Bølle og bestefar

 


 Eg hugsar han som ein vennleg og forsiktig lyslugg som gjorde lite av seg. Vi var saman i militæret, men vart aldri godt kjende. Han verka som ein grei kar.

 Eit halvt hundreår seinare finn eg han att på Facebook. Luggen er borte. Han har grått skjegg og briller, som dei fleste gubbar på min alder. Men no er han alvorleg sint. Han skriv om den unge klimaaktivisten Greta Thunberg, og kallar henne psykisk sjuk. Ho burde bli sendt tilbake til institusjonen der ho høyrer heime. Andre meldingar er fulle av personkarakteristikkar og har den same hånlege tonen: Mot ein miljøaktivist (frekk og hyklerisk), flyktningar frå Syria (får masse ungar for å overta landet vårt) og mot Erna Solberg (skal ein dyslektikar kunne vere statsminister?)

 Det skal han ha: Det han meiner, meiner han under fullt namn. Der skil han seg frå dei fleste andre i same ærend. På profilsida poserer han smilande bak eit fullsett kakebord med eit barnebarn på fanget. Familieidyllen står i sterk kontrast til den hatske tonen i kommentarane. Eg måtte berre google han. Og eg fann han att som underskrivar av eit lesarinnlegg i det som truleg er lokalavisa hans. Her var han sakleg og parlamentarisk. Men kvifor så korrekt i avisa og så raudglødande rasande på nettet?

Nokre grunnar ligg  naturlegvis i dagen: I avisa er det ein streng redaktør som skal lese innlegget før det kjem på trykk. Det er ikkje dumt å vere taktisk. Kanskje er han snill som dagen er lang, men opnar laptopen seint på kveld og må sleppe ut stim? Nett-debatt liknar samtalane på puben. Kameratane der veit det av og til kan gå ei kule varmt. På nettet er det også fritt fram. Det er liksom ikkje heilt på alvor. Men her snakkar ein til eit stort publikum.

Då forskning.no delte ein kommentar om den siste alvorlege klimarapporten til FN, fekk artikkelen 719 kommentarar på nettet. 192 av dei var latter-emojiar. Medan Spania og Hellas brenn og grunnvatnet i California tørkar ut, er ikkje miljøkrisa noko å le av. Men likevel: Nesten ein av fire meinte at klima-åtvaringane var latterlege.

Naturlegvis er dette ikkje representativt for den stødige lesarmassen til ein populærvitskapleg nettstad. Men det er eit raseri der ute: Vala er stolne. Politikarar er kjeltringar og forskarar er kjøpte og betalte. Miljøkrisa er ei løgn. Verda er rigga. Er du ikkje samd, er du ikkje berre dum. Du er ein fiende.

 Sinne er ofte ein reaksjon på frykt, seier psykologen Knut Idar Karevoll som har prøvd å finne ut kvar aggressiviteten på nettet kjem frå. Kanskje er det klima-angst dei kjenner på. Ein angst dei ikkje vil ta inn over seg. Og så blir dei sinte i staden.

 Redde og sinte folk treng støtte frå andre. Folk som meiner som dei er berre nokre tastetrykk unna. Saman blir dei endå sintare. Snart deler ein påstandar om at Greta Thunberg  eigentleg er det hemmelege barnebarnet til milliardæren George Soros. De hugsar nok historia frå 2016 om  e-posten til presidentkandidat Hillary Clinton som vart delte av hundretusenvis, også av mange nordmenn. E-postane skulle innehalde koda meldingar mellom toppar i det demokratiske partiet om pedofili-ringen dei var medlem av og dei sataniske aktivitetane som gjekk føre seg  i Cornet Ping Pong Pizzeria i Washington. Det var naturlegvis oppspinn. Men trur du påstandane har døydd ut no? Nei. Berre søk opp Pizzagate!

Naturlegvis finst det godtruande folk som bit på kva som helst. Vi er mange som elskar ei god historie. Og ei spinnvill sak frå den amerikanske valkampen deler ein gjerne. Litt rampete må ein få lov å vere på ein fredag kveld.

 Nettstadene hjelper oss så gjerne å finne folk som tenkjer i same banar. Det høyrest ut som ein konspirasjon, men akkurat dette er sant: Google og Facebook nyttar algoritmar for å skreddarsy sitt tilbod til oss for å få oss til å kjøpe meir. Likar og deler vi stoff om bilar, får vi bilstoff. Likar vi og deler stoff om kristne verdiar eller italiensk kultur, får vi gudsord i fleng og tilbod om rasande billige hotellrom i Italia.

Og likar vi til dømes historier om mektige krefter som konspirerer for å få tyne og plage oss vanlege menneske, får vi det også. Korrektiva som måtte finnast, blir gradvis fasa ut og plassen blir overtatt av endå fleire ville historier om alle som er ute etter oss. Som for eksempel helsevesenet. Den  trivelege gjengen sjukepleiarar frå kommunen som set sprøytene er eigentleg vår største fiende. Vaksinen hjelper nemleg ikkje mot koronaen i det heile tatt, kan vi lese på nettet. Den er berre eit påskot for å sprøyte inn mikrobrikker inn i blodet vårt. Dei ørsmå brikkene kan brukast til å fjernstyre våre handlingar og vil gjere oss alle til slavar under verdas nest rikaste mann, Bill Gates.

Lik og del! Versågod, skyll!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne