobile, Swing, Thea og Venus. Di meir moderne ein var, di kortare namn. L.K. Hjelle skifte ut sin tradisjonelle modellar med moderne former og brukte minimalistiske og ganske uforståelege namn som  Fam, Hal, Kavai og My.

Ikea er eit tilfelle for seg. Dei skal visstnok ha hatt  eit system som gjekk ut på at sofaer og stolar  skal heite opp etter svenske byar og tettstader, at kjøkkenting skal heite opp att etter sopp eller fisk og hagemøblar skal heite opp att øyar og at tepper skal ha namn etter danske tettstader.

Praksisen har nok blitt litt utvatna dei siste tiåra. Vel har dei lenestolar som heiter Ekenäset, Volmar eller Flintan, eller Uhuru, Pello eller Tullsta. Ei  spisestue heiter Smaska og ein gynge-elg fekk namnet Ekorre – altså ekorn på svensk. Noko seier meg at dei som lagar IKEA-namna i dag ikkje alltid har adresse Småland lenger.

Ein trend  har vore stor gjennom mange tiår: Musikk. Vi har naturlegvis hatt namn som Menuett og Symfoni. Hjellegjerde hadde sofagruppa Mantovani, som var eit orkester som ofte var i Ønskekonserten. Men det er tydeleg at jazz hadde appell til designarar. Peter Opsvik og saksofonen hans var med i Christiania Jazzband i ein mannsalder. Svein Gusrud spela i Stokstad Jensen og Magnolia. Jan Lade spelar  i Blue Horn og Svein Asbjørnsen i Credo Brass. Ikkje rart at også Ekornes følgde opp med Stressless Jazz og fekk designpris for den. Og dei gjekk vidare med Stressless Blues.

Likevel, få formgivarar har brukt jazzen meir gjennomført enn designarane Dave Vikøren og Steinar Hindenes i designgruppa Circus frå Bergen. Her finn vi møblane Mingus etter Charlie Mingus, Coltrane etter  John Coltrane, teppet Cannonball etter Cannonball Adderley, stolen Monk etter Thelonius Monk, Dei har også laga sofaen Be Bop og skapet Bird etter Charlie «Bird» Parker, modellane Young etter Lester Young, Webster etter Ben Webster  og Getz etter Stan Getz.

Og så, når vi er her på Cylindra, så kan vi ikkje anne enn kose oss med Peter Opsvik sine nyskapande namn. Her kan vi  sjå på skåp med namn som Naboskap, Lidenskap og Troskap. Ta ein runde rundt i huset og  kos dykk med spenstige Opsvik-namn.

Men det er noko til: Skal ein selje, må ein ikkje vere blyg. Det har møbelseljarane lært seg. I den tøffe møbelmarknaden må ein ligge frampå med heile brystkassa.  Og då er det merkeleg at det skal vere så vanskeleg å  få dei til å merke møblane sine med fabrikknamn.

Kjøper du eit kjøleskap eller ei vaskemaskin eller ein bil, så reknar med at produsenten har plassert varemerket og modellnamn godt synleg og klistra det fast på produktet. Det gjorde ikkje møbelprodusentane for nokre tiår sidan. No har dei så smått og stort sett kome ut av skapet.

Det er eit mareritt å vere møbelhistorikarar skal identifisere gamle møblar. Som regel er det ikkje så mykje som ein del av eit klistremerke til hjelp. Det finst ei heil sjølvhjelpsgruppe ute på nettet som hjelper folk  med å finne ut kva møblar dei har kjøpt på brukthandel. Der sit det folk som likar å drive detektivarbeid for å finne produsent og produksjonsår på eldre møblar.

Eg har naturlegvis spurt møbelfolk kvifor dei er så hemmelegheitsfulle. Eg har aldri fått eit skikkeleg svar, dei seier berre at det var ikkje vanleg den gongen. Folk som er meir mistenksame enn eg er, kunne ha trudd produsentane heldt sin identitet skjult for å sleppe at dei som hadde reklamasjonar ikkje skulle få tak i dei, Det trur ikkje eg. Eg reknar med at det er ekte sunnmørsk blygskap og frykt for å stikke seg ut som ligg til grunn. Takk for meg.

(Kåseri, Venneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter på Galleri Cylindra 28.11.2021.)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne