Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2021

Livet og den frie viljen

  Kva er meir meiningsfullt enn å diskutere meininga med livet, også i lokalavisa. Jakob S. Højlund tek eit oppgjer med Lars Jørgen Vik som meiner at mennesket sjølv må gi livet sitt ei meining. Nei, meiner presten i Sunnylven og Stranda. Viss folk skal finne ut av slikt på eiga hand, blir dei rotlause og konstant søkjande.   No skal eg som ein enkel humanetikar vere varsam med å gå i teologisk klinsj med ein ordinert prest om tolkinga av dei vakre fablane i Bibelen. Men slik eg har forstått det, gjorde Adam og Eva som dei ville og ikkje som dei skulle då dei forsynte seg av Kunnskapens tre.   Dette var ingen vanleg apal.   Her voks det kunnskap og tankar som ikkje var tiltenkt mennesket. Adam og Eva hadde brukt sin frie vilje og trassa reglementet. Resultatet var bortvising   frå Paradiset. No måtte både dei og   menneska som kom etter dei, greie seg sjølve. Det gjorde dei også, på det viset som var. Det var eit vanskeleg liv. Til hjelp dukka det opp kloke koner, sjamanar og hei

Lykkeland

  «BNP måler alt, bortsett frå det som gjer livet verdt å leve», sa Robert Kennedy i 1968. Bruk og kast er noko vi ikkje er glade i. Likevel er dette ein aktivitet som hjelper oss å nå eit overordna mål, nemleg høgare BNP. Brutto nasjonalprodukt er summen av alle varer og tenester som blir produsert i løpet av eitt år, minus dei varene og tenestene som blir brukt i denne produksjonen. All produksjon av til dømes plast, tener til å auke vår BNP. Og endå betre: Blir plastureininga så stor at vi må reinse verdshava, blir det endå meir økonomisk aktivitet og høgare BNP. Og endå meir registrert velstand for oss alle. Det er naturlegvis galskap. For BNP seier ikkje noko om fordeling. Ikkje om menneskerettane, helsetilstanden eller velferden for born eller gamle. Men økonomar liker ikkje nye kategoriar. Fordelen med BNP er at det er lett å samanlikne frå land til land og frå år til år. Ulempa er at metoden ikkje måler det vi   eigentleg er ute etter. I statsbudsjetta er det gjerne til