Livet og den frie viljen

 


Kva er meir meiningsfullt enn å diskutere meininga med livet, også i lokalavisa. Jakob S. Højlund tek eit oppgjer med Lars Jørgen Vik som meiner at mennesket sjølv må gi livet sitt ei meining. Nei, meiner presten i Sunnylven og Stranda. Viss folk skal finne ut av slikt på eiga hand, blir dei rotlause og konstant søkjande.

 No skal eg som ein enkel humanetikar vere varsam med å gå i teologisk klinsj med ein ordinert prest om tolkinga av dei vakre fablane i Bibelen. Men slik eg har forstått det, gjorde Adam og Eva som dei ville og ikkje som dei skulle då dei forsynte seg av Kunnskapens tre.

 Dette var ingen vanleg apal.  Her voks det kunnskap og tankar som ikkje var tiltenkt mennesket. Adam og Eva hadde brukt sin frie vilje og trassa reglementet. Resultatet var bortvising  frå Paradiset. No måtte både dei og  menneska som kom etter dei, greie seg sjølve. Det gjorde dei også, på det viset som var. Det var eit vanskeleg liv. Til hjelp dukka det opp kloke koner, sjamanar og heilage menn, folkeforførarar og religionsstiftarar, etter kvart også vitskapsfolk, kvar med sine råd og forteljingar. Så sant menneska fekk lov til å bestemme, brukte dei sitt beste skjønn for å skille tøv frå sanning, visdom frå svermeri.

 Den gjekk nokre millionar år før Jesus kom på banen med sitt svar på kva som er meininga med livet. I dag står han på det store livssynstorget med sitt svar saman med alle dei andre. Det kan vere vanskeleg å velje. Men det er heldigvis menneskets lodd.

Kjetil Tandstad

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne