Gildehall for næringsutvikling

 


Dei arkeologiske funna på og ved Auremarka tek oss ti tusenår tilbake i tid. Tenkjer vi ti år fram, har kanskje reiseliv blitt det ekstra beinet som den sårbare og einsidige industribygda Sykkylven kan kvile på.

 I tiår på tiår har store mengder turistar passert Sykkylven utan å stoppe. Mange om bord i cruiseskip, mange i buss eller privatbil. Så langt har sykkylvingane hatt nok med å lage møblar og overlate til andre å vere vertskap for ferierande frå inn- og utland. Vi står ikkje tilbake for nokon når det gjeld fjord og fjell. Men kan den historiske Auregarden med alle sine arkeologiske funn utviklast til å bli vår nye attraksjon?

 Ja, meiner konsulentselskapet Segel AS, som for få år sidan hjelpte opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid i gang. Selskapet har levert ein forstudie om bygging av ein Gildehall på Auremarka til kommunen. Segel AS tenkjer seg gildehallen som ein del av ein førhistorisk park på Auremarka. Her står eit bronsealderhus alt ferdig. Kommunen  har planar om å markere kor stor Gildehallen er ved å legge ein hellelagd festplass over dei freda tuftene. Krona på verket vil bli å gjenreise Gildehallen slik han ein gong kan ha sett ut. Konsulentselskapet har rekna ein kostnad på totalt 40 millionar kroner. Planen skal kunne gi overskot i løpet av dei to første driftsåra.

For ting ligg til godt til rette: På Aure ligg historia bretta ut framfor oss – frå steinalderfunn i bakken ovanfor Storgata via tufter frå bronsealder til store mengder spor etter jarnalderbustader ovanfor kyrkja. På den grøderike flata ved Aurefjøra har det vore drive landbruk i minst  3000 år. Det er mykje historie under torva. Og Sykkylven ligg strategisk til i turistløypa.

Arkeologien har mange svar. Men det er også mykje vi ikkje veit. Det gir rom for fantasien. Vi kan ta utgangspunkt i funnet av ei hasselnøtt som truleg har vore rista over eit bål for 10.000 år sidan. Vi kan filosofere over kva dei tenkte på, steinaldermenneska rundt bålet?

Korleis hadde bronsealder-familien det, tusen år før vår tidsrekning? Dei hadde forlengst blitt fastbuande jordbrukarar. Dei kunne å spinne og veve og lage keramikk. Mykje kan tyde på at det var ei tid prega av fred og velstand. Rike kvinnegraver tyder på at kvinnene vart haldne høgt i ære. Nokre forskarar har argumentert for at dette var ei tid for kvinnemakt og likestilling.

Så til  den imponerande Gildehallen. Ein reknar med at hallen vart reist ein stad mellom 500 og 750 år etter vår tidsrekning. I året 536 må det ha skjedd ein frykteleg naturkatastrofe. Noko formørka himmelen og skjulte sola, viser analysar av plantelivet både i Nord-Europa og i Nord-Amerika. Kanskje var det ein meteoritt, kanskje eit enormt vulkanutbrot. Dei nordlege områda vart hardast ramma. Kanskje så mange som halvparten av menneska i Norden døydde av svolt eller kulde. Truleg er det dette segntradisjonen i Norden omtalar som Fimbulvinteren, som skal ha vart i heile tre iskalde år. Og ein eller annan gong ikkje langt unna i tid bygde sykkylvingane altså ein av dei største kjende  gildehallane i Norden!

Spennande er også historia om Aura-Pål, som levde berre for knapt tusen år sidan. Far hans var Skofte Ogmundson frå den mektige Giske-ætta. Han  kom i krangel med kong Magnus Berrføtt, tok med dei tre eldste sønene og stakk frå landet. Han siglde med fem langskip gjennom Norvasund (Gibraltar)  og vidare inn i Middelhavet i det som har blitt kalla det første norske korstoget. I Roma døydde han. Heller ikkje sønene kom levande frå turen, men nokre av mennene hans kom tilbake og kunne fortelje om opplevingar i Jerusalem og Miklagard (Istanbul).

Vesle Pål var for ung til å vere med og stå att på stranda då faren og brørne drog ut. Seinare arva han mange garda og mykje gods, men har nok budd mest i Sykkylven, sidan namnet hans vart knytt til Auregarden.



Gildehallen i Borg i Lofoten er den største i landet med sine 83 meter -  26 meter lengre enn Gildehallen i Sykkylven. Tuftene tidfesta til rundt år 500. Vikingmuseet i Borg , teikna av arkitekt Gisle Jakhelln, har vore ein suksess. Omsetning ca. 60 mill. på årsbasis og ca. 100.000  gjester. Foto: Jørg Hempel. (Creative Commons)

 Dugnadslaget Aura-Påls vener, som står bak bronsealderhuset, tek mål av seg til følgje opp arbeidet med Gildehallen. Men med Gildehallen nyttar det ikkje med dugnad, her må private investorar inn. Vi ventar at kommune stiller tomt til rådvelde og  følgjer opp med planarbeid og prosjektmidlar., noko som må på plass først. Vi meiner at ein Gildehall både vil kunne vere ein viktig formidlingsarena for historia vår og samtidig  ein spennande plass g for møte, representasjon og produktlansering for næringslivet på Sunnmøre.

Kjetil Tandstad 

(Aura-Påls vener 20. des. 2021)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne