Julegåvetips

 


Julegåvetips

Av Kjetil Tandstad

Sylvi Listhaug med slagordprydd bubil i valkampen: ja til oljeutvinning og nei til innvandring. Forstår ho ikkje at ho må velje?

 Det skal ikkje store fantasien til for å tenkje seg at presset på grensene aukar etter kvart som temperaturen på kloden stig. For millionar i dei folkerike områda rundt Middelhavet kan ei varmegrad eller to  frå og til bety vere eller ikkje vere. Varmare klima fører med seg ørkenspreiing som igjen fører til krig og konflikt om stadig knappare ressursar. Desperate klimaflyktningar som ikkje har noko å tape, vil presse stadig hardare på grensene til det rike Europa. Dei om det, seier vi kanskje. Slik plasserer vi oss heilt på linje med sykkylvskona som skal ha forvilla seg til Ålesund under krigen midt under eit bomberaid og som redd og fortvila ropte etter bombeflya:  Ditte hekje ej nøke me. Ej e frå Velledala.

Ein kan ikkje melde seg ut av verda, sjølv om vi her oppe i nord truleg kan takle ei temperaturstiging og kanskje få litt varmare somrar. Men det knirkar i grensegjerda og presset på dei aukar. Alvoret ser ut til å vere i ferd med å gå opp også for USA og Storbritannia som antydar kraftige tiltak. Kina kanskje også.  Pave Frans bed saman med leiarane for den ortodokse og den anglikanske  kyrkja om at vi skal lytte til jordas skrik. For første gong i historia går dei tre kyrkjelege retningane saman i ein felles protest. Klimakrisa og fattigdommen den vil føre med seg er det alvorlegaste trugsmålet den kristne kyrkja har sett på to tusen år.

 No knyter det seg stor spenning til kva praktiske tiltak ein kan bli einige om under klimatoppmøtet som no endeleg kan avviklast i Glasgow. Generalsekretær i FN, António Guterres, åtvara nyleg om  at verda står framfor ein avgrunn. Redd Barna viser til ein rapport frå Vrijes-universitetet i Brussel og peikar på at born fødde i 2020 i gjennomsnitt vil bli ramma av hetebølger sju gongar oftare enn dei som vart fødde i 1960. Dagens eittåringar vil også oppleve dobbelt så mykje tørke, flaum og skogbrannar som sine besteforeldre.

Ja, er det ikkje forferdeleg, seier vi til kvarandre. Men kva skal ein gjere? Politikarane må finn ein veg ut av uføret. Men Oslo-Met-professor Anders Breilid er frekk nok til å minne oss om det  han kallar elefanten i rommet. Det svære dyret midt i daglegstova som ingen snakkar om, er vårt eige forbruk. Ikkje ein gong dei grønaste partia på Stortinget fokuserte særleg på det i valkampen av frykt for å skremme veljarane.

Men det gjennomsnittlege forbruket vårt er ikkje mindre enn dobla dei siste tretti åra.  Og vi svalt ikkje i hel i 1990. Men vi synest framleis at vi treng fattige tre prosent vekst i året. Det gir ei ny dobling om 24 år. No glitrar julelysa i handlegatene. Det er spådd tidenes julehandel no når vi endeleg kan sleppe ut blant folk utan maske og meteren.

 Ein plutseleg og frykteleg tanke: Kanskje den finaste gåva vi kan gi til våre barnebarn akkurat no er å ikkje kjøpe noko som helst.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne