Amundsen-apropos


 Her er eit lite PS til Amundsen-filmen. I mangel av andre kjelder brukte både lokale aviser og osloaviser nemleg bestefar min, den synske Karl Tandstad i Sykkylven som kjelde for sine oppslag om Amundsen og hans lagnad:


«Ut gjennom mellomkrigstida voks dei daglege brevbunkane og det kom stadig nye bod frå naboar med telefon. Ein viktig grunn var at avisene hadde teke til å intervjue dei  når menneske var sakna.

I 1925 vart Karl avisenes yndling då han rapporterte frå polflyginga til Roald Amundsen. Amundsen skulle flyge over Nordpolen, men kom ikkje tilbake som planlagt. Den synske kunne fortelje at han måtte naudlande i ei råk. Han kunne fortelje at han såg korleis isen kom brytande mot flybåten då dei landa og at mannskapet streva og arbeidde med å trakke snø og lage startplass. Han såg også at ein av polfarane fall i sjøen og berre med naud og neppe vart berga opp på isen igjen. Då Amundsen og hans menn kom seg heilskinna tilbake og kunne fortelje, viste det seg at avisintervjua stort sett gav ei korrekt framstilling.
(DAGBLADET /AALESUNDS DAGBLAD 1928)


Denne gongen kjem Amundsen att, men det gjer han ikkje neste gong, sa Karl Tandstad til avisa.
Tre år seinare vart den italienske general Nobile meldt sakna etter at han hadde prøvd å nå polen med luftskipet Italia. Roald Amundsen la ut på leiteekspedisjonen med flybåten Latham. Denne sommaren fekk dei synske på Tandstad hundrevis av besøk og meir enn tusen brev med spørsmål om korleis det gjekk med leiteaksjonen. Heile garden såg ut som ein pilegrimsstad, sa ein av naboane.



















(Aalesunds Dagblad/Dagbladet 1928)


Karl og Olga fortalde i avisintervju at Amundsen hadde gått ned og landa fint i ei råk, men flygemaskina var øydelagt og ekspedisjonsmedlemmene streva hardt for å reparere flyet. Nokre dagar seinare fortalde Karl til Aalesunds Avis at dei ikkje lenger kunne sjå Amundsen og at han trudde han var død.

Og denne gongen kom ikkje Amundsen og hans menn tilbake. Men ein bensintank frå flybåten Latham vart funnen seinare av ei ishavsskute. Her kunne det sjå ut til at det var gjort forsøk av å byggje han om til flottør til flybåten. Det kan tyde på at ekspedisjonsmedlemmene overlevde naudlandinga og at dei hadde prøvd å reparere farkosten før dei omkom, slik Karl hadde fortalt.»


(Sykkylvsbladet) 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne