Duft av menneske


På sjekkemarknaden er ingen ting er så effektivt som ein dose naturleg kroppslukt, fortel nyare forsking.

Vegen til menn og kvinners hjarte går ikkje først og fremst gjennom magen, slik hardnakka gammal visdom vil ha det til. Sidan tidenes morgon har vegen først og fremst gått gjennom nasegrevet. Vi, som andre dyreartar, snuser oss i stor grad fram til våre partnarar. Kven som likar kven, handlar naturlegvis også litt om utsjånad og felles interesser, kanskje også om makt og pengar. Men først og fremst handlar det om lukt. Utan at vi veit det, gjer kroppane våre ein diskret duftanalyse når vi kjenner kjærleiken overmanne oss. Så gir han sine råd til vårt umedvitne, anten: pass opp, her er det noko som ikkje stemmer. Eller: Full klaff! Her er det berre å køyre på.

Lånte fjør. Det skal ikkje stikkast under stol at industriframstilt godlukt kan gi eit imponerande inntrykk. Både den hardtslåande fjortisparfymen Axe (Don’t use it, if you don’t mean it) eller den feminine varianten L’Oreal for mogne kvinner (Because You’re Worth it) kan gjere eit overveldande inntrykk. Men kjøpt parfyme er som lånte fjør. Når begge partar kamuflerer si ærlege kroppslukt med syntetisk nasefryd, er det berre flaks om det skal vare. Ikkje eit vondt ord om lause forbindelsar og one night stands. Men snakkar vi livslange samliv, er det kroppens eiga duft som gjeld.

 Dunstar. Å utsetje medmenneske for kroppslukt er i dag like uforskamma som å skrike stygge ord etter dei på open gate. Likevel er det altså slike dunster vi navigerer etter når vi leitar etter nokon å dele kvelden og kanskje livet med. Når menneske møtest og søt musikk er i ferd med å oppstå, sender kroppane ut  kjemiske signal som vi reagerer reint fysisk på. Kroppane våre er  nemleg på jakt etter ein partnar med komplimentære immunforsvarsgener, fortel professor i evolusjonsbiologi ved NTNU, Eivin Røskaft til Dagbladet. Feromon - desse kjemiske signalstoffa - er eit slags duftspråk for potensielle sexpartnarar. Vi fangar signala med vårt vomeronasale organ i naseskiljeveggen.

   Reseptorane i hjernen gir blanke blaffen i romantikken. Nokre tusen års erfaring har lært dei at få ting er viktigare for våre etterkomarar enn eit velkomponert immunforsvar. Blir det for einsidig, kan det bety sjukdom og tidleg død. Det vil dei ikkje ha noko av.
Dagens besteforeldre-generasjon var ikkje like omhyggelege med å skjule sine duftspor. Men dei famla seg fram mot framtidig lykke i mørke kafear under ei skodde av bedøvande sigarettrøyk. Det må ha vore eit effektivt hinder for alle duftsignal som prøvde å nå våre vomeronasale organ. Truleg var det eit under at det gjekk så bra som det gjekk.

No gjer vi det vanskelegare enn nokon gong for naturens innebygde  giftekniv. Det viser også att i skilsmissestatistikken. Ikkje til å forundre seg over at stadig fleire finn lukka på turistforeiningshyttene. Får ein først napp på duftene som breier seg frå fjellstøvlane ein akkurat har sparka av seg etter ein lang dags marsj,  må ein kunne gå ut frå at ein har eit solid fundament for eit varmt og varande forhold.


(Smp 240916)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne