Smått er godt - eller smått stell

 

Smått er godt, sa vi før. Men i dag kan ikkje stort bli stort nok.

Troms og Finnmark var for små. Hordaland og Sogn og Fjordane også. I det nye fylket Viken bur det i dag 1,2 millionar som plutseleg skal spele på lag. Dei om det. I vårt eige fylke held vi enno futedømmestriden levande og synest Sunnmøre er evig nok.

 Fisk og svovel

Pandemien har ført til at vi for lengst har fått amerikansk action og tanketomme sitcoms langt opp i halsen. Men no kan vi strøyme filmar og seriar og  velje vår eiga tidtrøyte. Akkurat no er det islandsk det går i på vår skjerm.

Island luktar fisk og svovel. Naturen er brutal. Det er langt til alle grannar. Men det er også eit land som hevdar seg. Film- og TV-produksjonen, som det meste anna, held internasjonale mål. Som bonus får vi eksotiske omgjevnader og eit språk som vi nesten forstår og som er ei lyst å høyre på.

Island har ein mektig litteratur og stolte tradisjonar og tenner framleis lysande internasjonale stjerner innan idrett, kultur og show-bis. Når vi tenkjer på at landet dei har færre innbyggjarane enn Møre og Romsdal pluss gamle Sogn og Fjordane og samanliknar, må ein bli imponert. Men slik er det: Vil ein vere  ein nasjon, må ein også fylle dei funksjonar som trengst.

Og då greier ein det. Det er ikkje alltid dei største landa som står øvst på pallen i VM. Talenta finst, over alt. Det er miljøet og viljen til å satse det kjem an på. Små miljø kan gjere stor forskjell:  I fjordbygdene våre hadde småbrukarar store draumar og bygde fabrikk i eiga fjøre. Dei hadde lite utdanning og pengar, men dei lærte seg språk, design, marknadsføring og data langsmed. Slik dyrka ein talent og kunne hevde seg i konkurransen sjølv om ein heldt til langt unna pengefolk og store  marknader.

Signalbygg

No drenerer utdanningssystemet og arbeidsmarknaden  bygdene for ungdom og  talent og lokkar dei til storbyen. Vi gamlingane sit igjen. Staten går i spissen for sentraliseringa og reiser det eine dyre signalbygget etter det andre i hovudstaden. Vi skal unne storbyen det nye Nasjonalmuseet, Munch-museet og Nye Deichmanske. Men det enorme regjeringskvartalet kunne ein godt teikna på nytt og gjort mindre slik at statens kompetansearbeidsplassar kunne kome ein større del av landet til gode.

Sentraliseringa armar ut distrikta og skaper unødig press på hovudstaden. Det kostar lite å rette på det. Nye arbeidsplassar blir alltid tekne imot med hornmusikk i resten av landet. Hovudstaden kunne ha puste letta ut. Men det er problematisk, knirkar regjeringa. Flinke tilsette vil ikkje flytte med. Kontora vil tape kompetanse. Nye medarbeidarar blir det veldig vanskeleg å finne ute i provinsen. Akkurat no er det plasseringa av regjeringa si eksportsatsing Business Norway det gjeld. Ålesund står med opne armar og vil ta imot. Men ikkje ein gong Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) på Frognerstranda ser det ut til at staten greier å gi slepp på til Ålesund og Bergen. Satsingsområde for Instituttet er blant anna el-ferjer, sjømatnæringa og havvind i tillegg til verftsnæringa generelt.  Kan det verkeleg tenkjast at det finst folk på kysten som har innsikt i slikt?

Graset gror

Medan graset gror i distrikta, blir det stadig meir uoppnåeleg for vanleg folk å skaffe seg eit tenleg  husrom i hovudstaden. Men I staden for å flytte jobbar ut, tenkjer regjeringa motsett. Storsamfunnet brukar store midlar for å byggje jarnbane, slik at folk i Hamar og Moss kan pendle heimanfrå til kontorjobbane sine i Oslo. Det blir kalla eit distriktstiltak.

Det blir ofte snakka om distriktsstøtte og stimuleringstilskot til utkantane. Men er det nokon som har sugerøyr i statskassa, er det hovudstaden. Ein tredjepart av alle statleg tilsette held til i Oslo. Der finst det nesten like mange statlege tilsette som det er innbyggjarar i Finnmark.

No treng vi ei regjering som synest at smått er godt. Viss ikkje, blir det smått stell.

(Synspunkt Nyss 07052021)

 

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne