Dete ryk framleis av torva

 

Hans Strømmegjerde var den siste som tok torv til brensel i Straumsdalen. No har sonen teke opp att tradisjonen for å sikre den rette aromaen til sin gardsproduserte whisky.

Av Kjetil Tandstad
-Eg er den einaste nolevande som har drive med torvutvinning i Straumsdalen. Vi dreiv fram til 1936. Og det er no artig at torv har blitt teke i bruk att, om enn i mykje mindre målestokk, seier Hans Strømmegjerde (92) frå bruket Nymarka i Straumgjerde.

Brenneri

Han gler seg over at det ikkje heilt er slutt med torvtakinga. Sonen Harald har bygd opp eit brenneri på garden og satsar på produksjon av ulike typar brennevin. I dei nybygde produksjonslokala er han alt godt i gang med produksjon av gin og akevitt. Dei spesielle tjukkmaga flaskene har alt i eit par år vore i finne i restaurantar og vinmonopol-utsal. Dei første busslastane med turistar har fått  omvising og smaksprøvar i besøksrommet over brenneriet. Det er meir opplevingar for publikum enn dei store mengdene produsert brennevin som skal gjere susen for Grova. Interessa også blant tilreisande er stor, fortel Harald Strømmegjerde.

 Whiskyen frå Grova har enno ikkje nådd hyllene i polet. Slikt brennevin må lagrast i minst tre år for at den kan kallast  whisky.  Skal den få den rette smaken og lukta, må byggkornet røykjast med torv. Torva hentar Harald på Løkane på Riksheim der det er enklare å kome til med bil enn på den gamle torvmyra i Straumsdalen. No får han bruk for faren sin  kunnskap om torvtaking og fyring med torv. Den første Grova-whiskyen vil bli sendt ut på marknaden i 2022. Namnet  Grova er henta frå ein bekk i Fetstranda som hadde så godt vatn at folk i gammal tid brukte å kalle kalla den Brennevinsgrova.

Torvløer

- Straumsdalen har hatt mange viktige naturressursar, seier Hans. Torvmyrane var ein av dei. Den som har sett gamle bilde av landskapet for hundre år sidan vil ha lagt merke til at alt var snaugnaga av beitedyra. Det er knapt eit einaste tre å sjå. I ein slik situasjon seier det seg sjølv at det var vanskeleg å finne trevirke til ved. Derfor fyrte ein med torv og det var slett ikkje noko dårleg brenne, seier Hans Strømmegjerde.

 Ein skar render i myra som ein delte opp, om lag som mursteinar. Desse skulle «husast», altså stablast på ein spesiell måte: To på høgkant og ein på tvers, slik at lufta skulle kome til. Torva vart tørka halvvegs utandørs. Etterpå vart dei stabla inn i ei torvløe utan vegger og tørka vidare før de vart frakta ned til garden.

Flyndrespade

Utstyret til torvtaking var enkelt: Ei ekstra lang og spesiell stikkspade, ei rund flyndrespade, eit slags breitt greip, ofte laga av ein solid trestokk det var slege kjempespikrar gjennom. Så måtte ein ha ei torvtrillebår med brei lastekasse og ein høg gavl fremst. Rart å tenkje på, seier Harald og peikar på kanten der han har teke ut torv. Myra byggjer seg opp med ein millimeter per år. Denne meterhøge veggen har altså blitt til gjennom tusen år.

 Torva har hatt ein viktig rolle gjennom hundreåra og krev at ein tenkjer i lange liner. Nymark-Hans har grave i jorda og funne ti tufter etter torvløer. Han veit kva gardar som eig dei. Det var Midtre Tandstad som sikra seg dei beste torvmyrane i Straumsdalen. Både Ytre og Indre Tandstad vart liggjande som øydegardar i mange hundre år etter Svartedauden. Det kan vi lese av namna som framleis er i bruk: Inst-Øggarden og Ytst-Øggarden, seier han.

Dobbeltstreng

 Sidan dei beste torvmyrane alt var tekne, måtte straumgjerdingane ta til takke med Skarhammaren og Trohaugen på kanten av platået nord for Straumshornet. Etter kvart vart det sett opp tre løypestrengar herifrå og ned lia til bruka Nymarka, Gylet og Teigen. Til vårt bruk vart det sett opp to parallelle løypestrengar. Det var praktisk. Når  ein sende den tunge torva ned til garden, kunne ein bruke tyngda til å heise andre lass motsett veg. Det sparte oss for en del tunge lass opp dei bratte setervegane, fortel Hans.

Utan tilgang på løypestreng måtte Tandstad-karane bruke slepeslede for  å få sine torvlass til gards. Edvard Tandstad frå Inst-Øggarden henta også mold i torvmyrane som han køyrde heim. Han hadde ikkje landkum i fjøsen og hadde bruk for molda for å absorbere det våte i gjødselkjellaren. Denne myrmolda viste seg å vere eit fantastisk god til jordforbetring, minnest  Hans.

Torvtaking-onna var mellom vårvinna og slåtten. Ein gong dei arbeidde oppe med torvløene, oppdaga ein unggut kalla Jyls-Jakob ein tiur som han ville prøve å skyte. Han sende seg ned med løypestrengen. Det fanst ei innretning til å bremse med, men heilt i samsvar med dagens HMS-reglane var det nok ikkje. Men han kom heilskinna ned, sprang å henta børsa og sprang oppover att mot der han hadde sett tiuren. Eg hugsar ikkje om han fekk han., fortel Hans Strømmegjerde.

-Korleis er torva å brenne. Måtte ein ha ein spesiell omn?

- Nei, vi brukte vanlege omnar. Det vart god varme av torv, men det måtte vere god lufting. Og det vart mykje oske, seier Hans Strømmegjerde. Han er svært oppteken av Straumsdalen. Det er ein dal som er svært utsett for klimaendringar. Hugs at det ein gong opphavleg var 5000 - 6000 mål stor furuskog her. Denne skogen vart i stor grad uthoggen i hollendartida. Skogen kom ikkje opp att på grunn av det store beitepresset. I dag er beitepresset mindre og  den gamle furuskogen er i ferd med å kome att.

-Derfor driv eg og tek bilete dalen slik han ser ut no.  Ein må dokumentere endringane. Om 25 år vil det vere furuskog over alt igjen og heile dalen vil vere omskapt, seier Hans Strømmegjerde.

 

 

Bildetekst:

 Hans Strømmegjerde og sonen Harald tek torv på Løkane på Riksheim til bruk i whisky-produksjon. Foto: Kjetil Tandstad)

 

Hans Strømmegjerde ved restane av torvløa og hjulhuset til løypestrengen, slik det såg ut i  1953. Foto: Privat.

 

 

Her gjekk løypestrengane frå Skarhammaren  og ned til garden i Straumgjerde. (Foto: Kjetil Tandstad)

 

Dagens torv-røykeri på garden i Straumgjerde. (Foto: Harald Strømmegjerde)

 

Gammalt torvtakar-utstyr er teke i bruk igjen. Her er torva «husa» på torvtrilla. I framkant ei flyndrespade. -Artig å tenkje på at det har teke tusen år å byggje opp denne eine meteren med torvmyr, seier Harald Strømmegjerde. (Foto: Kjetil Tandstad)

(Årbok for Sykkylven 2021) 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne