Minneord Bjarne Myrstad



Journalist, forfattar og informasjonssjef Bjarne Myrstad er død, vel 70 år gammal. Det siste året tok sjukdommen stadig meir av kreftene hans. Han sovna inn i heimen sin i Oslo natt til måndag 7. januar med familien rundt seg.

 Bjarne Myrstad vart fødd i Selje i 1948. Han gjekk lærarskulen i Volda og tok eksamen i 1971. Det var i redaksjonen av skuleavisa Peikestokken vi først møttest. Peikestokken var den gongen ei felles skuleavis for alle skulane i bygda. Avisa hadde ikkje tradisjon for å provosere. No skulle vi nytente 68-arar gjere reint bord: Harde åtak på USA sin krig i Vietnam, stoff om studentopprøret i Paris og stadige oppgjer med autoritetane sjokkerte lærarar og bygdefolk
.
Bjarne Myrstad  var med på provokasjonane, men det han gjorde, hadde også eit praktisk siktemål. Han rakk å starte mållag ved Firda gymnas før han flytta til Oslo. Han byrja ved Kristeleg Gymnasium og skipa mållag også der under mottoet «gjer nynorsk til bynorsk». Han var nestleiar i Norsk  Målungdom. Frå 1979 til 1981 leia han Kringkastingsringen og la ned eit stort arbeid for å stimulere til meir bruk av nynorsk og dialekt i radio og fjernsyn.

Han byrja si journalistiske løpebane ved Nynorsk Pressekontor i 1971. Til Dag og Tid kom han i 1974.  Det var ei avis som passa ein flittig vestlandsk idealist.  Redaksjonen på pluss minus fire skrivande skulle gi ut to aviser i veka, pluss ekstra distriktsutgåver. Sjølv om innsatsen var stor og viljen god, var det ein kamp å få avisa ut.

Flat struktur skulle det vere. Vi smykka oss alle med redaktørtittel og redigerte og skreiv på omgang. Spaltene var vidopne for alle slags ytringar og ein fristad for alle slags frifantar i bygd og by. Vi hadde gode spaltistar og medarbeidarar som NRK-mannen Herbjørn Sørebø og  filmskaparen Olav Dalgard og Torolv Solheim. Stundom kunne den aldrande lyrikaren Hans Henrik Holm kome tassande  opp dei tunge trappene i Kr. Augustsgate for å treffe ungdommane i bladstova.
Bjarne Myrstad var først og fremst reportasje- og nyhende-journalisten. Kystnæringa var ei hovudinteresse. I 1979 braut han opp og flytta til Florø som frilansar. I 1983 vart han tilsett i Bergens Tidende, med særleg ansvar for fiskeri- og havbruksstoff. Det var ikkje mange av hans yrkesbrør som var meir ute på havet enn han i desse åra. Reportasjane hans vart lagt merke til. I 1990 vart han kalla til Fiskeridepartementet som informasjonssjef og vart talsmann og støytpute for fleire fiskeristatsrådar. Etter åtte år i denne krevjande jobben, fekk han stilling som seniorrådgivar med særleg ansvar for å lære departementet å skrive klart og auke bruken av  nynorsk. Fiskeridepartementet vart kåra som best av alle departement med 40 prosent nynorsk i si utoverretta verksemd.

 Bjarne Myrstad har skrive fleire bøker med tema frå fiskeri og kystkultur: Vestlandsfiske, ein biografi om Hallstein Rasmussen og historia til fiskeri- og havbruksmessene i Noreg. Han skreiv også 50-årssoga til Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Vi minnest han som hardt arbeidande, nøyaktig,  lojal og omgjengeleg med sans for den gode historia. Han dyrka venskapet og familien. Han elska Selje, Vestlandet og den mangfaldige kystkulturen.

 Kollegaer og kameratar lyser fred over hans minne.

 (Dag og Tid)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne