Landsbyen vår

 

 

Er du ukjend turist og kjem til Sykkylven sentrum ein vanleg kveld, kan du få mistanke om at plassen er fråflytta.

Vi skulle hatt ein skikkeleg  landsby, seier mange. Om ikkje som i Syden, så i alle fall som i England, med, yrande folkeliv, trivelege småbutikkar og kanskje ein pub å søkje ly i når det regnar.

Men skal Sykkylven halde på innbyggjarane og lokke turistar må vi selje trivsel og idyll like effektiv som vi i dag sel møblar. Det manglar ikkje på forslag. Med ujamne mellomrom kjem det forslag om hotell og badeland, bowlinghall og stupetårn, gildehall og gondol til Aurenakken. Ideane er gode nok, men strandar oftast på manglande finansiering. Handelsforeininga har vore mest opptekne av  parkeringsplassar, men turistar kjem ikkje til Sykkylven for å parkere.

Utgangspunktet for ein velfungerande landsby er slett  ikkje så verst. Det kan vi takke storbrannen i 1939 og gjenreisingsarkitekten Sverre Pedersen for. Han teikna det nye Aure som ein klassisk og urban kvadratur, eit rutenett med beine gateløp og gode siktliner mot fjorden. Denne vel 80 år gamle planen – pluss dei arkeologiske funna i sentrum, må vi legge til -  har frelst oss frå vill vekst over all mark og vi har framleis eit godt utgangspunkt for eit kompakt, menneskevennleg  og historisk landsby.

No får vi store matbutikkar ved tre, kanskje fire hjørne av kvadraturen. Herifrå er det gangavstand til det meste. Vi treng ikkje bil for å frakte det vesle vi skal ha i strikkebutikken eller på polet. Men skal sykkylvingane venje seg av med å bruke bilen som paraply, må vi ha trongare gater, breiare fortau og sykkelvegar. Vil ein ha folk i sentrum, må ein bruke meir plass på mjuke trafikantar, anten dei no er handlande, ungar som vil leike, el-sparkesyklande ungdom eller eldre med rullator.

 Kvadraturen må utvidast, men helst berre oppover. Det må byggjast høgare og det må bu folk i husa. Trenden er at fleire vil bu sentralt og dei er ikkje  berre nesten-pensjonistane som har fått nok av  store hus og hagar. Også unge familiar kan tenkje seg å forsake snømoking og plenklipp for eit moderne husvære nokre etasjar over gateplan. Sentrumstomter er mangelvare. Vil ein bu sentralt, må ein bu urbant, også på bygda.

 Før kom folk til sentrum for å ta ut pengar eller å krangle med teknisk etat. No er kommunen som bank og forsikring. Personleg oppmøte er eit heft, alt skal ordnast på nettet. Gatene er det fulle av bilar, men knapt eit levande menneske er  å sjå. Folk spring som skuggar mellom butikken og bilen før dei hastar vidare, som bleike gjenferd  bak sota vindauge.

For sunnmørsvêret er som det er. Vi held oss heime. Vi er dårlege på lausprat. Vi har lært at vi alltid skal gjere noko nyttig og manglar tradisjon for å slenge gatelangs og ete kake på kafé på blanke formiddagen. Vi har no mat heime.

 Men vil vi ha utvikling, og det vil vi, må vi vite kva retning vi vil utvikle oss i. Den livlege, menneskevennlege landsbyen er nok eit stykke inn i framtida. Men det er vel dit vi eigentleg vil?

(Nyss, desember 2021)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne