Talentfabrikken R & R
Ein
fellesskapsorientert sykkylving satsa sterkt på unge talent. Rastad og Relling
Tegnekontor vart reine talentskulen for våre fremste møbeldesignarar.
Endå eit hol i faglitteraturen om norsk møbelindustri
er fylt med Mats Linders bok om Rastad & Relling Tegnekontor. Mange vil
hugse R & R som ein stilig og ganske dyr møbelbutikk i Klingenberggata i
Oslo. Men firmaet inneheldt også eit tradisjonsrikt og respektert designstudio
som sette tonen for mykje av formutviklinga innan møbel. Designavdelinga med Adolf
Relling i spissen og med ein flokk ferske, men uhyre talentfulle møbeldesignarar
etter seg, sette djupe spor gjennom alle dei nyskapande tiåra frå 1943 og fram
til rundt 1970.
Interiørarkitekt.
Utdanning som interiørarkitekt var ikkje eit opplagt val småbrukarbrør frå
Sykkylven kunne kome på i dei tronge trettiåra. Men i Relling-familien var det
dette dei ville. Adolf Relling (1913 –
2006) hadde tidleg fått interesse for snikkaryrket. Som tolvåring følgde med frå sidelina når snikkarlæraren,
som budde på hybel hos familien, heldt kurs for vordande møbelarbeidarar i
ungdomshuset. Som 16-åring byrja han i snikkarlære på ein møbelverkstad.
Han tok korrespondansekurs i fargelære,
frihandsteikning, konstruksjonsteikning og fagteikning. I 1936 gjekk draumen i
oppfylling: Han kom inn ved Treavdelinga ved Statens håndverks- og
kunstindustriskole i Oslo. Funksjonalisten og arkitekten Arne Korsmo hadde
nettopp blitt tilsett som overlærar. I løpet av få år reformerte Korsmo
utdanninga radikalt, kasta ut mykje av det gamle og innførte nye prinsipp.
Adolf Relling var ein av dei som meinte at Korsmo gjekk for langt og at han snudde
ryggen til fortida og stilhistoria. Saman med likesinna studentar dreiv han
sjølvstudium blant anna av norsk folkekunst. Resultatet ser ein i ein tidleg serie
småstolar der han sameinar stiltrekk frå bondekultur og funksjonalisme.
Teiknekontor. Då krigen braut ut, var
Adolf Relling heime i Sykkylven, der han arbeidde for dei nyetablerte møbelfabrikkane
L.K. Hjelle og Hjellegjerde Lenestolfabrikk. I 1943 var han tilbake i Oslo.
Saman med studiekameraten Rolf Rastad gjekk dei saman om det som skulle bli
Rastad og Relling Tegnekontor. Det byrja med teiknebord, skrivepultar og
småmøblar. Med den store etterspørselen i gjenreisingstida kom også prestisjeoppdraga:
Teiknekontoret leverte teikningar til interiør for salongane i Kongeskipet Norge,
armstolar og konferansemøblar til Stortinget og Marienlyst og direktørmøblar for
Norsk Arbeidsgiverforening.
Kontoret skapte også bestseljarar som Blinken
og Bravo for Hjellegjerde og klassikarar som Krysset og Skjold for Bahus, Bambi
for Vatne og bordskapet Syklus – eit møbel som kunne utstyrast både som sybord
og som barskap. I 1965 - etter mange år med mørke hardtresortar, introduserte Rastad & Relling også
furutrenden med Futurum-serien.
Fellesskap. Teiknekontoret tok inn ferske, men gåverike designarar og gav dei
utfordringar og tillit. Møblane dei skapte vart ofte til i fellesskap. Blant
medarbeidarane var Fredrik Kayser, som teikna lenestolen Krysset, Sigurd
Resell, som gjorde mange flotte design for Vatne Lenestolfabrikk og Arne
Halvorsen (Futurum og Quadratum). Hit kom også Ingmar Relling, som gjekk i brorens fotspor nokre år
seinare.
På grunn av den kollektive arbeidsmåten
ved teiknekontoret er det ikkje alltid like lett for forfattaren Mats
Linder å feste alle møblane til ein
spesiell person, men han prøver. Ideane flaut fritt mellom medarbeidarane som
vart oppmuntra og utfordra av sjefen Adolf Relling. Mats Linder, som har skrive
boka, er privatpraktiserande designhistorikar og har blant anna bøkene Norske
Designmøbler 1940 – 1975 og den omfattande katalogen til utstillinga Norwegian
Icons på merittlista. Han skriv kortfatta og poengtert og har lagt stor vekt på
illustrasjonar. Ikkje minst dei vakre handteikna skissene og arbeidsteikningane
frå teikneborda i R & R er interessante for eit moderne publikum, leie som
vi ofte kan bli av upersonlege maskinteikningar rett frå datamaskina.
Mats
Linder:
Møblene er fra Rastad Relling
Form
forlag
Kommentarer
Legg inn en kommentar