Høgskule-lobbyisten



Høgskulen i Volda har nettopp feira sine første femti år. Ein ung student frå Sykkylven hadde ein stor del av æra for at det skulle bli høgare utdanning også i bygdemiljø.

Utdanningsnivået på Sunnmøre var lågt då utdanningssamfunnet for alvor slo inn over fedrelandet rundt 1970. Tilbodet på høgare utdanning var smalt og stort sett berre tilgjengeleg i Oslo, Bergen og Trondheim. I Volda hadde dei rett nok hatt lærarskule sidan 1895, noko som hadde gjort Sunnmøre til ein netto eksportør av nynorsktalande, fråhaldande og religiøse lærarar til heile landet. Folkeskulelæraren var også så godt som den einaste modellen den oppveksande slekta hadde om dei ønskte seg høgare utdanning. Men ei ny tid var i emning.

Nye impulsar

På tampen av sekstitalet bles nye impulsar også inn over Nordvestlandet. Universiteta åleine kunne ikkje kunne dekkje den nye etterspørselen etter utdanna arbeidskraft. Ungdomskulla var store. Næringslivet hadde blitt meir differensiert. Den framveksande velferdsstaten trengde nye typar ekspertise til alle dei nye profesjonane som voks fram. Samfunnet hadde brik for eit utdanningstilbod over nokre år som kunne gi tilbod om eit breitt spekter av fag. Resultatet vart dei såkalla distriktshøgskulane «.. truleg  det mest vesentlege som har hendt i norsk universitets- og høgskolepolitikk i denne mannsalderen», oppsummerte rektor ved Universitetet i Oslo, Johs Andenæs, etter at det skuleslaget etter kvart hadde funne si form.

Midt på sekstitalet forstod dei styrande f at det gamle utdanningssystemet var for stivbeint og lite fleksibelt. Den såkalla Ottosen-komiteen vart utnemnd i 1965 og fekk som oppgåve å  leggje føringar for ei modernisering av høgare utdanning. Tanken var at det var dei største byane i landet som ikkje hadde universitet skulle få eit tilbod om kortare og yrkesretta «postgymnasiale» studietilbod. Så skulle universiteta skulle ta seg av nivået over.

Forslaga om eit nettverk av høgskular utanfor universitetsbyane førte naturleg nok til hektisk lobbyverksemd for å posisjonere seg i alle delar av landet. Sunnmørsposten lanserte naturleg nok Ålesund som skulestad. Då reagerte psykologistudenten Rolf Sagen frå Sykkylven kraftig. «Eg hugsar akkurat kor eg gjekk og stod då eg las dette. Eg var heime i Sykkylven. Eg kjende heile kroppen protesterte og tok dem beslutninga då, at det aldri skulle skje».

 

Kulturkollisjon

Det var starten på eit engasjement som i ettertid har vore lite påakta, men som historikaren Oddbjørn Magne Melle har framheva som viktig i doktorgradsavhandlinga  Ein høgskule finn sitt distrikt frå 1999. Rolf Sagen (1940 – 2017) voks opp i Sykkylven. Han valde han å reise til Ålesund for å gå på gymnaset. Der opplevde han ein kulturkollisjon mellom småbyen og hans eigne bygdeverdiar, fortalde han seinare. Gymnastida hans i Ålesund var ikkje lukkeleg, men skulle bli stoff for diktaren i han. Hybeltilværet for einsame bygdeungdommar i byen skildra han blant anna i gjennombrotsromanen Mørkets gjerningar (1976). Før det hadde han gitt ut diktsamlinga Dørklinker (1968) og den eksperimentelle collage-romanen Kvengedal (1970) med klipp frå lokalavisene Sykkylvsbladet og Sunnmøringen. Seinare skulle han bli den som skipa og leia Skrivekunstakademiet i Hordaland. Totalt gav han ut 30 titlar fordelt på lyrikk og romanar både for born og unge. Nynorsk språk og bygdeverdiar stod sentralt i forfattarskapen gjennom heile livet hans.

