Tolmodig pirkefinger

 

For folk flest er kommentarfelta blitt ein stad ein held seg unna på grunn av mistenkjeleggjering, manglande respekt for fakta og utskjelling. Inne i dette meiningskaoset av vist og gale har Rune Erlandsen heilt frivillig funne sin plass. Eg tek gjerne rolla som pirkefinger, seier han.

Rune Erlandsen har blitt pensjonist. Ei sterk musikkinteresse, eit langt arbeidsliv innan sal og service, og dei siste 12 åra som lærar har gjort at 67-åringen alltid har hatt mykje med folk å gjere. Det har skapt eit stort og breitt engasjement, særleg for samfunn, politikk og kultur. Ikkje minst har han fått interesse for kommunikasjon og samfunnsdebatt. Det er interessant å få debattantane til å utdjupe meiningane sine, seier han. Det er slikt ein lærer av. Det er heller lite å lære av dei som meiner akkurat det same som ein sjølv.

Før koronaen var han i mange år med i ei diskusjonsgruppe som møttest med ujamne mellomrom, nettopp for å friske opp kunnskap og bryne meiningar om aktuelle emne. Koronaen stoppa dette. Slik vart kommentarfelta på Facebook ei slags erstatning. No  blandar han seg i debattar der han synest det trengst for å påvise faktafeil. Han stiller spørsmål ved manglande logikk og påtalar dårleg debattstil. Han legg vinn på å vise respekt for dei han diskuterer med, men krev også respekt tilbake.

Fantastisk verktøy
-
Smarttelefonen og datamaskin gir oss tilgang til eit utal sosiale media som gir høve til å sjå og bli sett, fantastiske verktøy for den som vil eksponere seg og sitt for ei heil verd. Samstundes blir grensa mellom det reint private og det allment tilgjengelege utydeleg. Innhald, som eigentleg er meint for eit fåtal, hamnar på «oppslagstavla» der alle kan sjå, reagere og gi tilsvar. Eller kommentere, som det heiter.

 Å dele artiklar frå pressa eller andre nyheitsplattformar i sosiale media, gjerne med sin eigen kommentar som overskrift, er ein måte spreie det ein finn interessant, sjokkerande, klokt eller dumt. Samstundes er det ein måte å ytre eigne meiningar, seier Rune Erlandsen. Han har sans for denne prosessen, anten det er for å få i gang ein diskusjon eller for å gi og få kommentarar. Er ein heldig, kan slike delingar utløyse diskusjonar som utviklar seg til «kilometerlange» kommentartrådar med svært gjevande, sakleg og interessant innhald. Men ofte blir slike kommentarfelt ein stad for ei aggressiv meiningsbryting. På godt og vondt. Mest vondt, vil kanskje nokon seie.

Steile frontar

 Dei siste åra med klimadebatt, ein kontroversiell president i USA og krig i Ukraina har gitt oss mengdevis av debattkjelder til å ause frå. Ofte er ytringane om slike heite tema både bastante og polariserte. I slike kommentartrådar blir ofte meiningsmotstand eller ærlege spørsmål om utdjuping møtte med personangrep. Kanskje ikkje i form av direkte sjikane, ukvemsord og kallenamn, men heller som personkarakteristikkar. Uopplyst, «woke», kunnskapslaus, redd, blind, sløv, etterdiltar, flokksau, MSM (Mainstream Media)-tilhengar og liknande er gjerne karakteristikkar som sit laust hos enkelte. Og oftast ikkje som «krydder» i sin eigen argumentasjon, men i staden for argument. Ein ytrar ei bastant meining for eller imot i ei sak. Dei som ikkje er samde, får passet sitt påskrive.

-Kvifor har det blitt slik?

-Av dei som ytrar seg ufint i kommentarfelta, er det truleg mange som gjer dette for å vere ufine på gøy, for å «trolle» og øydelegge ein debatt, og dei har sikkert glede av det. Andre er ute etter å hetse, gjerne så ille at nyheitsplattformar ser seg nøydde til å stenge kommentarfeltet under artiklane sine etter kort tid på grunn av dei støytande og sjikanerande ytringane, og slette kommentarar. Andre plattformar er meir slepphendte med kva dei aksepterer. Her kan det florere av grove omtalar om politikarar, personar og kommentatorar.

Guteromsprat

 Ofte kan dette likne på guteromsprat der ein kan slenge drit om andre som ikkje er til stades utan å møte motargument. Nettsamfunn der dette går føre seg i stor stil blir gjerne omtala som ekkokammer, der medlemmane har det same synet på verda, og forsterkar kvarandre sine meiningar. Det som lek ut frå slike samfunn er gjerne reine konspirasjonsteoriar.

-Og kvifor hamnar dei på trådar som alle har tilgang til?

-Skjermen og tastaturet er ein inngangsportal til verda. Samstundes er det eit stengsel mot enkeltmenneske. Ein les skrift, ein ser bilete og filmsnuttar, men ein står ikkje andlet til andlet med nokon som helst. Mange av dei som ytrar seg ufint mot andre på nettet hadde aldri gjort det same over eit kafébord, på venterommet, i klasserommet. Ikkje i ein telefonsamtale heller. Då blir det brått så personleg, og ein modererer seg og tek omsyn. Kanskje meiner ein ikkje så bastant heller, eigentleg, «innmed beinet», som eg brukar å seie.

Det dei kanskje gløymer, er at sjølv om ein har ein skjerm og eit tastatur mellom seg sjølv og alle andre, så kan orda opplevast like personleg krenkande i andre enden, hos den dei er ufine imot, som om leksa var servert andlet til andlet. Og ikkje minst, alle andre kan sjå kva slags person ein sjølv står fram som. Ein veks ikkje akkurat i andre (enn meiningsfellane) sine auge når ein oppfører seg slik.

Ytringsfridom

Sjølvsagt har alle ytringsfridom. Noko som kan sjå ut til å vere ei mistyding hos litt for mange, er at ytringsfridomen skal vere ein rett til å kunne ytre seg uimotsagt. Det dei gløymer då, er at dei som eventuelt har motytringar, har nett den same ytringsfridomen. Den retten blir oftast ikkje forsvart i like stor grad. I staden kan den som måtte ha saklege motargument, eller som stiller spørsmål, bli møtt med usaklege og uhøviske utsegner som ikkje eignar seg til anna enn å få den andre til å forlate tråden. Mission completed? Kansellering går vel ut på å ta frå andre ytringsfridomen.

Men eg må innrømme at eg er litt «nettroll» sjølv. Eg greier ofte å  irritere og provosere bastante kommentatorar som trur at meiningar er det same som kunnskap og at sjikane er eit motargument, Det gjer eg ved at eg så langt det er mogleg held meg til saka, kjem med spørsmål om bakgrunnsopplysningar, riv ned faktalaus «dokumentasjon» og referansar som ikkje er anna enn linkar til kjelder som meiner det same.

 Eg vil vere ei slags motvekt til dei som «diskuterer» berre ved å diskvalifisere andre sine meiningar og kunnskapar. Dette er ikkje meint som ein moralsk peikefinger. Men eg tek gjerne på meg å vere ein pirkefinger, seier Rune Erlandsen.                        

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne