Møte på midten

 

Det er meir enn eit halvt hundre år sidan eg med brask og bram melde meg ut av statskyrkja. Det var ein kraftig  protest i ei bygd der statskyrkje-medlemskap var like sjølvsagt som  å vere med i folkeregisteret. Soknepresten skreiv inntrengande tilbake at han «nekta»  å gjennomføre utmeldinga utan ein alvorleg samtale først. Eg  måtte minne han om  min grunnlovsfesta religionsfridom før han gjorde si embetsplikt.

Det var naturlegvis godt meint når soknepresten ville snakke fornuft til ein forvirra ungdomsopprørar. Men det nytta ikkje.  I dag er den mjuke maktbruken som vi kjende så kvelande, i stor mon borte. Gudsfornektarar og kyrkjegjengarar kan møtast på midten og oppdage at dei har eitt og anna felles.

60-talet var ei heilt anna tid. I familiar flest var det ei avis, ein radiostasjon, eit lite utval av ganske like bøker. Den lutherske varianten av kristendommen var statsreligion. Forkynninga byrja i heimane og på søndagsskulen. Frå ein var sju, tok grunnskulen over.  Så var det konfirmasjonen, som i praksis var obligatorisk. Vi måtte legge fram underskrifter som bevis at vi hadde vore med på eit visst tal gudstenester og/eller bedehusmøte gjennom året. Og vi gjorde som dei forlanga. Å få prestehanda på hovudet på konfirmasjonssøndagen var sjølve inngangsbilletten til vaksenlivet.

Det mangla ikkje på gode krefter som ville leie oss inn på den smale sti. For oss stod kakaoen og skuffekakene og den moderlege omsorga på bedehuset vel så mykje for den breie veg. Den  meir spennande smale vegen leia til mørkets gjerningar i og rundt ungdomshusa. For å  kome dit måtte vi gå eller sykle på ubrøyta vegar over lange avstandar utan hue og i glatte småsko. Heim frå dans var det berre jentene som fekk skyss.

Kristenfolket var autoritetane på rett og gale. Alternativ var det knapt, i alle fall ikkje i det gode selskap. Dei danselystne vart haldne i øyrene og kristenflokken fronta kampanjane mot sex før ekteskapet, langt hår og piggtrådmusikk. Spesielt rock vart det åtvara kraftig imot. Spelte du platene baklengs, kunne ein høyre djevelens stygge røyst, vart vi fortalt.

Det var naturlegvis heite diskusjonar i kristendomstimane, men dei vaksne visste alltid best:  Kom til oss. De treng ikkje å kjenne dykk sikre i trua. Skulle det likevel vise seg at de tek  feil og vi har rett, så får de evig liv som ein bonus, lokka læraren og la  saka fram som vinn-vinn. Som om det skulle ha vore snakk om eit medlemsskap i Sykkylven Gjensidige Branntrygdelag, fnyste vi i friminuttet. Slik pragmatisk livssynsstrategi hadde ingen appell blant idealistiske femtenåringar.

Så følgde tiår med uforsonleg kampar om sjelene. Men nye tankar sprengde seg fram. Kristenflokken vart mindre, makta deira i samfunnet minka. Den overdrivne interessa for sex og kjønnsliv hos andre vart mindre viktig. Nestekjærleik og internasjonal solidaritet kom høgare på dagsordenen. Dei tabloide oppslaga om prestemenn med  blodige baby-dokker på kyrkjetrappa hadde ikkje lenger det same mobiliserande effekten i abort-debatten.

Då ein pensjonert biskop og ein ung representant for Åpen kirkegruppe turnerte  kysten og debatterte homofili rundt tusenårsskiftet, sat eg ved sida av ein av mine gamle lærarar. Vitnemålet til den unge skeive debattanten gjekk inn på han. «At dette skulle vere eit så vanskeleg problem, har eg i grunnen aldri tenkt over», sukka han.  Han hadde vore lærar for ungdom i  fire tiår.

No vaiar  regnbogeflagget frå offentlege flaggstenger. Det blir lytta til swing og rock og drukke vin  utan at ein treng å frykte for sitt etterliv. Kristenfolket har tilpassa seg eit anna samfunn og knip seg fast ein stad rundt sentrum i politikken. Også dei sintaste gudsfornektarane har blitt eldre og har til dels stange horna av seg.

No er det først og fremst  tvilen vi har felles. Og tvil må til, om ein vil unngå å gå i eigne fotspor heile livet gjennom. No kan vi sitje og duve hofte mot hofte på kyrkjebenkane medan vi nynnar til «På leit» med rockepresten Bjørn Eidsvåg:

«Skråsikre blikk står i kø for å komma på skjermen


meiningar summe som fluer - eg e lei heile svermen


store ord flyr tett forbi


dei vil fanga meg, men eg vil ver' fri


eg vil 'kje bli gjort te rein mekanikk


sånn at kunsten å leva bl


(Nyss sommar24)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Synske hjelparar

Lang kamp for promille