Bilen min får du aldri

 

Vi er villige til å ofre mykje for å berge klimaet. Men vi ofrar ikkje bilen.

Vi kjeldesorterer og plukkar plast. Vi prøver å reise mindre med fly og et økologiske gulrøter til middagen. Men så er det bilkøyringa, som klima-aktivistane også vil ha oss til å kutte ned på. Nei og atter nei, skrik vi lydlaust innvendig. Skal vi tilbake til den tida då vi sykla til butikken i regnvêr og sjangle oss heim att med fulle plastnett på kvar side av styret?

 Nei, bilen greier vi oss ikkje utan. Han er uvurderleg som framkomstmiddel. Vi brukar han også som paraply når det regnar og vi skal ein snartur til postkassa.  Vi kunne naturlegvis gått til fots til treningssenteret som ein del av trimmen, men det synest vi ikkje vi har tid til.

Så er det det at har ein først brukt bortimot ein halv million kroner på bil, vil ein nødig øyde pengar på bussbillettar. Ein kjenning hadde bilen på service. Han såg litt forkomen ut og  smilte letta då vi  tilbaud skyss. Han kunne naturlegvis ha teke bussen, sa han. Men det var minst tjue år sidan sist og han visste sant å seie ikkje korleis. Har sjåføren framleis pengeveske? Eller brukar dei Vipps?

 Bilen  er vår kyrkje, noterte forfattaren Karsten Alnæs. Bilen er i alle fall ei naturleg forlenging av heimens hygge og ro. I bilen  kan vi vere for oss sjølve. Vi spelar musikken vi likar og kan synge både så falskt og så høgt som vi berre vil. Køyrer vi eigen bil, er vi heime, sjølv om vi heimanfrå.

Dei fleste av oss køyrer etter kvart elektrisk. 2022 var det første året det vart køyrt fleire kilometer med elbil enn fossilbil. Ni av ti nye bilar er i dag elektriske. Det går altså rette vegen. Men å ha elbil gir inga syndsforlating i miljørekneskapen.

 Også elbilen skal produserast, noko som krev både energi og råvarer. Sjeldne metall trengst til batteria. Dei tunge doningane slit kraftig på asfalten. Det beste for klimaet ville vere om vi stiller i  busskuret og deler lagnad med usertifiserte skuleelevar og avskilta eldre.

Men seier ein slikt, får ein høyre så øyro flagrar. Skal vi altså vi, bygdefolk som vi er, også stille oss opp på haldeplassen og vente på ein buss som kanskje alt har gått? Nei, buss er for byfolk! Restriksjonar på privatbilen må du dra endå lenger ut på landet med!

Det er forresten ikkje bygdefolk som brukar privatbilen mest. Veit de kven som køyrer privatbil lengst av folk i Oslo og i Alta? Det er folk i Oslo. Fakta sant: Oslo-folk køyrde 11.704 km på vegane i fjor. Altaværingen køyrde1.535 km kortare i same tidsrom.  Men då er det ikkje korrigert for snøscooter og køyrerein.

   Dei flinkaste kommunane til å la privatbilen stå er Værøy og Røst i Nordland, Kvitsøy og Utsira i Rogaland og Hasvik i Finnmark, melder Statistisk Sentralbyrå. Bygdemiljø alt saman. Men også øyar. Når ein nesten ikkje har veg å køyre på er det ikkje så imponerande å vinne konkurransen om å la privatbilen stå.

 Meir spennande: Kven kan vi henge ut som miljøsyndarar? Nabokommunane Gjerdrum og Nannestad i Akershus og Åseral og Bykle i Agder er verstingane. Også dette bygder og utkantar. Er det rånekulturen?  

Nyss sitt nedslagsområde ligg litt over gjennomsnittet i landet. Personbilar i  Sykkylven køyrde kortast med 9.751 km  i fjor. Stranda kommune litt meir med 10.290  km. Til samanlikning køyrde gjennomsnittsbilen i Ålesund  heile 10.916 km i fjor. Byen er versting, også på våre kantar. Men det skal ålesundarane ha:  Dei har trass alt mykje lenger veg til hyttene sine enn vi som bur i indre strok.

 I gjennomsnitt brukte vi bilen til å køyre 31 km per dag i fjor. Det brukte vi 45 minutt på. Resten av døgnet står bilparken parkert og ubrukt. Mange av oss har to bilar i garasjen. Vi har kanskje råd til det. Men ein snerten elsykkel tek mindre plass.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Synske hjelparar

Lang kamp for promille