  Men på tampen av 60-talet studerte Rolf Sagen enno psykologi i Oslo og var medlem av Studentmållaget i Oslo. Studentmållaget hadde lange tradisjonar som ei kulturell og politisk kraft heilt tilbake til skipinga i 1900. Dette var staden der gåverik landsungdom som var i ferd med å utdanne seg inn i dei høgaste stillingane i samfunnet kunne markerte seg. I 1968, tidleg i diskusjonen om kvar distriktshøgskulane skulle plasserast,  kasta medlemmer av Studentmållaget i Oslo seg rundt og skipa Aksjonsnemnda for DH i bygdemiljø. Rolf Sagen skulle bli den fremste drivkrafta i dette arbeidet. Personleg heldt han ein låg profil, men var organisator, brubyggjar og ein effektiv lobbyist i maktas korridorar. Han var ikkje typen som ville bli leiar og samle personleg makt. «Rolf Sagen var flink til å unngå formelle verv. Men når to-tre  personar var samla og la strategiske planar, så var Sagen der. Han var litt av ein ideolog og stod Gunnar Skirbekk nær», opplyser kampfelle og seinare historieprofessor Ola Stein Stugu.

Drivkraft

Rolf Sagen blir i avhandlinga til historikaren Oddbjørn Magne Melle nemnt som den fremste drivkrafta i Aksjonsnemnda for DH i bygdemiljø. Bak denne organisasjonen stod åtte bygde- og nynorskorganisasjonar, med Studentmållaget som den drivande krafta. Rolf Sagen vart som ein general i denne kommandosentralen. Studentmållaget fungerte som det utøvande organet. Aksjonsnemnda fekk etter kvart støtte frå 200 landkommunar. Målrørsla stod samla om kravet om høgskuleutdanning også i bygdemiljø. Rolf Sagen fekk til og med skrive leiarartiklar i avisa Dag og Tid og han skreiv reportasjer frå bygdemiljø som kunne vere aktuelle for distriktshøgskule. Lokalt på Sunnmøre vart det heller ikkje sove i timen. Rolf Sagen var også den personifiserte linken mellom  Volda/Ørsta og Oslo, skriv Oddbjørn Melle. Argumentasjonen frå den unge studenten gjorde inntrykk  både lokalt og blant dei som hadde makt både i regjering og på Stortinget.

Som første lokale komité i landet la Volda-miljøet dei fram sine argument for ein distriktshøgskule alt i 1967. Viss Møre og Romsdal skulle få høgskule, var det på ingen måte sjølvsagt at høgskulen skulle leggjast til ein by, slo dei og deira våpendragarar i Studentmållaget i Oslo fast. Volda-komiteen hadde stolte akademiske tradisjonar å vise til: Opplysningspresten Hans Strøm. Sivert Aarflot, med landets første avis på landsbygda. Nynorsk-grunnleggjaren  Ivar Aasen. Lærarskule frå 1895 som på 1920-talet med sine 400 elevar hadde vore størst i Skandinavia. Det første gymnaset på landsbygda (1910) og handelskule frå 1933.

Kultursenter

Kva hadde Møre og Romsdal elles å vise til av akademiske tradisjonar? Ikkje veldig mykje.  Ålesund hadde kanskje eit par  sofabreidder med lektorar på lærarrommet på Latinskolen, elles var det smått stell. I Kristiansund var det minst like tynt. I den gamle embetsmannsbyen Molde stod det litt betre til.  Men når det galt akademisk tyngde og danning, var det faktisk Volda/Ørsta det naturlege valet, kunne Rolf Sagen med tyngde slå fast.

Kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik var også blant dei som først tenkte at det nye skuleslaget helst måtte kome i større byar. Men blant yngre akademikarar spirte nye tankar. Ein av dei som argumenterte for at språk og kultur i store delar av landet vart undertrykt av dei akademiske miljøa i universitetsbyane og meinte at landet måtte få eit utdanningssystem som motverka sentralisering og fråflytting og som kunne gi kraft i arbeidet for utkantane, for primærnæringane og for miljøvern, var bergensfilosofen Gunnar Skirbekk. Han la fram  tankar som var i tråd med tidas grasrotkrav om demokratisering og spreiing av makta i samfunnet. Kampen for distriktshøgskule i bygdemiljø hang også nøye saman med den veksande motstanden mot EU som førte til nei-fleirtalet i folkerøystinga i 1972.

Fogderistrid

Det skulle gå litt tid før dei nye tankane om desentralisering slo rot i det etablerte samfunnet. Fylkesmann Erling Sandene i Møre og Romsdal hadde eit problem då han skulle foreslå plassering av ein distriktshøgskule i Møre og Romsdal. Han skulle ønske seg at fylket hadde «en annen beskaffenhet» - altså at fylket hadde ein sentral by som peika seg ut. Sandene, som ifølgje den ordramme ordføraren i Ålesund, Gustav Flisnes, skreiv nynorsk med passar og linjal, la ikkje særleg vekt på at han leia eit nynorskfylke. Han konkluderte med at distriktshøgskulen måtte kome i ein av dei største  byane, Ålesund eller Molde.

Dette vart naturleg nok ei sak som skapte bitter fogderistrid i fylkestinget. Dei 23 representantane frå Sunnmøre samla seg først om eit permanent desentralisert opplegg med økonomisk-administrative fag i Ålesund. Men dei kom med eit viktig tillegg: Dersom departementet ville ha prøvedrift i bygdemiljø, burde det gjerast i  Volda/Ørsta.  Då det kom til røysting, vart koalisjonen Nordmøre og Romsdal sterkast. Med 28 røyster vedtok fylkestinget at tilbodet om økonomisk-administrative fag burde leggjast til Molde. Vedtaket var eit stort nederlag for Ålesund. Men for Volda og bygdemiljøet skulle det bli ein fordel.

 Like før den avgjerande røystinga i Stortinget, leia Rolf Sagen ein fagleg sterk deputasjon i møte med kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik. Han tok med historieprofessor Magne Skodvin og filosof Gunnar Skirbekk, begge med nynorsk kulturbakgrunn. Skirbekk hadde teke initiativet til ein underskriftskampanje med krav om at minst tre av dei nye høgskulane skulle ligge i bygdemiljø.

Besøket viste att i stortingsproposisjonen. Departementet brukte Gunnar Skirbekks terminologi om motekspertise. Statsråd Kjell Bondevik, som var folkeminnegranskar og frå bygdemenneske frå Sogn, let seg påverke. Då Stortinget fekk saka, var stemninga snudd. Det vart  DH-skule til Stavanger og Kristiansand. I Møre og Romsdal vart det ei delt løysing: Eit økonomistudium i Molde, men med  høgskuledirektør og administrasjon pluss eit breitt studietilbod i Volda.

 Lobbyinnsatsen til Rolf Sagen gjekk stort sett under radaren i media, men vart sett pris på av voldingane. Fire månader før det avgjerande stortingsvedtaket, gjorde Volda formannskap vedtak om å løyve 3000 kroner til Rolf Sagen for utgiftene og alle timane han hadde brukt  for å få lagt distriktshøgskulen til bygdemiljø og til Volda.

Famlande start

Høgskulen i  Volda kom ikkje i gang i 1970 som først var tenkt. Tida var knapp og mykje måtte på plass. Ein av grunnane til forseinkinga var at det vart strid om høgskulen skulle verte ein del av lærarskulen eller omvendt. Då dei første studentane kom til Volda i august 1971, var bygninga langt frå klar, og dei fleste lærarane var enno ikkje komne.

 Men om starten var famlande, gjekk det seg raskt til. Når ein ser kva det har blitt i løpet av desse femti åra, må ein bli imponert. Det er den største høgare utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim med 4750 registrerte studentar og 360 årsverk. Lærarutdanninga er ein naturleg del av høgskulen. Og vyane er framleis store: Høgskulen i Volda har så alngt avvist alle forslag om samanslåing med andre høgskular eller universitet og  har også lufta ambisjonar om å bli universitet på eigen kjøl.

Kjelde:

Oddbjørn Magne Melle: Volda – Vestlandets Oxford. Årbok for Sunnmøre 2021.

Oddbjørn Magne Melle:  Ein høgskule finn sitt distrikt. Om bakgrunnen for høgskuleetablering i Møre og Romsdal: Volda og Molde. Doktorgradsavhandling, Høgskulen i Volda 1999.

Grete Bugge Østvik: Rolf Sagen - aktive ungdomsår i Sykkylven. Årbok for Sykkylven 2001.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne