Kraftverket i Sykkylven 100 år




«Døkke e no vel ikkje så steintulne, kare, at døkke trur døkke kanj få Riksheimføssen inj gjønå en streng, sa ein gammal gubbe då vi heldt på å reise kraftstolpar gjennom grenda hans.

 Slik mintest kraftverkveteranen Gustav Lefdal i eit intervju om pioneråra for Sykkylven kommunale kraftverk. Replikken finst i heftet som vart gitt ut til femtiårsjubileet til Sykkylven kommunale kraftverk i 1968. Gustav Lefdal var med frå starten og arbeidde i kraftverket gjennom 44 år. Han hadde også dramatiske minne: Ein gong fekk han høgspent i seg medan han arbeidde i ein stolpe på Grebstad. Han besvimte og vart hengande over jordleidningen oppe i stolpen. «Han Kaghol-Johan vart var meg og skjøna at noko var gale. Han gjekk til Aure og ringde til verket at dei måtte slå av krafta. Det var ikkje bil og telefon å trive til i kvart hus den gongen. Eg hang der til han kom att. Då han ropte på meg, kom eg til meg sjølv. Eg greidde å få meg ned; men eg hadde vore så hardt ute at egeg gjekk som i svime lenge etterpå. Noko varande mein fekk eg likevel ikkje», fortalde han.


Elektrisk glo

 Gustav Lefdal får representere den store innsatsen og vågemotet  som er lagt ned for kraftverket gjennom hundre år. Dei visjonære pionerane frå kommunepolitikk og næringsliv, dei praktiske fyndelane som tenkte og spekulerte og prøvde seg fram. Og dugnadskarane som la ryggen til for å få ting til å skje og få elektrisk glo i taklampa. Hundre av dei stilte opp for å dra ein steinsleden med tunge maskinar i våt og djup snø opp til kraftverket under bygginga.  Tjue av dei møtte fram då røyrgata skulle byggjast og rulla røyr-seksjonane  opp den bratte fjellsida. Då Fauske-karane forstod at linegjengen ikkje ville greie å gjere høgspentlina til Fauske klar etter planen, trødde dei til sjølve med stordugnad, slik at dei fekk elektrisk lys til jul.

I 1915 hadde Sykkylven fått sitt første småverk på Erstad. Men det vart raskt klart at det måtte byggjast større skulle ein dekkje behovet i heile kommunen. Aureelva, Vikeelva, Regndalsfossen, Riksheimfossen, Ikornneselva, Tusvikelva og Megardselva var alle vassdrag som vart  undersøkte. Riksheimelva hadde størst potensialet. Rett nok hadde Vestlandske Fossekompani alt i 1890-åra sikra seg retten til fossen mot ei årleg avgift. Men dei siste åra hadde dei ikkje betalt det dei skulle. Det vart rettssak og Riksheim-karane vann fram og kunne selje til kommunen.

 Det var stor interesse for å skaffe elektrisitet. Mange stilte gratis stolpegrunn til rådvelde for kraftverket og mange teikna prøveabonnement før kraftstasjonen var sett i verk. Dei første tingarane noterte seg for kraft for 7.500 kroner totalt det heldt til 140 hestekrefter. På denne tida vart det seld 234 fat parafin til husbruk i Sykkylven - det var om lag same kostnad. Det store fleirtalet i kommunen var samde  om at det skulle byggjast eitt stort kraftverk for heile kommunen. Dei fleste meinte også at det skulle vere kommunalt, sjølv om  nokre meinte det var uforsvarleg så lenge det var krig og dyrtid i landet. I 1915 vedtok kommunen samrøystes å kjøpe fossen. At kraftverket skulle vere kommunalt vart vedteke med 14 mot seks røyster. Nokre tvilarar  fanst også og reiste spørsmålet: Ville straumen nå fram til dei gardane som låg høgare i terrenget enn Riksheim. Kunne straumen eigentleg renne i motbakke?

Finansiering
 Det store spørsmålet var naturlegvis finansieringa. Kommunen skulle få låne 100.000 kroner frå  dei to bygdebankane. Kor mange som ville abonnere og kor mykje dei  ville teikne seg for var enno usikkert. Men arbeidet var i gang. Sommaren 1917 var det prøvedrift. 23. januar 2018 kunne Sunnmørsposten slå fast: «Det kommunale elektrisitetsverk i Sykkylven er nu i drift. Det elektriske lys blev for første gang tatt i bruk derinne i går kveld. Forskjellige vanskeligheter er årsak til at ikke alle som hadde meldt sig som lysabonnenter, har fått ferdigmontert sine lysinnlegg, men på de fleste gårde fra Riksheim til Jarnes lyste de elektriske lamper. Det var stor begeistring da lyset blev satt på»
 Ved årsskiftet hadde kraftverket utbygd med ein generator på 500 hk., 7500 volts spenning og 11 trafoar og linjenett til dei fleste tun i bygda. Røyrgata var 1,1 km lang, 700 meter var stålrøyr med ein diameter på 40 cm. Den opphavlege kalkylen var 250.000 kroner. Sluttkostnaden vart 870.0000 kroner. Det vil seie vel 20 millionar kroner i dagens pengeverdi.

 Men det var ikkje like lett å reise ein slik sum som i dag. Det var tronge tider. Verket gjekk med underskot. Og det skulle bli verre. Dei tynne og rimelege jarnleidningane førte til stort spenningstap. Det måtte kjøpast ein spenningsregulator til 80.000 kroner. I 1928 kom det melding frå Bankinspeksjonen om at bygdebankane hadde gitt kommunen alt for store lån og at dei måtte krevje større avdrag. Den økonomiske krisa ramma heile samfunnet. Mange tok kontakt og sa frå seg kraftabonnementet. Dei hadde ikkje råd til å betale straumrekninga.

 Straum-mangel

 Den økonomiske krisa prega heile første del av 30-talet. Men det var ein overgang. Industrien tok til å vekse fram. I løpet av nokre år var problemet at det var alt for stor etterspørsel etter kraft. No følgde år då straumen rasjonerast om vinteren. Særleg ille var det vinteren 1936. Fleire av bedriftene måtte kjøpe motoraggregat for å skaffe kraft til maskinparken. Tynes Møbelfabrikk kjøpte ei gammal dampmaskin for å supplere den kommunale straumen.
Det einaste som kunne bøte på vassløysa var å hente meir vatn og føre den i tunnel frå Storevatnet. Det vart arbeidd i to skift. Det var mange problem og fleire dramatisk hendingar. 12. september 1940 var det gjennomslag og kraftverket tappa seks millionar kubikkmeter vatn kvart år.  Prisen var 160.000 kroner. Seinare skulle behovet for kraft både i hushald og i industrien auke kraftig år for år. Kraftmangelen var stor. I tillegg hadde verket to større uhell i 1943. Akslingen på den største turbinen brotne og skadde løpehjulet. Ei veke etterpå brende ein av generatorane på grunn av overbelasting
 Endeleg var krigen slutt. Etter kvart kom også vareflyten i gang att.  Då eit nytt aggregat kom i drift i 1947 og etter kvart også ei ny røyrgate, var det slutt på straumrasjoneringa. Men kraftmangelen varte ved. Nye høgspentlinjer og transformatorar, samarbeid med Tafjord og etter kvart oppkjøp av Tussa-aksjar og tilkopling til samkøyringsnettet utvida smått om senn kapasiteten.
Per Arne  Aursnes (90)  byrja i Kraftverket i 1952 og gjekk av i 1997 etter 13 år som elverksjef.  Då han byrja stod utfordringane i kø. Industrien var i vekst. Materiellet var dårleg. Samstundes var det lite investeringsmidlar. Kommunalbanken bestemte til ei kvar tid kor mykje pengar som kunne lånast. Den store oppgåva  var å få ruste opp det lokale linjenettet.
Den første tida heldt dei til i kjellaren i kommunehuset. Etter kvart fekk dei flytte til det området dei heldt til på  i dag. Elverksjef Per Arne Aursnes fekk bryne seg på  store omstillingar i sin periode: Det kom ein ny energipolitikk med kraftig priskonkurranse mellom kraftprodusentane. Det kom nye hjelpemiddel. Han fekk vere med i arbeidet med å utvikle det nye abonnementssystemet for kraftkundane. Det var starten på den digitale utviklinga som etter kvart skulle revolusjonere bransjen.  Dei fekk utstyr som gjorde det mogleg å fjernstyre kraftstasjonen på Riksheim. I desse dagar blir det også mogleg å gjere målaravlesinga sentralt. Slike framsteg er ei utvikling han helsar velkomen.
- Eg har alltid likt den digitale teknologien som blant anna gjer det enkelt å finne ut kvar i leidningsnettet vi har mest svinn. Det gjer det mogleg å finne ut kvar vi taper energi og etablere det straks, seier Per Arne Aursnes.  I 22 år har han vore ein aktiv pensjonist. Han har snekra og drive fjordfiske. Han har ikkje lagt datamaskinen på hylla sjølv om han har blitt pensjonist. Han har følgt godt med i utviklinga og datateknologien har blitt hobby.  Det byrja med arbeidet med å lage ei heimeside for Sykkylven sogenemnd. Seinare har han vore ein teknisk ressursperson på BUAS som alltid har vore lett å be når det var problem med fjernsyn, datamaskinar og  internett.
Dei siste tiåra har kraftselskapet  tilpassa seg  nye oppgåver og nye samarbeidspartnarar: I 1962 vart kraft frå Tussa fasa inn over Sykkylven sekundærstasjon. I 1983 vart kraftstasjonen i Ramstaddal teken i bruk. I 1997 tok selskapet namnet Sykkylven Energi. I 2002 overtok kraftselskapet VAR-området (vatn, avløp og renovasjon) frå Sykkylven kommune. i 2005 vart ein ny miljøstasjon opna på Jarnes. I 2012 byrja Sykkylven Energi også å byggje ut fibernett i kommunen.
Kraftlyrikk
 Ein av sønene til den første elverksjefen Hermod Sagen var forfattaren Rolf Sagen, som voks opp i Sykkylven. Til  jubileumsheftet som kom ut ved 70-årsjubileet, leverte han dette diktet, tileigna Sykkylven kommunale kraftverk. Det er ikkje mange andre energiverk som har blitt æra med poesi:


KRAFTSTASJONEN

Skodda syg dei svarte tindane
Brear kjøler dei reintærde strender
kring nakne steinute vatn


Langt nedunder våte bjørkelier
ved fjordens logne arm
står kraftstasjonen
i sitt eige tordnande vassbrøl
kantut grå

Kom varleg hit inn, du veike

Her er ikkje mannemål høyrt

Her pumpar ditt vesle hjarte

ein reddsmygar-straum
Hald unnan for den som er herre!


Det er kreftene frå dei ville høgder
Dei vrinskar, riv i sin sele
og stålspende temjartaum

ROLF SAGEN

(Årbok for Sykkylven 2018)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne

Lang kamp for promille

Sunnmøringen