Lykkeland

 


«BNP måler alt, bortsett frå det som gjer livet verdt å leve», sa Robert Kennedy i 1968.

Bruk og kast er noko vi ikkje er glade i. Likevel er dette ein aktivitet som hjelper oss å nå eit overordna mål, nemleg høgare BNP. Brutto nasjonalprodukt er summen av alle varer og tenester som blir produsert i løpet av eitt år, minus dei varene og tenestene som blir brukt i denne produksjonen. All produksjon av til dømes plast, tener til å auke vår BNP. Og endå betre: Blir plastureininga så stor at vi må reinse verdshava, blir det endå meir økonomisk aktivitet og høgare BNP. Og endå meir registrert velstand for oss alle.

Det er naturlegvis galskap. For BNP seier ikkje noko om fordeling. Ikkje om menneskerettane, helsetilstanden eller velferden for born eller gamle. Men økonomar liker ikkje nye kategoriar. Fordelen med BNP er at det er lett å samanlikne frå land til land og frå år til år. Ulempa er at metoden ikkje måler det vi  eigentleg er ute etter.

I statsbudsjetta er det gjerne tiltak som skal gjere skulen betre, redusere barnefattigdom, gi betre omsorg for eldre og psykisk sjuke og styrke demokratiet og menneskerettane. Dette er tiltak som  ikkje utan vidare påverkar brutto nasjonalprodukt. Berre Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet har programfesta eit betre mål på livskvalitet. Kanskje burde vi gjort som New Zealand, som har innført trivselsbudsjett. Der må dei dokumentere at statsbudsjettet bidreg positivt til å redusere utslepp, styrker folkehelsa og lettar forholda for urinnbyggjarane om dei skal unngå raude tal. Kanskje er det også derfor dei er vinnarar i nedkjemping av  pandemien.

Det er ikkje lett å lage eit rekneskap som passar alle. Men det har også sine sider å bruke tollekniv, dersom det er drill ein har bruk for. Ting skjer: Eit fellesnordisk arbeid er i gang for å finne fram til eit rekneskap som også tek opp i seg miljøavtrykk og berekraft. Privat næringsliv er i front. Det ville vere naturleg at det offentlege viste veg, men her må ein nok vente på tydelegare politiske signal. Politikarar flest tenkjer kortsiktig og har kjepphestar nok å halde styr på. Framtidsvyar er bra i landsmøtetalane. Men i den praktiske hestehandelen i Stortinget er det vanskelegare å få gehøyr.

Gode ting byrjar ofte med idear av den typen som praktiske stortingspolitikarar tenkjer på som luftige. Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen tek utgangspunkt i pandemien og spør om den har fått oss til å tenkje grundigare over kva vi set pris på. Vil vi ha meir av den typen lykke du får kjøpt i butikken - eller vil vi heller velje samvær med vener, naturopplevingar og tid til refleksjon og ettertanke? Er det ikkje like greitt å bruke pengane våre på ein litt dyr restaurant her heime i staden for å kjøpe dyre flyreiser til fjerne himmelstrøk for å ete og drikke billig der?

Pandemien har lært besteforeldra å skype med sine barnebarn. Når det blir mogleg å flyge igjen, er det ikkje sikkert at folk vil kaste vekk ein heil dag på å reise tur-retur Oslo for å gå i eit møte. No har vi fått smaken på Teams. Og er det eigentleg så viktig med Syden-turen i februar? Det kan bli  like flott  i februar her heime også neste år.

Lokalt sit vi med kvalitetar som i BNP-rekneskapen knapt har verdi. Vi har ikkje berre plass nok til alle, jobb til dei fleste og låge bustadprisar. Vi ser sjeldan skilt med parkering forbode. Og kvar elles i verda kan ein fiske sin eigen torskemiddag i fjorden og gå på ein tusenmeter-topp etterpå? Her er trivsel å vise til. Idretten og kulturen har plass til dei fleste og einsame mannfolk er fritt vilt blant damene når blandakora vil oppbemanne bassrekkjene.

I ein trivselsrekneskap er det slett ikkje gitt at dei store byane vil dra det lengste strået. Kanskje hamnar mange av dei trongbudde og overprisa storbyane direkte i Robek når trivsel og lykke skal reknast inn. For oss ute i bygdene vil ein slik rekneskap gi overskot og gode argument når vi skal lokke nye innbyggjarar hit til vårt Lykkeland i nordvest.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne