Moro med ord

Moro med ord

Nærlesing og jakt etter språklege krumspring gir utløp både for  pirkelyst og skadefryd. Det meste blir samla i Facebook.

«Eg er sjokkert, men ikkje overraska», sa idrettsgeneralen Gerhard Heiberg ein av dei mange gongane han har måtta kommentere endå ein skandale i toppidrettsmiljøet. Sjokkert er det vanleg å vere i media. Veldig få innrømmer at  dei er overraska. Lesaren sjølv må ta stilling til om det er mogleg  å bli sjokkert når ein høyrer om noko  som slett ikkje kom overraskande. Må ikkje eit  sjokk vere plutseleg? Eller er sjølve sjokket framkalla av at noko ein lenge har visst plutseleg har blitt allment kjent?
Gartnarar. Så konspiratorisk kan ein spekulere  om språk, om ein er slik skapt. Og det er vi, mange av oss, anten vi no er ute etter å pirke på andre eller gjer det av godhug og idealistisk  ansvar for det norske  språket. Ivrige gartnarar i språkets kjøkkenhage har funne seg ei bot på Facebook kalla  Språkspalta. Her blandast språklege blødmer, moraliserande utfall og uthenging av ordblinde med lærde utgreiingar om grammatikk og kraftige oppgjer med næringsliv og ungdommens opprørande omgang med det morsmålet.
 «Død metalltrommis søkes» stod  det nyleg i ein kontaktannonse i eit bransjeblad. Eit Death Metal-band som annonserer etter nokon på tromme, forstår vi. Men det spørs om akkurat dette er det beste eksempelet på vilje til norsk i den elles anglofile rockebransjen.
Fulle muggar. Det er noko med måten ein seier det. Å snakke i bilde gir farge og kraft til framstillinga. Ein kvinneleg syklist er på vegen igjen etter ein skade. No er ho tilbake med  fulle muggar, skriv ein sportsjournalist. Vi  synest vi ser det for oss. Ein kanin har blitt overkøyrt og «har blitt ille tilberedt», skriv ei anna avis. Det vil vi helst ikkje  sjå for oss.
Heisen vi av og til brukar på  arbeidsplassen, har eit skilt der det står «Kjøring kun med påholden knapp». Det er ei melding som ofte går passasjerane hus forbi. Av tryggingsgrunnar rører heisen seg ikkje, viss ein ikkje held knappen inne heile tida. Påhalden knapp er i alle fall noko heilt  anna enn påhalden penn, der ein hjelpar  fører pennen for personar som ikkje er skriveføre. Stundom skulle også dei som arbeider på kontor fått ei hjelpande hand så dei ikkje fortaper seg i den byråkratiske dialekten: «Sånn får du en lettere oppgåve i forhold til det å sette fokus på å få til et enklere forhold til forholdene». Smilefjes!
 Dop. Den såkalla særskrivinga av samansette ord har fått mykje fokus gjennom lange tid. Det blir likevel gjennomført med stor konsekvens blant store delar av språkbrukarane. «Nær  butikken» står det på eit klistremerke på glasdøra på ein matbutikk. Tampen brenner. Men kvar er den eigentlege  inngangsdøra, tenkjer vi. Inne i butikken les vi at det er tilbod på 8 toalett ruller». Det er for gale. Her må nokon gripe inn før det blir personskade.
Vi kom over ei avis med bilete av ein kongeleg svensk baby under tittelen «Oscars dop». Nei, kjære vene, tenkte vi. I så ung alder.  Heldigvis var omtalen av dåpen til vesleprinsen i ei svensk avis. Barnevernet kan førebels ta det med ro.
Boarding. Når vi er ute og flyg, får vi følgjande oppmoding frå flyselskapet: «Vennligst ha deres eget boardingkort klart for fremvisning». Det er viktig med klar beskjed. I tilfelle nokon hadde tenkt å vise fram kortet til passasjeren ved sidan av.
Her i avisa kom vi nyleg over ein annonse frå eit analyse-, rådgivings- og forskningsselskap som hadde bruk for ein CEO. (Veit du ikkje kva det er, treng du ikkje søkje, men det er engelsk for adm. dir.) Namnet på firmaet er Patogen, som i følgje framandordboka tyder «sjukdoms-vekkjande, eigna til  å framkalle sjukdom». Det kan vise seg å vere eit namn som er ein tanke problematisk for eit firma som har som oppgåve å hjelpe akvanæringa med «fiskehelse-relaterte utfordringer».
Men god helg, likevel!
Kjetil Tandstad

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne