Orrfugljakt og presteplage




Segner er forteljingar som har levd i munnleg tradisjon. Ei viktig kjelde til desse historiene er samlingane til ørskogbygdaren Peder Fylling. Historiene han skreiv ned gir eit bilde av korleis folk tenkte og trudde for nokre hundre år sidan. Og ikkje minst – vi får vite litt om kva slags historier dei let seg underhalde av.

I denne artikkelen skal vi innom nokre av historiene til Peder Fylling som er knytte til Sykkylven. Mange av segnene er i dag lite kjende, medan andre er attgjevne i bygdebøkene for Sykkylven og høyrer sykkylvshistoria til. Utdraga i denne artikkelen er meint som smakebitar og appetittvekkjarar for å skape interesse for ei oppgåve som det historiske miljøet på Sunnmøre bør ta på seg: Å gi ut Peder Fyllings bøker igjen, omsett til moderne norsk og tilpassa eit  breitt publikum.
Peder Fylling (1818 – 1890) var fødd på garden Fylling i Skodje, her han budde heile livet. Han var eldste son, men ofra odelsretten sin for å dyrke sine interesser, som var historiegransking, innsamling av folketradisjon og fornminne. På 1870-talet var det store motsetnader i kampen mellom bøndene og embetsstanden og han engasjerte seg sterkt på bøndene si side. Trass i dårleg helse var han mykje på reise over heile Nordvestlandet for å samle inn historier og segner og han tok også vare på historiske gjenstandar som ikkje vart særleg høgt verdsette i samtida. Han gav ut seks historiske bøker og tre bøker med folkesegner. Peder Fylling var ein av dei viktige kulturberarane, folkeopplysarane og nasjonsbyggjarane på Sunnmøre, skriv biografen hans Jarle Sulebust i boka  Huldrefolk, Bygdefolk og venstrefolk, utgitt av Sunnmøre Museum i 2002.

Orrejakt
Segner er historier ein ikkje kan stole heilt og fullt på. Det vi veit, er at fortalde kvarandre desse historiene og at dei hadde glede av det. Det fortel også litt om mentaliteten til sykkylvingane for to - tre hundre år sidan.
Ein  av dei Peder Fylling omtalar var Jens Mortensen Knag, Fauske-jyden som dei kalla han, fordi han kom frå ei ætt på Jylland. På same tid budde oberstløytnant  Karl Fredrik Rømer i Sykkylven. Offiseren hadde si store glede av å jakta orrfugl på eigedommen til Fauske-jyden. Det ville ikkje grunneigaren ha noko av, og let lyse offentleg på kyrkjebakken at Fauske var freda for slik jakt. Det kom ikkje Rømer til å bry seg det minste om. Han sa han ville halde fram med å jakte orrfugl, «om de end sad på Fauskejydens Næsetip!»
 Vinteren etter kom det mykje snø. Det var ikkje mogleg å kome fram på nokon annan måte enn langs ein trakka gangsti. Rømer dreiv  framleis si orrfugl-jakt i Fauske-markane. Men Fauske-jyden rusta seg også til jakt. Han laga ei snare  av tauverk og plasserte den i gangstien. Snara var festa  til ei stor vippestong som vart lagt opp i  kløfta på ei bjørk og med ein stor hoggestabbe som motvekt på andre sida.
Det gjekk  ikkje lenge før Rømer kom gåande med børsa si og han gjekk rett i fella. Løkka stramma seg om beina til offiseren. Då den tunge hoggestabben ramla ned, vart offiseren slengd opp i lufta og han vart hengande opp-ned etter beina i renneløkka. Han måtte skrike etter hjelp. Då Fauske-jyden endeleg kom til og straks tok opp forhandlingar om jakta på Fauske med den dinglande offiseren, var det ikkje vanskeleg å få til ein avtale om at Rømer skulle halde seg langt unna orrfuglane  på Fauske seinare.

Kyrkjesteinen

 Peder Fyllings historie om Olav den Heilage sin tur gjennom Sunnmøre, vil vere kjend for mange. Mange underfulle gjerningar skjedde.  Det var på denne turen han kasta ein sjøorm opp i Syltefjellet i Valldal så ein kan sjå avtrykket etter han den dag i dag. Slik vart Syltefjellet aktuelt som klosterfjell. Då kongsfølgjet passerte Skrenakken i Stranda kommune, var kongen tom for snus og kasta snushornet sitt irritert i fjellveggen. Tobakken var ukjend i Europa på denne tida, men, skal vi tru segna, ikkje for helgenkongen. Avtrykket etter snushornet kan også med litt velvilje finnast att i fjellveggen.
Olav Digre, som  korkje var heilag eller konge så tidleg,  gjorde også ein  stopp i Sykkylven då si ferd inn Storfjorden. Utanfor Ørsneset hadde han møtt nokre båtar med kyrkjefolk. Dei fortalde at dei i mangel av eiga kyrkje heldt gudsteneste ved ein stor stein som vart kalla Kyrkjesteinen. Han følgde dei dit og var med på gudstenesta. Det må vere sant, for den dag i dag kan du sjå avtrykket etter ryggen hans i den harde steinen.
I Peders skrifter kan vi også lese den velkjende historia om den store og mektige Gudbrand Gudbrandsøn på Vik. Han fortel også om John på Dryftinghaug (Drotninghaug) som var så lesekyndig at han greidde å lese eit brev som sjølvaste sorenskrivar Melchior Falch (1752 – 1774) ikkje greidde å tyde. «John blev senere skolelærer i Søkelven, var gift, havde barn, og hans sønnesønn Bodvar, en nogenlunde oplyst Mand, forfatter av nasjonalsangen «Av de rygter jeg har hørt, om de kjemper i nord», døde i 1877.», skriv Peder Fylling.

Nils-Lars på Aurdal

 Han skriv også bondeopprøraren Lars Nilsen Aurdal, fødd 1742. Denne bondehovdingen er i boka Sykkylven i eldre tid omtalt som  ein modig opprørar mot embetsstanden og er i ettertidd mest hugsa for sin motstand mot ei kongeleg forordning om tvungen vaksinasjon mot poke (koppar).Lars Nilsen Aurdal heldt på å bli landsforvist for å snakke kongen midt imot, men slapp unna med ei stor bot. Professor Halvdan Koht nemner Lars frå Nilsgarden på Aurdal som ein modig representant for norske  norske bondeopprørarar i  boka Norsk Bondereising.
 Men sjølv om Peder Fylling elles stod på bøndene si side i striden mot embetsmennene, er han oppsiktsvekkjande hard i sin dom mot opprøraren frå Sykkylven:  «Med Hensyn til Lars Nilsen Aurdals Forhold til sine Medborgere, da har han stedse udvist den hadeværdigste og foragteligste Karakter. Udsugelser af alle Slags, den Fattiges Fortrykker og Forurettelse, Bedragerier og Uretfærdigheder har stedse betegnet hans Livsbane i Verden (…) kort: Lars Nilsen Aurdal er det sletteste og afskyeligste Menneske, den foragteligste Statsborger og den sletteste Christen som jeg nogensinde har kjent. Hver Mand i Menigheden kan i denne Henseende optræde som Vidne mod ham og bevitne indtil høieste Evidens, at intet Træk af dette afskyeligste Billæde er overdrevet, men stemmende med den nøgne Sandhed», skreiv Peder Fylling om den opprørske bonden i Nils-garden
.
Presteplaga

Det var litt av ei salve. Andre tider stikk han ikkje sin kritikk av storfolk under ein stol, som i omtalen av soknepresten i Ørskog nokre hundreår tidlegare:
«Som bekjent var Hr. Ebbe Madsen Sogneprest til Ørskoug fra Aar 1589 til 1629. Han skal, i følgje Sagnet, have været meget glad i det smukke Kjøn, ligesom han ikke alltid tog det saa nøie, om det var gifte Koner, naar han bare fikk kjærtegne dem og give dem et venlig Smil eller et Kys; og denne Dyd havde denne Præstemand tilfelles med sin Tids Præstestand, der ei alltid gjorde det til sin Pligt, at overholde Kydskheds-Løftet.
 Det skal især have været i Søkelven Sogn, at Præsten Ebbe Madssen under sine Husbesøg gik væl vidt iden nevnte Henseende, hvor det ikke sjældent gik ud paa Voldtægt paa gifte Koner, naar disse vare skjønne og en Pryd for Dalen; thi det var især Velledalens smukke koner der vare udsatte for hans Nærgaaenhed i det Stykket. Nu og da gaves Gaardmændenes Harme Luft over et saadant Uvæsen, især ved Aar 1599, da de fik istand en Klage over Præsten, og med denne reiste nogle Gaardbrugere fra Velledalen til Valderhaug, i Haab om at overlevere den til Kong Christian 4de, som da var ventendes did paa sin Reise fra Varderhuus.
Da det kom til Stykket, at det skulle overlevere Klagen i Kongens Hænder, kviede de fleste sig til dette Værk, saa at en Tid hengik, uden at nogen av Søkelvsmændene turde paatage sig at overlevere Kongen samme. Endelig var Kongen allerede med sine Hoffolk kommen ned i Baaden, og skulde Noget gjøres i den antydede Rætning, var Øyeblikket kostbart, thi nu var Kongen færdig at tiltræde sin Reise sydefter.

Eæ du Konge?

 Endelig tog en Mand fra Brunstad Mod til sig, tog Brevet (Klagen) i sin Haand, gik ind på Baaden, hvor det høie Hærskab allerede havde ordnet sig til Sæde. Men nu oppstod den største Forlegenhed for Brunstadmanden, at han knapt kunde skjeldne Kongen fra de øvrige af de høie Herrer, thi til Kongen selv vilde han overlevere Brevet. Nu tog Brunstadmanden til at spørge enhver med Guldgaloner broderet Person, han gik forbi i Baaden: Eæ du Konge? Eæ du Konge? Eæ du Konge? osv, men tilsidst kom han endelig hen til Kongen selv, som navngav sig og han modtog Brevet, læste det, stakk det i Lommen idet han loved Sagen et godt Udfald.

 Nu blev Brunstadmanden saa rent begeistret over den venlige Modtagelse han fandt hos Kongen, at han i sit sædvanlige Søkelvsmaal ønskede Kongen en lykkelig Hjemreise, i det han sagde: «Vor Herre, gji Dokke ei lukkelig Heimreise, Konge! Den Herre, so leidsakte Israels Børn igjønnaa dæ Raude Hav, han leidsaka Dokke no lukkele heim» For en saadan enfoldig Lykønskning fik Brunstadmanden et Guldstykke (Guldpenge) som Kongen tog op af Lommen og gav ham.
kong Christian Kvart forhasta seg ikkje med å gripe inn mot presten i Ørskog. Kongen var sjølv ikkje så nøye på det, for ei natt eller to før på Brunholmen hadde han besvangra ei jente frå garden Blindheim i Sykkylven, skriv  Peder Fylling i ein eigen merknad til historia.

 Det måtte fleire påminningar før Kongen endeleg gjorde noko, men i  1620 – altså 20 år seinare - tok han til slutt kontakt med Knud Grubbe, befalingsmannen på Sunnmøre,  og bad han sjå nærare på vandelen til soknepresten. Men «Ebbe Madssen har vist at give Smørring her hvor denne behøvdes, thi der er al Sandsynlighed for, at Sagen mod ham er blevet dysset i Søvn, i alt Fald ser jeg, at han var Præst til Ørskoug lige til sin Død Aar 1629», la Peder Fylling til.

(Årbok for Sykkylven 2018)





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne