Tandstad skule 1890 – 2018 Glimt frå protokollane



Dette året vart Tandstad skule er lagt ned og elevane er overført til Jarnes skule. Nedlegginga  skjedde trass i kraftig motstand frå innbyggjarane i krinsen. Tilsynsprotokollane er ei god kjelde til skulens indre liv gjennom tidene. Artikkelen er ein omarbeidd versjon av eit kåseri som vart framført då skulen feira hundre år i 1990.


 Først eit historisk mysterium: Greidde nye Tandstad skule bukt med problemet med aking på gelenderet? Då den nye skulen stod ferdig, var det med nokre fantastiske gelender å ake på. Dei var bratte, fint avrunda med krappe svingar mellom etasjane.
Det fanst naturlegvis gode grunnar til at ein ikkje skulle ake på gelenderet. Ein kunne ramle ned mellom trappene og slå seg forderva mot kjellargolvet. Viktigare: Det var ikkje lov. Tiltak vart etterlyst og 2. desember 1959 vart det under  posten Ymse vedteke at det skulle setjast på knottar på gelenderet for å hindre aking. I følgje tilsynsprotokollen, fekk krinsformannen oppgåva. Truleg vart det aldri gjort. Underteikna  var ein ivrig gelender-akar på den tida og eg kan ikkje hugse at vi nokon gong var hemma av knottar.

Men lat oss gå tilbake til protokollen frå 1890. Tilsynsprotokollen inneheld referata frå møta i skulekrinsen foreldremøte, krinsmøte og møte i tilsynsutvalet. Vi er tilbake til unionen med Sverige, dansk språk i skulen og ei tid då  undervisninga enno gjekk på omgang mellom gardane.
«Aar 1890, den 28. januar, sammentraadte - på Gården Strømmegjerde de i Skolesager stemmeberettigede Indvaanere av Tandstad Skolekrets for ifølge Ordre af Søkelvens Skolestyre, og at etterkomme den nye Skolelov av 26. juni 1889, at vælge 3 Medlemmer, der isammen med Kredsformanden skal danne tilsynsudvalg for Tandstad Skolekrets. Det oppgaves Møde av 28 Stemmeberettigede, og Valget havde saadand Udfald: Gårdmenn Peter B. Olsen Tandstad, Peter Pedersen Strømme og Andreas Nilsen Tandstad.

Tugt og Orden
Det er framleis 1890: På saklista 20 november stod disiplin på saklista. Krinsmøtet ved Tandstad skule vedtok følgjande retningsliner: «For så¨vidt der skulle være Børn som i Skolen begaar en eller anden Udyd, f.eks lyver, bedrager, begår tyveri eller tilføier en eller flere av sine Kammerader nogen Skade, har Læreren å henvende sig til barnets Foreldre eller til Tilsynsutdvalget, som da drager Omsorg for, at den eller de skyldige bliver straffet om nødvendig med Ris. Skulle der være uefterretteligheder eller ligegyldige Foreldre, som ikke straffer sine Børn når de blive varslede, skal læreren og to av tilsynsutvalgets medlemmer gjøre det dog må det skje med Besindighed og Kjærlighed.
Å gi ungane ris med «besindighed og kjærlighed». Det høyrest framandt ut. Men ris var den vanlege måten å straffe på for hundre år sidan. Foreldra til ungane på Tandstad skule sikra seg i alle fall mot at ungane skulle bli slått i affekt og sinne. Det var også eit viktig prinsipp at det var foreldra og ikkje læraren som hadde ansvaret for å utføre straffinga. Det var ikkje noko bakstreversk vedtak. Men berre ti år seinare, i år 1900, kom saka opp på nytt. Burde legemlig Straf anvendes? Denne gongen svara krinsmøtet samrøystes nei på spørsmålet.

Skulebygging
 Endå eit krinsmøte i 1890 og ei endå viktigare sak: Det vart drøfta om det var «ønskeligt og nødvendig at opføre Skolehus i Kredsen, og efter lengere overveielse og samråd blev man enige om at gaa i gang med husets Opførelse snarest muligt på Jens Olsens Strømmegjerdes grunn». Alt 10. januar 1891 var oppsitjarane på synfaring. Dei vart samde om at skulen skulle ligge på ein teig «gjerdselteig kaldet» Tomta på eit halvt mål skulle betalast med 20 kroner. «Ingebrigt O. Velle skulde avfsende en skrivelse til en vis Skoveier og materialhandler i Romsdalen med forespørsel om han for Nærværet kunde skaffe Materialer til et Skolehus.»
Skulen skulle byggjast med pliktarbeid. Store og små bønder skulle arbeide like mykje. Det var ikkje alltid dei største bøndene som fekk dei største barneflokkane. Ole Pedersen og Andreas Nilsen Tandstad dissenterte på plassering og tomteval. Dei ville ha huset lenger ute altså nærare Tandstad-gardane og dessutan nedanfor bygdevegen. Året etter vart krinsen einig om å betale 4 kroner per skyld-dalar til skulen. Skyldsystemet er som mange vi vite ein måte å måle skatteevna til kvar enkelt gard. Dei som hadde store gardar og høg skyld måtte også  betale meir til fellesskapet.
 Det første året vi har rekneskap for ved Tandstad skule er 1902 og årsrekneskapen ser slik ut:

«Kassabeholdning frå forrige år kr 3,24
Brandskatt                             kr 0,75
En flaske olje                         kr 0,10
En glasrude                            kr 0,90
Modtaket kretsbidrag kr 100
Betalt til Sivert J. Drabløs (som dei hadde lånt pengane av)    kr 95
Til Ole P. Heggen                 kr 4,31»

Ei flaske olje, ei glasrute, brannskatt eller forsikringspremie. Det var det totale forbruket i 1902 i tillegg til den ganske beskjedne lærarlønna. Året etter måtte dei ut med 85 øre i feiing, 75 øre for å kjøpe tre spyttebakkar, dei kjøpte ein oljebehaldar, brennar og veike, eit støvbrett og ein kost (kr 0,70), 2 flasker olje, to glasruter og ein kilo grønsåpe. Det var forbruket dette året. Vi kan merke oss at glasruter gjekk det ein del av, den gongen som i dag. Ved til oppvarming kom i tillegg, det var det foreldra som sytte for. Her er ikkje utgifter til dopapapir på utedoen ein going. Dette får ein kalle rimeleg administrasjon.

Lærarval
 Så var det val av lærarar. Her kan vi ane dramatikk og spenning mellom linene i dei nøkterne referata i protokollen. Den gongen var slekt og tilknyting til grenda og lokalsamfunnet viktig. «Trynefaktoren» kunne vere avgjerande. Lærarane som var innblanda, var kjende sykkylvingar. Det gjorde det ikkje lettare.
Året er 1919: Første prøverøysting i tilsynsutvalet: Johan Eidem fekk flest stemmer, deretter Karl Tandstad, Johan Hammer og Henrik Strømsem. Endeleg val: Her vart det like mange røyster på Johan Eidem som Karl Tandstad. Johan Eidem vart innstilt som nummer ein etter loddtrekning. Henrik Straumsheim kom som nummer 3.  Men krinstilsynet var ikkje einige og gjorde si eiga innstilling: Johan Eidem (1), Henrik Straumsheim (2) og Johan Hammer (3). Vi anar sterke kjensler hos dei  tillitsvalde.
Lat oss hoppe endå eit knapt tiår framover i historia. Dette året vart det kjøpt tre stampar til veslehuset og lærarrommet fekk ein ny stamp som det kunne kokast vatn i. Arbeidsløysa er på topp desse mellomkrigsåra. Det var 78 søkjarar som ville bli lærar på Tandstad  skule. Trygve Straume vart innstilt som nummer ein av krinsen. Han fekk jobben og sidan vart han verande.

Trettiåra
Det blir sparsamt med opplysningar i protokollen utover trettiåra. Stort sett er det vala på nye formenn og medlemmer. Under krigen er det ikkje krinsmøtereferat. I 1945 set dei seg i sving med å grave ut skuleplassen. 11.000 kroner er den svimlande summen dei budsjettertre med.
I 1955 skreiv  foreldrerådet brev til handelsmennene i Straumgjerde og bad om at dei ikkje skulle selje upassande blad til borna eller leggje dei slik at borna ser dei. Dette var i dei uskuldige femtiåra. Gudane må vie kva kjøpmennene Hans Strand, Inge Strømme og Bjarne Drabløs hadde av dristig lektyre som ikkje passa for ungar.
Foreldrerådet tok også opp problema med å få ungane inn om kveldane. Det vart vedteke at ungar skulle vere inne klokka 21. Skuleklokka ringde kvar kveld og varsla portforbodet. Vi pilte heim. Det var ei alvorleg sak å vere ute etter at klokka hadde ringt.

 Moderne tider
Kjøp av filmapparat vart ei viktig sak, vedteke mot to røyster i 1957. Postopnar Per Langeland vart formann i nemnda som skulle skaffe pengane. Og filmapparatet kom. Filmapparatet var eit  stort vedunder som bråka noko heilt forferdeleg og som berre høgt skulerte lærarar med fersk lærarskuleeksamen var i stand til å træ og setje i gang. Det vart eit godt tilskot til den velbrukte  flanellografen som før dette vår viktigaste kanal til visuell kunnskap viktige fag som bibelsoge og geografi.

  (Årbok for Sykkylven 2018)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne