Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne


Av Kjetil Tandstad
To ungdomsskuleelevar vart drepne og mange skadde då ein skulebuss køyrde av vegen i Tynesstranda i 1966.
Laurdag 3. september og stor stemning i skulebussen til Straumgjerde. Den sjette skuledagen i veka var over. Helga stod for døra. Dei fire grøne skulebussane frå Stranda og Sykkylven Billag vart fylte opp av skuleelevar frå 7., 8. og 9. klasse ved ungdomsskulen for å ta fatt den lange vegen mot Velledalen og rundt fjorden til Sørestranda og Hundeidvik. Blant dei rundt 30 elevane som var passasjerar var det som vanleg eit lykkeleg lurveleven. Storøygde sjuandeklassingar, med berre nokre vekers fartstid på den nye skulen, lytta imponerte til dei store gutane bak i bussen som kunne skryte  av sin erfaringar og sine forventningar til laurdagskvelden.
Svak vegkant
Alt var som vanleg då bussane køyrde etter kvarandre langs riksvegen innover mot Tynesstranda. Ein møtande personbil køyrde til sides og stoppa. Tre bussar passerte utan vanskar. Men då den fjerde bussen kom, rakna torva og som heldt vegen og veggrusen på plass.
I eit andelaust sekund som kjendest ut som eit minutt, seig den over på sida. Ei stund verka det ut som den skulle stanse, men så slitna vegbarden heilt. Hjula på høgre sida gjekk rett igjennom. Eit stort skrik fylte bussen då bussen tippa over. Eit nytt andelaust sekund gjekk medan  bussen tapte fart og det nesten verka  som den ville leggje seg til ro på sida. Men så rulla den vidare, først over på taket, så rundt på hjula igjen og så over på sida ein gong til. Det kjendest som i sakte film. Etter å ha  rulla rundt halvannan gong,  stoppa bussen mot noko kratt og  ei bjørk nokre meter frå fjøresteinane 15 – 20 meter nedanfor riksvegen.  Hadde ikkje desse hindringane vore der, hadde bussen rulla ut i den brådjupe fjorden.
Det kunnealtså  ha gått endå verre. Men ei forferdeleg katastrofe var det like fullt. På den ville ferda vart 13-åringane Terje Tandstad og Harald Hjorthol slengde ut og vart klemde til døde under den rullande bussen. Fem ungdommar vart sende til sjukehuset i Ålesund, fleire av dei alvorleg skadde. For 14 år gamle Gudrid Tandstad stod det om livet. Ho hadde fått store indre skadar og skulle få varig mein av ulukka.
Tok kommandoen
Lensmannsbetjent Erling Lillevik hadde tilfeldigvis kome  forbi like etter at ulukka hadde skjedd og kunne ta kommandoen på ulukkesstaden. Då han kom til, var alt uhyggeleg  stille i ulykkesbussen. Så braut det ut eit vilt kaos med skriking og uhyggelege scener. Dei fleste var oppskrapte og blødde sterkt, men nesten alle kom seg ut av bussen med eiga hjelp, fortalde han til Sunnmørsposten.

Det same minnest fleire av dei som var med på ulukka. I eit lite augneblink var det uverkeleg stilt. Så høyrdest ei låg jamring. Så braut panikken ut. Det var skrik og jamring medan borna fortvila leita etter utgangar frå bussen. Dei klatra ut gjennom  siderutene, som hadde ramla ut, aka seg nedover utsida av bussen og hoppa ned på fast grunn. Så storma dei oppover den bratte skråninga, blodige og redde, minnest fleire av dei som var med på ulukka.
Lensmannsbetjent Lillevik fekk varsla dr. Albrechtsen, som kom til og organiserte redningsarbeidet. Han delte inn dei skadde i to. To jenter og tre gutar vart sende til Ålesund sjukehus. I tillegg til sjukebilen, vart folk som kom i privatbilar rekvirerte og sende til sjukehuset med dei hardast skadde. Dei køyrde fort og brukte hornet. Dei andre elevane vart frakta til legekontoret i Sykkylven og fekk medisinsk tilsyn der. Dr. Bendixen, den faste legen i Sykkylven, var i Oslo. Han reiste heimover med første fly for å hjelpe til med å ta seg av dei skadde.
Svake vegkantar
 Jan Rokset (11) og Roar Tynes (14)  hadde nettopp gått av bussen då dei høyrde ein høyrde uvan lyd. Dei trudde første det var ein kollisjon, men så såg dei at skulebussen hadde rulla utfor vegen, fortalde dei til Sunnmørsposten. Folk i bilar som kom til, strøymde til for å hjelpe til.  Etter kvart breidde også ryktet seg til foreldre og pårørande. Nokre av dei som budde nærast, kom springande. Lensmannsbetjenten måtte også dirigere trafikken forbi og skilje dei skadde og pårørande  frå dei skodelystne, som også samla seg og skapte bilkø.
Den unge sjåføren tok det tungt. Han hadde fått buss-sertifikat berre eit halvt år før. Men i følgje avisa var det ingen som klandra sjåføren for ulukka. Sunnmørsposten kunne fortelje at bussen hadde svært låg fart då ulykka skjedde[KT1] . Hjulspora viste hjula hadde vore ein halv meter frå vegkanten. Vegstikkene var derimot plassert heilt ytst på vegbarden. Men vegkanten var berre lausgrus, fortalde avisa.
Dagen etter følgde avisa opp med eit intervju med vegsjef Torvik i Statens vegvesen. Svake kantar er eit problem på mange gamle vegar i fylket,  vedgjekk han. Trafikk med tunge bilar pressar vegkantane utover den delen av vegen som er fundamentert. Brått kan dei gi etter – det er eitt slag trøttleiksbrot, uttalte han.
Då Sykkylvsbladet kom ut fem dagar seinare, 8. september, hadde avisa fått tid til å tenkje over årsaka. «Den svake vegkanten må ta skulda for denne forferdelege ulykka. Det er nok diverre slik at utbygginga av vegane i den seinare tid, ikkje har stått i forhold til den store utviklinga i trafikken» heitte det i artikkelen.
Folkekrav
Redaktør Leif Ramstad brukte ikkje krigstypar og mange ord til å fortelje om ulukka. Det var det ikkje naudsynt. Dette snakka heile bygda om. Torsdag 22. september kunne avisa melde at kommunestyret også hadde drøfta den dårlege vegstandarden. Det vart samrøystes vedteke å sende eit skriv til vegsjefen i Møre og Romsdal med oppmoding av dei farlegaste vegstykka Tandstad – Drotninghaug måtte bli utbetra. I brevet, som vart skrive av ordførar Arnold Weiberg-Aurdal, heitte det at det var eit folkekrav at det snarast måtte gjerast noko for å utbetre fylkesvegen gjennom Sykkylven. I ordskiftet om brevet var det eit krav at dei farlege vegpartia frå Tynes og innover måtte prioriterast.
-Det var jo dårlege vegkantar i heile kommunen, Tynesstranda, over bøane på Lade, Riksheim og Erstad. Vi har jo nokre av dei enno, på Sørestranda, seier Magne Berge, som arbeidde i  «Billaget» det meste av sitt liv. Akkurat dette året køyrde han lastebil for Haugset. Men han heldt kontakten med sjåførane i Stranda og Sykkylven Billag og han minnest vel at ulukka  gjekk hardt inn på alle involverte.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage