Møblar og namn


Å velje namn til born og produkt er noko ein legg omtanke i. Møbeldesignarar og produsentar henta namna frå stjernehimmelen, TV-seriar, adelskap  og jazz, men var underleg forsiktige med å knyte fabrikknamnet  til produktet.

 Den  amerikanske mafia-gangsteren Al Capone hadde eit visittkort der han presenterte seg som møbelhandlar. Han hadde ei bruktsjappe for møblar som dekkadresse og hos det amerikanske møbelvarehuset Harvey Norman kan ein enno få kjøpt ein sofa med namnet Capone. Men dette er unntak som stadfester regelen. Møbelseljarar låner ikkje kriminelle namn til sine produkt.  Men frå kongelege, adel, kjendisar og jazzmusikarar – sjå, det er ei heilt anna sak!

 Nummer og namn
 Den første storseljaren blant fabrikkproduserte møblar i verda var stolane frå den produsenten Thonet i Austerrike. Desse lette stolen med si runde form og rottingsete kom rundt 1860. I 1930 var det selt 50 millionar av  bestseljaren, som gjerne blei kalla kaféstolen,  og dei andre wienerstolane frå fabrikanten. I 1905 kom Josef Hoffmann med si Sitzmaschine. Sitjemaskina såg ikkje vidare behageleg ut, men hadde regulerbar rygg. Modellen hadde nok  ein viss appell til  teknologi-interesserte og er ein modell som peikar framover mot dagens høgteknologisk og regulerbare kvilestolar. Etter kvart kom formgivarane på banen med ny design for moderne europearar. Marcel Breuer med B3 i 1925,  Mart Stam med Stuhl  W1 i 1926. Ingen av namna var særleg fengande - det var få produkt på marknaden og det var lite behov for oppsiktsvekkjande namn.
 Seinare blir det viktig å definere produktet. Den danske designaren Hans J. Wegners presenterte sin  3-Benet Skalstol (1963)  og fortel noko om forma på produktet. Det skulle enno nokre år før møbelprodusentar flest gav produkta sine  beskrivande namn om kunne fungere på mange språk, som finske Kukkapuro, som kalla sin svingstol frå 1964 for Karuselli.
Ikkje minst her i landet var namnebruk i  pioneråra. Dei første korgstolmodellane til  Sykkylven Kurvmøbelfabrikk, skipa 1929, seinare kjend som Vestlandske, bar namna Nr. 70 og Nr. 71. Namnet på produktet var først og fremst til intern bruk i fabrikken. På  40- og 50-talet greidde ein seg gjerne med modellnummer. På Hjellegjerde var det Nr. 110, Nr.150, Nr.130, Nr.230 som galdt. Berre ein sofa hadde eit  skikkeleg dronningnamn: Viktoria.

Svane og Stressless
Like etter krigen gjorde Ekornes suksess med sovesofaen med det talande namnet Sofa-seng. Med Svane-madrassen hadde Ekornes teke namnepolitikken eit skritt vidare og vi fekk eitt av dei første merkenamna i bransjen. «Som svanen hviler på vannet, like godt vil De hvile på Svane-madrassen», heitte det i reklamen. Den gongen var Svane eit merkenamn som vart brukt også på  møblar. Svanett (1956) var det første namnet på kombinasjonsmøbelet som kunne både vere stuemøbel og soveplass. Svanett – sofa, seng og bord i ett, var slagordet.  Svane 4 var også namnet på den første hudmodellen frå Ekornes. Svane Columbus var den første regulerbare kvilestolen med vippe- og dreiefunksjon.
Eit nyskapande produkt frå Ekornes var kvilestolen Stressless som fekk eit engelskklingande, men likevel heilt heimelaga namn. Den første Stressless-stolen vart produsert i 1971.  Varemerket Stressless har ein stor del av æra for suksessen. Erling Ekornes var mannen som gav stolen namnet, som høyrest meir engelsk ut enn det er.
 ”Stress” var moteord nummer ein på syttitalet, brukt i tydinga sjeleleg og lekamleg press, uro, påkjenning.  Stressless er eigentleg eit såkalla falsk lån frå engelsk, på same måte som ”grillparty”, altså samansett av engelske ord, men laga her heime utan å vere ein del av det engelsk språket. For nordmenn er det derimot naturleg at Stressless tyder ”fri for stress”- eventuelt  som oppmoding: ”stress mindre”. På engelsk kjende ein aldri noka anna tyding av ordet enn eit spesialord frå fonetikken som tydde eit ord utan trykk, fortalde språkforskar Endre Brunstad i ein artikkel i Årbok for Sykkylven i 2009. Men den norske tydinga av ordet vann fort fram i mange språk. Merkenamnet  Stressless utvikla seg til ei sterk internasjonal merkevare som blir oppfatta på tvers av språkgrensene.

En-To
Innover femtitalet var det lenge vanleg med norskklingande namn som  Blinken, Bravo og sovesofaen En-To. På sekstitalet brukte Hjellegjerde namn som Arvo (finsk mannsnamn), Neptun, Vesta, Pollux (himmellekamar) og  Capello (kjend italiensk fotballspelar og trenar).  På syttitalet kom Corona, Carina, Fortuna, Colombi, Mira, Luna, Nova og Capilla. Namnevalet er framleis inspirert frå latin, medan Baron låner namn frå adelskap og overklasse.
Trenden med namn frå himmelrommet og latin held seg også utover på 1980-talet som himmelnamnet Sirius, men vi har også det meir norskklingande Juvel, det engelske  Pilot og Spring og det beskrivande Tilt. Men det var også tid for eksotiske namn som Sirrah, Targa, Salma og Antea og Riegel, den siste kanskje inspirert av sjokoladen med same namn.
 På nittitalet held det fram  med namn frå namn frå italiensk og latin, pluss Mustang (etter den amerikanske sportsbilen) og Mirage (etter det franske overlydsflyet). Så har vi det første tiåret etter 2000. No er inspirasjonen leiarskap og makt (Alfa, Boss, Admiral), det gode liv (Living, Sunset) og  adel (Hertug, Lady).

Middagskvild
 Nummer i staden for namn var i grunnen vanleg i sykkylvsindustrien heilt fram til at Ingmar Rellings design får fotfeste i møbelbygda. Den samanleggbare Nordic frå 1954 , med skumplast i stoppen og elegant teaktreverk, var moderne både i form og konstruksjon og fekk eit namn som signaliserte ambisjonar om eksport.
Siesta er ein annan ikonisk stol frå Sykkylven. Stolen var nyskapande då han kom i 1965 og framleis i produksjon. Med sin  lette konstruksjon av laminert tre og seglduk og  med eller utan pute var han moderne då han kom og tidlaus i dag. For designaren Ingmar Relling var  namnet eit naturleg val. Siesta tyder noko i nærleiken av det sykkylvingane ein gong kalla middaglur. Sjølve ordet var spansk og drog tankane mot charterturismen som på denne tida var noko nytt og eksklusivt her i landet.
Med Ingmar Relling kom internasjonale og beskrivande møbelnamn på løpande band; Base, Optima, Rest, Nobel, Flair. Møbelsystemet Bonus for Vestlandske, Combina for Ekornes og namn som Flex og Wave var også namn som i tillegg til å vere attkjennelege namn også fortalde litt om produktet. Relling-møblar som Cox, Manta og Tema var også eksempel på korte, internasjonale  og funksjonelle namn.

Hj. Brunstad Møbelfabrikk heldt seg også lenge med tal som namn på sine modellar. Nr 485 frå 1948 var ei sofagruppe med stoff innvendig  og imitert skinn utvendig, Nr 390 frå om lag same år hadde  lause og vendbare seteputer. Ved Brunstad satsa dei på namn i staden for nummer frå rundt 1958. Etter kvart kom sofaene Lotus, Marina, Oslo  og Venus - alt saman namn tenkt til å passe både ein norsk og ein internasjonal marknad. Det kom stolar som King, Knoll, Sjeik og Roma. Den første vippestolen fekk namnet Pop. Ein kvilestol i skinn og laminert bøk fekk namnet Viking, eit namn som hadde ein god klang både heime og ute.

Krå-Kos
Det urbane liv har alltid hatt appell. Komande forsking må finne ut kor mange norske møbelprodusentar som har hatt modellar med namn som Manhattan , New York, London og Paris på sine produkt. Kvilestolen Rolls gjorde nok eit forsøk på å hente eksklusivitet frå Rolls-Royce-bilen. Hjørnesofaen Krå-Kos og sovesofaen Snorre fekk derimot heilnorske namn. Elles dominerte internasjonale namn som  Tellus, Triton, Argo, Mira, Safari og Marco, Sara og Topas.
 Tiki frå 1985 var nok inspirert av Kon-Tiki-ekspedisjonen, som representerte ein suksess internasjonalt. Lord og Diana lånte fjør frå engelsk adel. Gjennom ei årrekkje har designarane Arild Alnes og Helge Taraldsen har gjennom mange år prega Brunstad-kolleksjonen. Med korte, lette namn med gjenkjenningsverdi som Amanda og Athen, Diana, Epos, Smile, Sting og Delta går også dei  den breie og opptrakka veg når det gjeld møbelnamn
 Det same gjeld ein produsent som Formfin. Her er det Uno og Athene, Mobile, Swing, Thea og Venus, namn dei slett ikkje har vore åleine om. L.K. Hjelle er ein produsent som alltid har kombinert dei utfordrande og moderne modellane med klassisk  formgiving. Det går også  fram av produktnamna: Her er produkt som Alberte, Arena, Windsor og Eva. Men her finn ein også namn med meir moderne klang: Fam, Hal, Kavai og My, modellnamn som blant andre gjenspeglar at fabrikken har engasjert  yngre arkitektar med fartstid blant anna i  designfellesskapen Norway Says.

Musikk
Musikk har alltid vore ei inspirator for møbeldesignarar. Namn som Menuett og Symfoni har vore i bruk av mange. Hos Hjellegjerde hadde dei sofagruppa Mantovani, truleg inspirert av Mantovanis orkester, som var  landeplage i Ønskjekonserten gjennom mange år.
Ekornes har brukt musikalske namn i Stressless Jazz og Stressless Blues. Men få  formgivarar har brukt namn frå jazzen  meir gjennomført enn designarane Dave Vikøren og Steinar Hindenes i designgruppa Circus i Bergen. Her finn vi sofaen (Charlie) Mingus og stolen (John) Coltrane. Her er teppet Cannonball (Adderley), stolen (Thelonius) Monk, sofaen Be Bop og skapet Bird (Charlie ”Bird” Parker). I kolleksjonene til Circus finn vi også jazzheltar som (Lester) Young og (Ben) Webster, (Frank) Wess, (Chick) Webb og (Stan) Getz.

Blygskap
Peter Opsviks Cylindra-serie er prega av underfundige ordspel, til dømes på ein serie skåp med titlar som Naboskap, Lidenskap og Troskap.  Ordspela speglar den uhøgtidelege kreativiteten til designaren.
 Eitt særtrekk  ved møbelbransjen – og til stor irritasjon for møbelhistorikarar – er den nesten utrulege blygskapen som produsentane har lagt for dagen når det gjeld å plassere varige fabrikkmerke på sine produkt. Kjøper ein eit kjøleskap, ein  komfyr eller ei vaskemaskin, har det alltid vore sjølvsagt at fabrikkmerket sto sentralt plassert og var festa på ein måte som gjorde at det varte heile produktets levetid. Ein skulle tru at det same ville gjelde også ein sofa eller ein stol. Men gamle møblar har ofte ikkje så mykje som spor av ein avbleika merkelapp til hjelp for dei som vil identifisere produktet.

 Anonym
Det er vel kjent at dagens møbelkjeder med vilje tonar ned namnet på den enkelte produsenten og gjerne vil marknadsføre møblane dei har utstilt under kjedenamnet, anten dei skriv seg frå Stordal eller Kina. Men også møblar som er eldre enn møbelkjedene manglar produsent-signatur. Kanskje var det vanleg å setje slik informasjon på emballasjen og på lause merkelappar. Det er likevel påfallande at ikkje møbelbransjen, som elles låg frampå med heile brystkassa for å selje sine produkt, ikkje var meir opptekne av å byggje merkevare.

Også for den som prøver å plassere møbelstoff med produsent og årstal, er det liknande vanskar. Møbelstoff er gjerne merka med produsentnamn som Sellgren og Tingvoll, Innvik og Gudbrandsdalens Uldvarefabrikk. Her kan ein også unntaksvis finne eit designarnamn. Men årstalet for designet og når det vart produsert, har vi  enno  til gode å finne. Vi tenkjer det har sin gode grunn: Dei som selde møbelstoff, var opptekne av å presentere fargar og mønster som moderne og nye av året.  Årstal på stoffprøvene, som avslørte av mønsteret var gammalt og velbrukt, ville  bli oppfatta som  dårleg reklame.
(Årbok for Sykkylven 2016)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne