Viss du er typen til det

 


Nei då, Sykkylven er ikkje den best tenkjelege staden å leve livet sitt. Men det er ikkje så verst heller.

Eit spørsmål ut av det blå, avsendar ukjend: «Bør eg flytte til Sykkylven og i tilfelle kvifor?» Førebels svar: Kanskje, viss du er typen til det.

Sykkylven er eit hjarteforma stykke land midt i hjartet av Sunnmøre. Her stuper ikkje fjellet i fjorden som i Geirangerfjorden og store delar av Storfjorden. Her er det plass til grender med gardsbruk og aktive eller nedlagde møbelfabrikkar langs på smale stripa av land på begge sider av fjorden, alt bunde saman med eit vegnett og ei bru som med eitt slag gjorde kommunen samanhengande og tidlegare utkantar sentrumsnære.

 Ferja over Storfjorden er ein buffer mot handelslekkasjen til stor-Ålesund. Det har ført til at utvalet spesialbutikkar er betre enn i andre bygdesenter  det er naturleg å samanlikne seg med. Kommunesamanslåing både med Stranda og Ålesund har vore diskutert, men utan entusiasme frå nokon av partane. Inntrykket er at folk eigentleg er ganske fornøgde. Fleire spørjegranskingar har spurt kva innbyggjarane saknar i livet sitt. Når svaret er badeland eller bowling må ein kunne konkludere med at det ikkje er noko dramatisk som står på.

***
Klart du skeptisk, du ukjende  spørjar, som no kanskje sit i storbyen og vurderer å byrje eit nytt liv ein heilt annan stad.
  Sett frå hovudstaden er Sykkylven avsides. Lengre frå dei tre største byane i sør er det knapt mogleg å kome her sørpå. For sunnmøringar er togtrafikk framleis ein attraksjon. Når alle i byen ikkje lenger har besteforeldre på bygda har fordommane mot Bygde-Noreg blitt kompakte. Bygda er tilbakeliggande, full av ulv, forfall og inngifte, meiner mange. Oppflaska som dei er med amerikansk skrekkfilm ser dei for seg forfalne hus i mørke skogar  befolka av skumle einebuarar med snustenner, motorsag og hagle.
Dette er ikkje Bygda. Og det er i alle fall ikkje Sykkylven. Her finst ikkje ein gong ulv. Bygdedyret, som Tor Jonson skremde opp folk med for nokre  generasjonar sidan og som glefste mot alle som tenkte annleis enn fleirtalet, er sjeldnare å sjå. Folk er som folk flest, anten dei bur i bygda eller i byen og både snusen og bygdedyret er no kanskje like husvarme blant lettkrenkte hipsterar i hovudstaden som i bygdemiljøet.

 Det tronge og undertrykkande bygdesamfunnet er i stor grad historie.  Bygdeoriginalane  har trekt seg tilbake til nettet. Syden-reiser, media og omfattande vidaregåande utdanning har omskapt oss alle og gjort oss like. Også provinsen har blitt global og verdsvan og ser med toleranse også på dei gamle kron-syndene i bygde-Noreg som gudløyse, alkohol og bokmål. Tidene har endra seg og vi med dei. Dei gamle, som skulle vere dei som løfta peikefingeren mot ungdommen og var moralistar,  er i dag kvithåra sekstiåttarar med eit vidope sinn og Stones i øyretelefonane.

***
Slik har det gått. Av dei 7625 sjelene i kommunen, arbeider 1767 i industrien - og 666 i helse- og sosialsektoren. Til samanlikning: 86 jobbar med privat tenesteyting. I denne kommunen lagar vi transformatorar, dronar og først og fremst møblar. Berre den gamle smelteverk-kommunen Årdal har eit meir einsidig næringsliv. Likevel: I 2021 er det likevel 50 ledige stillingar, for det meste i industrien og i helsesektoren. Har du høgare utdanning og tek sikte på arbeid i det offentlege, er tilbodet smått. Utanom i den knapt bemanna kommunen er det lite å hente. Statlege arbeidsplassar er i stor grad sentraliserte til pressområde og har teke fagfolka med seg. Det skal spinkast og sparast, same kor dyrt det kan bli.

I Sykkylven dominerer framleis møbelindustrien, først og fremst Ekornes-konsernet som så langt har levert 11 millionar Stressless-sitjeplassar gjennom 50 år. Ei handfull andre møbelfabrikkar heng også med, mot alle dystre spådommar. Det var ei tid då politikarar og økonomar var samstemte om at all industri skulle skje i lågkostland. Her i landet skulle vi leve av programmering, administrasjon og å barbere kvarandre. Etter kvart er også sentrale miljø i ferd med å ta poenget: Det er inga motsetning mellom avansert teknologiutvikling og industri i utkantstrok. Det er snarare tvert imot.

 Møbelindustrien har alltid slingra mellom suksess og nesten-konkurs. Konjunkturane for ferdigvareindustrien er og har alltid vore som fjella vi er omgitt av, med skrekkinnjagande toppar, fredfulle dalar og svimlande juv og avgrunnar. Førjuls-rush og vårknipe har vore normalen. Raske motesvingingar har gitt industrien intensivtrening i omstilling og ført til ei evne til raskt å snu på femøringen. Då pandemien kom, trudde alle det skulle gå rett vest for møbelfabrikkane. Men det gjekk rett opp. Ikkje ein gong bransjen sjølv hadde sett føre seg at kundar i inn- og utland skulle bruke pandemien til å skifte ut møblementet. Men då dei såg det, kasta dei seg rundt og fekk fart på produksjonen. Det er heller ikkje tilfeldig at det var Sykkylven som kjappast snudde på flisa og starta produksjon av munnbind, då dette plutseleg vart skrikande mangelvare. Den sterke industri-identiteten er formidabel.

  Men eit lokalsamfunn bør helst ha meir enn eitt bein å stå på. Eit einsidige næringslivet er naturlegvis også ein risiko. Sykkylven må også bli turistkommune, tenkjer dei fleste og viser til at her er natur som på ingen måte står tilbake for turistperlene i nabodistrikta. Men turistsatsinga har så langt gått med museskritt. Ommøblering tek tid, også i hovuda i ein møbelkommune. Service- og vertskapskultur er noko vesentleg anna enn effektiv industriell serieproduksjon.

***
Men så lenge industrien går, går det godt for Sykkylven. Standard industrilønn er normalen. Statistisk er Inntektene til innbyggjarane er moderate, men  ein får meir for pengane her utanfor pressområda. Slott over slott seg byggjer i bustadfelta. Her ligg målingsblanke einebuststader på rekkje og rad, med sine doble garasjar og trampolinar og beitande el-grasklipparar på romslege grasplenar. Det liknar litt  på Bærum – kanskje med litt færre Teslaer. Dei dugnadsdrivne småbåthamnene talar om den same velstanden. Her er ligg seglbåtar og cabincruiserar tett og ventar på at eigarmannen skal få tid og ork til å ta dei med ut på fjorden.

 For her kostar eit hus om lag det det kostar å byggje det og ikkje særleg meir. Slik er det ikkje særleg marknad for eigedomsspekulantar og hushaiar. Flyttar du hit, blir du svært sannsynlegvis villaeigar. Her var det 2.670 einebustader og berre 136 husvære i 2020. Leigemarknaden er liten. Og når du  først sit der med hus og hage og eit solid banklån, er du ein del av normalen. Som innflyttarar må du nok rekne med å bli litt likare alle andre år for år. Ord over hekk og grind skaper samkjensle og brunsniglane er ein felles fiende som sveisar nabolag saman. Før ein veit ordet av det er ein med og konkurrerer om å ha dei frodigaste sommarblomstrane, den blankaste bilen og dei mest spennande Syden-turane å fortelje om. Og så berre ballar det på seg.

For skal ein henge med, kan ein ikkje slappe av på sine laurbær. Hus og garasje skal beisast med korrekte intervall. Gardsplassen skal steinleggjast. Det skal byggjast på og byggjast om. Her er det plass, ikkje berre for bærbuskar og epletre. Ein må ha platting og hagestove, leikestove til ungane og kanskje sauna med relax-rom i kjellaren. Sjølvgjort er som regel velgjort. Når du inviterer naboane for å vise kva du har fått til, bør du vere klar over at nivået er høgt. Møbelbyggjarane legg ikkje att fagkunnskapen på jobben og dei merkar raskt om plattingen avvik frå industristandard.

***

Bit-for-bit-sentraliseringa i landet sender bygdefolk til byane. Innanfor kommunen skjer det same. trass innbiten motstand frå krinsane, blir utkantane gradvis forgubba og fortynna. Lokalbutikkane held stand i det lengste, men veksten skjer i sentrumskrinsen. Når folk flyttar til sentrum, flyttar det politiske tyngdepunktet etter. Grendeskulane vart lagt ned til fordel for dei store i sentrum. Krinsane kjempar i mot og starte privatskular. Slik har kommunen ikkje berre fått Montessori-skule i Velledalen men også ein kristen privatskule i Hundeidvik. Kostnadane for kommunen vart minst like store, men ein får trøyste seg med større mangfald.

På norsk stettar skal det berre nokre tusen sentrumsbuarar til for at eit lokalsamfunn kan kalle seg by. Det kunne ein også gjort i Sykkylven kunne , om det  var politisk vilje til det. Men då eit slikt forslag om å vedta bystatus ein gong kom opp i  kommunestyret, vart det avvist med forakt. Sykkylven er ei bygd, slo dei folkevalde fast. Bysnobberi skulle ein ikkje ha noko av.

 ***

For bygda sit i ryggmargen hos dei innfødde, same kor urbane dei elles blir. Den som har budd ein stad i nokre generasjonar, kjenner dei fleste. Då er det  lett å tru at det gjeld alle andre også. Ein presenterer seg ofte ikkje når vi møter nye menneske. Vi hastar forbi med eit «Hei».. Å sjå travel ut, er ein dyd. Her sit ikkje folk på ein benk i parken i arbeidstida. Her er godt om plass, men ein mangel på naturlege møteplassar.   Folk verkar reserverte og gir inntrykk av at dei  har nok med seg sjølve. Mange tek aldri initiativ til ein samtale med folk dei ikkje kjenner. Det er ofte eit uttrykk for blygskap meir enn uvilje. Eit hjartesukk frå ein innflyttar frå hovudstaden som lenge tykte det var vanskeleg å få kontakt med sykkylvingar: «Korleis kan de tru de kan integrere flyktningar frå Eritrea når de ikkje kan integrere meg!»

Den strenge pietismen, som tidlegare prega dette landskapet, kvar vart det av den? Sunnmøre har ei stolt historie full av fromme råtassar. Dristige i fiske og fangst, i kamp med elementa på land og sjø, og med fromt knepte hender på kyrkjesøndagane. No er det glisne benker i gudstenesta i kyrkja. Men på turstiane i fjellet  er det liv og røre heile helga. Ein har gått frå å prise Skaparen til å dyrke og tilbe  Skaparverket.

 Kvar er alle menneska, spør ikkje-norske som ventar å finne handlegatene og kafeane skulle vere fulle av folk - i alle fall  når det er sommar og opphaldsvêr. Ein svært stor del av innbyggjarane brukar søndagen til å gå tur. Mange går tusen høgdemeter rett opp for å kome til dei mest utilgjengelege toppane. Turen blir omsorgsfullt dokumentert og rikt illustrert med selfies på Facebook og Instagram.

For folks sosiale liv er for ein stor grad flytta til fjells. Nede i bygda vinkar naboar flyktig til kvarandre gjennom bilruta før dei forsvinn inn i kvar sine garasjar. Men på fjellet deler dei villig matpakken og rosinposen med folk dei kjenner og dei synest det er veldig hyggeleg å treffast. Gode krokar skal tidleg krøkjast. Barnefamiliar strevar i motbakkane og lokkar ungane med søtsaker for å lære dei gleda ved å nå toppen. Når dei kjem opp, sit der alt ein flokk pensjonistar med det siste i fjellsko og pulsklokker med GPS. Slik møtest generasjonane. Alle er samde om at det har vore ein fin tur.

Hyttefolket har som regel alltid noko praktisk å gjere og kan sjeldan ta seg tid til lange turar. Hytteglede er ikkje berre doble bu-utgifter, det er også dobbelt så mykje vegg å beise og hageflekkar å halde i stand. Det er ikkje berre ålesundarar og fiskebåtreiarar frå dei snølause områda lengst ut mot kysten som blir dregne mot hytteområda lenger inne i landet. Også innfødde bygdefolk med eit kvarters biltur heimanfrå synest det er godt å kome til fjells og bli kjende få ny naboar bak skigarden. Dei spreidde hytteområda har blitt tette hyttegrender. Rundt skisenteret gror opp små blokker med komfortable husvære med varmekablar og ski inn, ski ut. Her kan ein nyte alpinbakken og peiselden utan å bruke dyrekjøpt fritid til  vedlikehald. Bak panoramavindauga frå golv til tak kan ein lene seg tilbake i reclineren med nettbrettet i fanget og kjenne roa sige inn. Trygge på at det er ingen ting som manglar. Det er akkurat som heime.

***

Framleis peikar pilene oppover for Sykkylven, men mørke skyer kan anast i  horisonten. Forgubbing går sin gang. Vi blir 374 innbyggjarar færre i 2030, seier prognosane.

 Nesten heile årstrinn flyttar ut av kommunen så snart dei er ferdige med vidaregåande. Alt lenge har kommunen vore avhengig av innvandring for å halde folketalet oppe. Dei fleste som kjem flyttande er flittige arbeidsfolk frå Polen og Estland. Dei kjøper brukte hus og hjelper kvarandre med oppussinga. Parallellen er tydeleg til innflyttarane som strøymde til Sykkylven i den store vekstperioden på seksti- og syttitalet: Også dagens innflyttarar satsar på hardt arbeid og samhald seg i mellom.

 Innflyttarane har også teke opp ein annan tradisjon som den jamne sykkylvingen nesten har gløymt: fjordfiske. Kveldar og søndagar til ende sit dei i små gummibåtar på fjorden med snøre og krok. Nokre ekstremfiskarar dyrkar også den nervepirrande sporten det er å drive fjordfiske frå Sykkylvsbrua. Det er godt om fisk mellom brukara. Men å prøve å hale ein torsk frå vassflata og ti meter opp og over rekkverket utan at han sprellar seg av er eit adrenalin-kick som berre garva laksefiskarar vil ha opplevd maken til.

Profilen frå Folkehelseinstituttet i 2019 plasserer Sykkylven trygt blant gode oppvekstkommunar. Her er litt fleire over 80 år enn landet under eitt. Litt fleire ungdommar enn landsgjennomsnittet er overvektige og  brukar meir enn fire timar på skjerm i løpet av ein dag. Det er kanskje ein samanheng. Heile fem prosent færre enn landsgjennomsnittet trur dei vil få eit lykkeleg liv.

Når dei mest skuleflinke flyttar for å ta utdanning og sjeldan flyttar heim att, fryktar enkelte for braindrain, hjerneflukt. Men kvifor berre tenkje hjerneflukt? Kanskje kan utflyttinga også drenere bort folk med harde sinn og spisse olbogar. Så kan dei som blir igjen i bygda dyrke andre verdiar. Kva er du mest nøgd med i Sykkylven, spurde lokalavisa Nyss ein som kom flyttande austfrå, som svara slik: «Godheita til folk (…..) Alle er så hyggelege og imøtekomande», svara innflyttaren.


***

 No vel. Kanskje ville han  berre gi ein sine medborgarar ein klapp på skuldra.  Alle er ikkje gode og inkluderande her heller, skal vi vedgå. Også vi har våre grinebitarar og tverrdrivarar, sladrekjerringar og hissigproppar. Mennesket er seg sjølv likt. Men stort sett prøver vi  halde ein grei tone. Vi tek godt i mot nye innbyggjarar, også dei som er oppe i åra, i alle fall så sant dei greier seg sjølv og har ein skikkeleg pensjon. Men aller helst er det er unge folk i fertil alder vi er ute etter og jentene aller mest. Det er berre dei som kan få fødselstala opp. Det blinkande målet  er minst 100 born per årskull slik det ein gong var. Då må det ungdom til. Men kva kan ein lokke ungdommen med? Ikkje akkurat
swinging Sykkylven, er vi redd.

Her i bygda er ein  pubrunde raskt unnagjort. Ikkje kan ein rekne med å treffe så mange heller. Eventuell forbrødring og utskeiingar skjer helst bak husets fire vegger eller utanfor kommunegrensa.  Det er det både økonomiske og historiske grunnar til.

Historisk sett høyrer Sykkylven til den nordlegaste utkanten av det som ein gong vart kalla det mørke fastland. No handlar innbyggjarane frimodig sitt øl i nærbutikken og eit klirrande polnett dreg ikkje lenger til seg fordømmande blikk.  Den jamne sykkylving nyt sjeldan restaurantlivet anna enn i Syden.  Uteliv kostar pengar og vi har mat heime. Unntak kan gjerast på torsdagar. Då er det potetball på Promenaden.

Også  her har iv hatt nokre tiår med sporadisk natteliv  og seine kveldar på hotellet med rock og jazz og øl og karbonade gong på gong. Det vart det brått slutt på då ferja fekk avgangar også om natta. Det er eit forståeleg krav frå ungdommen at dei vil møte andre som dei ikkje gjekk saman med på ungdomsskulen. Med nattferje, kombinert med pappabil og sjåfør, kunne festen flyttast til baksetet og reviret til dei håpefulle bli utvida til nabokommunane.

Slik stilna dei heftige laurdagskveldane. Sykkylven vart endå meir forstad til Ålesund enn før. No er det kveldsstille i sentrum. Men håpefulle fjortisar, som ikkje ligg heilt under for gaming og digital tidtrøyte, kan treffast på kveldstid med sine elsparkesyklar i ei røys rundt beina. Der kan dei sitje og følgje med på rånarane på den opne plassen
 innanfor. Dette er heimegutar i mørke hettegenserar og med olje under neglene. Dei parkerer sine senka BMW-ar andføttes slik dei kan snakke gjennom dei nedrulla ruter. Dei veit kven dei er og kva dei står for: Dei er til døden trufaste både til dieselbilen og heimbygda har  hestekrefter nok til å spinne sine svarte signaturar i asfalten.

***

 Kva har bygda elles å by på, spør du nok, du som kjem frå storbyen og er godt vant. Kva med kino og teater? Konsertar, her ute i huttiheiti? Må ein bruke store pengar på å reise på kulturweekend til hovudstaden for i det heile å henge med?
På ingen måte, kan vi forsikre. Her er det haugen på.  Kina er det fleire gongar i veka. Moderne kinodrift gjer det mogleg med premiere samtidig med Oslo. Det er sjeldan kø. Turnerande artistar som gjerne dukkar opp i månadene før jul kan rekne med fulle hus om dei er kjende frå Grand Prix og Allsang på Grensen. Og her er meir:  Kommunen held seg med ikkje  mindre enn to kyrkjer og to museum og eitt galleri. Scena i kulturhuset er rett nok for knapp for regionteatret, men sterkt kulturinteresserte bit skamma i seg og tek turen til kulturhuset på Stranda.


Her er god tilgang på omreisande kultur. Lokalt først og fremst lokalt bognar det også av kulturopplevingar med dyktige utøvarar innan rock og jazz og brass og ein hær av songsolistar. Kulturskulen inviterer til konsert ved semesterslutt og samlar imponerte foreldre. Hausten er tida då kordamene friskar på leppestiften og dreg ut på mannfolkjakt. Dei elgar seg inn på framande og kjende anten dei er unge eller gamle, rosar og klappar og stryk og lovar meir av det same om dei berre vil late seg lokke til ei korøving. Bassrekkjene er glisne og det er inga moro å vere sopran i blandakoret om dei ikkje har ei solid rekkje med brummande mannebein i ryggen.

Jeger- og fiskarforeininga arrangerer fiskekonkurranse for å sikre rekrutteringa. ideelle organisasjonar kjempar om medlemmer: Historielag, museumslag jaktar medlemmer og ei lang rekkje med  humanitære organisasjonar kreative miljø med namn som Skapande hender og Ull & Omtanke.
Fysisk fostring er høgprioritert. Fotball er hovudaktiviteten: Her er 20 lag for kvinner og 30 for menn. Totalt 35 barnelag, 12 ungdomslag og 3 vaksenlag.  Bygda rundt er det ei brei vifte av aktivitetar som spenner frå motocross til orientering. I Velledalen blir det drive avansert anleggsdrift med fjernstyrte minimodellar av lastebilar og gravemaskinar i ein nedlagt møbelfabrikk. Ein fantastisk hobby for born frå ti år og oppover, seier dei dei vaksne som påfallande ofte sjølve kjem frå anleggsbransjen.

***
 
Vart du skremd no? Du bur kanskje trongt i storbyen i eit husvære sentralt i hovudstaden. Det har vore gullkanta investering. Leilegheita har vakse sterkt i verdi år for år. Men kva hjelper det no deg. Så lenge du bur der, har du ingen glede av verdiauken og vil du selje for å kjøpe noko anna i byen. Har også alle andre leilegheter auka tilsvarande i pris. 

Det er berre ein måte du kan realisere gevinsten på. Å flytte frå byen. Her hos oss får du ein romsleg villa med hage og garasje for pengane du får for den tronge toromsen på Grünerløkka. Arbeid skal det bli ei råd med.

Visst er det eit sprang ut i det ukjende. Det er tøft, men mogleg. Viss du altså er typen til det.




 [KT1]

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne