Lang kamp for promille

I løpet av femti år har Sykkylven endra seg frå tørrlagt bedehusland til eit lokalsamfunn med vin på kafeen, øl i butikken og eige pol. Fremst i striden for skjenkerett på 60-talet stod ein syngjande hotellvert frå Nord-Noreg.

For femti år sidan kom Ernst Ellingsen som sjef for  det som sykkylvingane var vane med å kalle Hotellet, men som no fekk  namnet Sjølyst Gjesteheim, etter kvart Sjølyst Turistheim. Sykkylven har lange hotelltradisjonar, men hotellet som den nye hotelldirektøren overtok, var nedslite og gammaldags og med eit elendig belegg.
  Ernst Ellingsen var ein frittalande nordlending. Han kom rett frå nattklubben Regnbuen i Oslo og hadde sine profesjonelle erfaringar frå hovudstaden. No ville han satse på hotelldrift i den blomstrande møbelkommunen Sykkylven. Det gjekk ikkje lenge før han gjorde det klart at han måtte ha skjenkerett for spisegjester om han skulle kunne skape eit moderne hotelltilbod. Han viste til at hotella i nabobygdene Ørsta og Stranda var godkjende som høgfjellshotell og som hadde fått skjenkeretten sin frå departementet. I Sykkylven var ein  prisgitt folkeviljen og dei folkevalde. Her var det enno eit kompakt fleirtal mot at det skulle serverast øl og vin til innbyggjarane – ikkje ein gong til maten. Di meir alkoholtilbod, di større skadeverknader, meinte politikarane og var spesielt opptekne av at ungdommen ikkje skulle bli eksponert for rusdrikk av noko slag.
Kristendom og fråhaldssak
Historisk hadde Sykkylven knapt utmerka seg i noka  lei når det galt alkoholbruk. Sykkylven var som  Sunnmøre elles – ganske midt i laget både når det galt konsum og motstand mot rusdrikken. Distriktet hadde hatt sin del av misbruket som prega landet på 1700- og 1800-talet då heimebrenninga blomstra opp og skapte stor elendigheit. Det store konsumet,  spesielt av brennevin, skapte ei pietistisk orientert protestrørsle mot slutten av 1800-talet. Den frilynde ungdomsrørsla  hadde også motstand mot rusdrykk på programmet. Kampen mot alkoholen vart ei folkerørsle som greidde å redusere alkoholbruken kraftig i åra som følgde. Spesielt på Sør- og Vestlandet vart kombinasjonen fråhaldssak og kristendom ein kraftfull kombinasjon første halvdel av 1900-talet.
 I Europa hadde alkoholen hadde ein heilt anna og meir naturleg plass i dagleglivet. Etter krigen såg ein konturane av eit nytt og opnare samfunn der impulsane utanfrå fekk større plass. Spesielt utover på sekstitalet, då møbelindustrien tok til å gjere seg gjeldande på eksportmarknaden, kom fleire heimefødde sykkylvingar i nærkontakt med den kontinentale alkoholtradisjonen.
 Men motstanden mot liberalisering lokalt var sterk. Mange av dei som vart rekna som bygdas leiande kvinner og menn hadde eit kristent og idealistisk fråhaldsstandpunkt. Dei var opne for internasjonal kontakt, men ville berre importere dei internasjonale impulsane som dei såg som gode og byggjande. Slik var den etter kvart internasjonalt orienterte reiselivsgründeren Bernt Fauske, som arrangerte charterturar for nordmenn til inn- og utland i kristen regi og skreiv flammande dikt  og lesarinnlegg mot alkoholen i Sykkylvsbladet. Ikkje minst galt det industripioneren Jens E. Ekornes. Han var lokalpatriot, men samtidig vidopen for impulsar utanfrå så lenge dei ikkje gjekk på tvers av ideala han kjempa for.
Idealisme
I For Jens Ekornes gjekk  industrireisinga hand i hand med fråhaldssak og nedervd pietisme blanda med USA-inspirert kristentru. Han hadde stor velvilje for den kombinasjonen av business, kristendom og privat ansvar for velgjerd som han hadde møtt i Amerika. I  tillegg til å  vere den mest framgangsrike møbelprodusenten i kommunen, tok han også på seg viktige samfunnsverv. Han var også ordførar nokre år og var med på ei aktiv «headhunting» for rekruttere unge kristelege lærarar til skulane i Sykkylven. Draumen dei bar på var eit moderne, opplyst og velståande samfunn der folk arbeidde hardt for seg sjølv og kvarandre og som drog i same retning. I dette samfunnet hadde ikkje alkoholen nokon plass, korkje til kvardags eller til fest.
Jens Ekornes og Bernt Fauske målbar visjonar som mange i kommunen delte. Men ikkje alle var like rettlinja. Presset frå samfunnet utanfrå auka i styrke. Industrileiarar og seljarar som reiste i inn- og utland vart vane med øl og vin til maten og tok med seg skikken heim. Det vart skumla om kristelege industrileiarar som gjekk på nattklubb når dei var på møbelmesse i København. Mange snakka om dobbeltmoral. Dobbeltmoral var det også å sjå mellom fingrane på fylla utanfor ungdomshusa når det var offentleg dans, meinte mange. Her tok mange av dansegjestene flittige turar  bak nova for å styrke seg på heimebrent, kornøl og illeluktande sats. Dette verka som ein gammal og uutryddeleg tradisjon. Men mange stilte seg spørsmålet om det ikkje hadde blitt mindre flatfyll om dei fekk drikke sitt øl på hotellet i kontrollerte former og på legalt og offentleg vis.
Folkerøysting
 I 1965 var presset så stort at det vart arrangert  folkerøysting over spørsmålet om hotellet skulle få   skjenkerett. Fråhaldstanken stod så sterkt at det knapt var nokon som våga å flagga  eit ja-standpunkt offentleg. Røystinga viste også  at fråhaldsfolket hadde full kontroll. Frammøtet var 60 prosent. Det vart også 60 prosent som røysta nei til skjenking.  Vedtaket vart naturlegvis feira som ein siger. Sykkylven skulle framleis vere tørrlagt for kjøpe-alkohol.
Slik var situasjonen tilsynelatande avklara for mange år framover. Men i 1966 kom Ernst Ellingsen inn som hotellvert.  Han satsa friskt, pussa opp rom og restaurant og snakka høgt og fritt om sine planar om å levere mat og drikke både til forretningsreisande, turistar og bygdefolk. Hotellet hadde 30 senger. Før han tok over, kunne det vere så få som sju gjester på ein månad. Etter to års drift var det  stort sett fullt belegg heile tida året rundt, fortalde han til avisene.
 Sykkylven hadde behov for eit moderne hotell, det var også bygdefolket samde i. Etter kort tids drift gjekk Ellingsen ut og sa at å nå dette målet var vanskeleg å nå viss han ikkje fekk servere alkohol til spisegjestene. Det første drifts året hadde han 17 bryllaup på hotellet. Det andre hadde han 40. Neste år skal det bli seksti, lova han. «Det er litt av ein jobb å samle tomflasker og plastdunkar etterpå, men det får så vere. Om eit par år skal eg ha innført drikkekultur i Sykkylven», lova han.
Alkoholdebatten hadde høg temperatur over heile Sunnmøre. I Ørsta hadde Viking Fjord Hotel status som høgfjellshotell med skjenkeløyve gitt av departementet. Men samtidig hadde Ørsta kommunestyre gjort vedtak om at skjenkjeretten berre galdt for tilreisande og ikkje omfatta innbyggjarane i kommunen. Hotelldirektør Ingvald Rørnes hadde sans for effektar: Han sette opp ei godt synleg tausperring midt gjennom restauranten. På den eine sida sat tilreisande – også voldingar  – med alkohol i glasa. På andre sida sat folk frå Ørsta kommune og måtte greie seg med lagerøl, som var den tids lettøl og ei mager trøyst for folk i festhumør. Som venta skapte sperringa mykje aggresjon og brudulje. Då ringde hotellverten bildebladet NÅ.
Sarkasmer
I 1968 fekk også Sykkylven besøk av hovudstadspressa. Det var bildebladet Aktuell som var på langtur. Tema var naturlegvis det  tørrlagde Sykkylven. Alt frå første line la bladet seg på ein urban og sarkastisk stil, slik journalistar frå storbyen gjerne gjorde når dei rapporterte frå bedehusland:
«Når det nye året er inne, er alt klappet og klart for nok en akt i vår nasjonale komedie om legal skjenking av øl og vin. Scenen er denne gangen Sykkylven. Hovedaktør i tragikomikken er de gamle travere: Hotelldirektøren og bedehusfraksjonen. I den uskrevne rollelisten figurerer som før hotelldirektøren som fandens ambassadør og avholds/bedehusfolket som de byggende og samfunnsbevarende krefter», heitte det.
Bladet var ikkje direkte objektivt i behandlinga av skjenkesaka i Sykkylven. Vi kan meir enn ane at journalist Bjørn Hervik gjerne spela rolla som opplysningas faneberar i eit mørkemannland der pietismen heldt eit undertrykt folk i slavekår.
«Det pene og ordentlige hotellet, hvor der hittil bare har vært drukket brennevin på flasker og hjemmebrygg i ballongvis, har ikke såkalt turisthotellstatus, hvorfor departementet er avskåret fra å desavouere (overprøve) kommunestyret. Og derfor: Hvis hotellets direktør Ernst Ellingsen, et ukjent antall industrifolk og et ukjent antall av kommunens borgere vil ha skjenkerett – og de vil de - må de spille sin rolle til ende. Men de må gå hardere til verks enn forrige gang, under avstemningen i 1965. Da hadde de ikke mye de skulle ha sagt overfor mot-fraksjonen».
Journalisten prøvde å få nokre av innbyggjarane med ja-standpunkt til å uttale seg under fullt namn. Berre ein person våga å stå fram. Det var fabrikkeigar og kommunestyrerepresentant Fritjof Fredriksen. Sjølv drikk han både øl, vin og pjolter, vedgjekk han. Men han vil ikkje at ungdommen skulle få alt for lett tilgang til rusdrikken. Ordførar Arnold Weiberg-Aurdal understreka at han sjølv hadde han ikkje teke offisielt standpunkt. Men han gjekk så langt at han sette spørsmål ved om at var rett av kommunen å diskriminere sin hotelldirektør ved å nekte han ein skjenkerett som direktørane i nabokommunane kunne nyte godt av.
«Bak nova»
Då Ernst Ellingsen snakka med journalisten i Aktuell i 1968, stod han i ferd med å søkje kommunestyret om  skjenkerett for pils og bayer. Spørsmålet om vin og sterkøl ville han kome tilbake til når tida var mogen, det vil seie «når han hadde vist at han kunne halde styr på folk», som han sa. Han  rekna med avslag i kommunestyret. Då ville det bli kravd folkerøysting igjen. Etter to år som hotelldirektør i Sykkylven meinte han at han kjende bygdefolket og kjende seg trygg på at  stemninga var i ferd med å snu. Denne gongen ville ja-folket vinne folkerøystinga.
Formannskapet  behandla spørsmålet om skjenking av øl og vin i skattekasse to (pils og bayer) til spisegjester, reisande og til slutta lag. Søknaden vart avslått med fire mot tre røyster. Kommunestyret gjekk imot med 14 mot 11 stemmer. Strategien til Ernst Ellingsen slo til. Det vart  og  folkerøysting i september same året. 777 av dei som røysta gjekk inn for sal av vin og øl, 129 røysta for øl i skatteklasse 2 og 109 for øl i skatteklasse tre, altså totalt 1015 ja-røyster. 893 røysta imot.
 Det var altså fleirtal for øl. Dette var det første store slaget. Seinare skulle debatten blusse  opp med ujamne mellomrom og gi stadig nye del-sigrar for dei som ville lette på regimet. Eitt heitt stridspørsmål var om skjenkjeløyvet skulle knytast til spiseplikt. Ein ting var å drikke øl til maten. Ein heilt annan ting var å drikke berre for drikkinga si skuld. Vedtaket om at det skulle vere ølservering berre i samband med matservering, førte med seg ein praksis som av og til kunne skape reaksjonar. Dei faste øldrikkarane bestilte gjerne eit rimeleg  «inn- og-ut-smørbrød» som vart sett på bordet, men sjeldan fortært. Til tider kunne smørbrødet få mange turar inn og ut av kjøkkenet. Skulle det då kome ein gjest som faktisk var svolten og ikkje var  kjende med dei lokale kodane, kunne det vere at han kom til å setje tennene i eit velbrukt smørbrød som både var tørt og uappetittleg.
 Det vart kjempa vidare for servering av sterkøl og vin. Så kom  kampen om øl over disk. Det siste  kulminerte med ei folkerøysting som gav eit knapt ja-fleirtal. Det førte til at Sykkylven kommunestyre vedtok ølmonopol i 1987.
 I 1993 vart det vedteke ei prøveordning med ambulerande skjenkjeløyve som kunne søkjast for enkelte høve. I 2000 sa kommunestyret nei til  eit forslag om at det skulle seljast øl i daglegvarebutikkane. Ølmonopolet med utsal i Godsterminalen på kaia– eit utsal med eit makelaust utval for si tid – skulle halde fram. Vedtaket om øl i butikk vart gjort i 2004. I  2005 kom den første søknaden frå Vinmonopolet om å selje både  øl, vin og brennevin. Kommunestyret sa ja med stort fleirtal.

Den siste demninga hadde falle. 
(Årbok for Sykkylven 2016)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne