Store ord flyg forbi

Drastisk språkbruk skremmer ikkje folk i vest. Slikt har vi under huda.

«Dei skulle ha vore opphengd med kveiteonglar etter augneloka og tvinga til å blinke». Slik snakka ein kjær slektning og gammal kystskipper. Han kunne seie det om til dømes epletjuvar eller råkøyrarar. Han sa det med eit lunt smil som ikkje etterlet den minste tvil blant oss ungane: Dette meinte han ingen ting av. Det var eventyr og moro. Vi såg det for oss i fantasien og grøssa. Men det var eit herleg grøss, for vi kjende oss heilt trygge saman med verdas snillaste reservebestefar.

 Ekte sunnmøringar snakkar rett frå levra og held seg ofte med ein drastisk bildebruk. Vi dyrkar vestlandske tvisyn og krydrar med absurde overdrivingar. Endå så kontoriserte vi har blitt, brukar vi framleis dei gamle metaforane frå primærnæringane. Då kan vi til tider sjokkere meir faktabaserte austlendingar, som er vane med å kun ta spøk for spøk og alvor kun alvorleg. Dei har fatta begge delar dårleg, meiner vi her i vest, som den danske humoristen Storm P.

Er det storm på Sunnmøre, manar vi gjerne fram steingardar som blir spreidde utover all mark og nausttak som forsvinn inn gjennom fjordane som måseflokkar. Då Venstre og KrF nyleg stakk kjeppar i hjula for Erna med sine klimakrav i budsjettforhandlingane, førte det til ein engasjert diskusjon i ein kaffipause. Det var opprørande, meinte ein av dei hissigaste. «Når rett var skulle ein ha leidd begge partileiarane med seg bak løa og skote dei».

 Det var over grensa, sjølv på våre kantar. Nokre trekte seg unna. Andre smilte usikkert og var raske til å pense samtalen over på nøytral grunn. Han som snakka, merka ikkje at det blei himla med augo rundt han. Han er ein som alle kjenner, snill som eit lam og det var naturlegvis ikkje bokstaveleg meint. Å starte ein diskusjon om skyting av politikarar verka ikkje så lite hurpete.
For politikken, ikkje minst, er full av blodige metaforar om kamp og død. Vi snakkar om å torpedere eit argument, at regjeringa har skote seg sjølv i foten, at det raudgrøne alternativet har gjort harakiri og sentrumsalliansen som har forlist med mann og mus. Alt saman er eigna til å gi oss brutale bilde i hovudet.

Amerikanarane sjokkerte verda, medrekna seg sjølve, då dei valde Donald Trump til president på hans sprikjande lovnader. Her i landet er det lett å la seg sjarmere av Sylvi Listhaug, som er også kjend for direkte tale. Ikkje berre er ho gardjente frå Ørskog og blond og gravid. Ho har eit frimodig blikk i kamera når ho slår fast at skikkelege nordmenn et svin og drikk alkohol og elles held seg unna hijab. Kjem ein flyktande, får ein anten skikk følgje eller land fly: Endeleg nokon som seier det som det er, utan å bry seg om hylekoret frå velferdssprofitørar og godheitstyrannar som vil bere folk på gullstol over grensa og plassere dei midt i matfatet.

 Ho får ofte applaus, for slik snakkar ho til den engstelege egoisten i oss alle. I sosiale media får ho så nisselua passar. Men på folkemøta hennar er det fullt. Publikummet hennar likar ein politikar som heller snakkar frå levra enn frå hjartet. Vi kan ikkje ta imot heile Afrika heller! Salen er heilt med: Nei, det skulle tatt seg ut! Her i vesle Sula!

Valkampen er i gang. Store ord skal fyke forbi. Det tunge artilleriet blir rulla i stilling. I månadene som kjem skal Fanden målast på vegg. Det vil bli blod. Apokalyptiske katastrofar vil kome over oss om den eine eller den andre vinn fram i valet.

Slikt skremmer ikkje så mange her i vest. Vi har lang erfaring både med romsleg språkbruk og dommedag her og no. Vi dreg rutinemessig frå femti prosent og deler på to. Og så gjer vi eit ærleg forsøk på å få eit glimt av sjølve politikken.
(Sunnmørsposten 3.12.2016)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne