Lønn som fortent

 

Ulovlege innvandrarane kjem flygande over grensene. Framandelement utan respekt for norske tradisjonar. Uvanleg tidleg kjønnsmogne er dei også. Dei kan skjule seg i skuggen i årevis, berre for å ta makta så snart det blir ein sjans.

Eg snakkar naturlegvis om den svartelista platanlønnen (Acer pseudoplatanus), som er den  falske halvbroren til heilnorsk spisslønn. Som Svartedauden kom han først til Bergen, der han vart planta i ein hage i 1765. Derifrå skal ha spreidd sine propellfrø i alle retningar. Platanlønnen er svartelista av styresmaktene fordi han ikkje er opphavleg norsk. Og vi må medgi, det er noko skummelt med hans måte å konkurrere på: Han veks til han har blitt ein til halvannan meter høg og ragar litt over resten av krattskogen. Så sluttar han å vekse. Før eller seinare fell eitt av dei høge trea i nærleiken, slik at lyset slepper til.  Då utnyttar frekkasen forspranget og skyt i vêret med rekordfart.

Etter få år er han blant dei høgste trea i skogen. Haustfargane er rett nok ikkje like flotte som på spisslønn, men veksten er det ingen ting å seie på. Framandt treslag i sterk spreiing, var tittelen på ein artikkel som Rolv Haxthow skreiv om platanlønn i Årbok for Sykkylven i 2002. Det svartelista treslaget ville bli vanskeleg å stoppe, konstaterte han. Etter vel 20 år kan alle sjå det: Dette er ein krig vi ikkje kan vinne.  Snart vil dagens lauvskogar vere dominert av rettvaksne lønnetre som ber ein frodig skjerm av lauvverk høgt over hovuda våre.

Ein gong var det som er skog no, svartgnaga av beitande husdyr. Vestlendingen måtte spe på med torv for å få nok å fyre med gjennom vinteren. Etter kvart minka det på beitedyr. Småskog og ugjennomtrengeleg kratt tok over. No er vi truleg på veg inn i endå ein ny fase der store og varmekjære treslag frå sør skal setje sitt kontinentale preg på ruskemarka vår.

 Det tette orekrattet  er det kanskje ikkje så mange som vil sakne. Oren veks fort, men platanen gror fortare. Platanen har heller ikkje naturlege fiendar. Ikkje ein gong hjorten likar å gnage bork av stammane. Vi som høgg vår eigen ved, veit at det er eit glimrande brenne. Her er det lite greiner og gjenstridig kvist å plagast med. Kubbane deler seg lett under kløyvøksa. Berre bøk, eik og ask har betre brennverdi. Rogn og bjørk kjem rett nok på dei neste plassane, men ved av gran og or kjem langt nede på lista.

 Her i møbelbygdene er det kanskje av interesse at platanlønn er veleigna for møbelproduksjon. Det er også prima material til blant anna panel og parkett og finare listverk. Sevja kan tappast og gjerast om til  ein eksotisk alkoholhaldig drikk eller søt og god lønnesirup. Blomstrane smakar godt og kan brukast både sylta og steikt eller rett i salaten, skriv spaltist og kokk Gaute Vindegg i eit begeistra innlegg i Klassekampen.

Han minner også filologisk interesserte om at hos Shakespeare vandrar ein ulukkeleg forelska Romeo rundt i ein  sycamore forest, som altså tyder platanlønn-skog på engelsk. I diktinga er sycamore-treet knytt til skildringa av melankolske elskande, truleg fordi det ligg an til ordspel av typen «sick amour» /«syk amor», noko ein må kunne seie at Romeo nok låg under for. Kjærleiken  vart til slutt vart både hans og Julie sin bane.

Men alt er ikkje rett fram, ikkje ein gong i biologien: Det innfødde norske lønnen er som kjent spisslønn, også kalla Norwegian maple. Også den er på flyttefot. Dei siste åra har spisslønn vandra over Atlanterhavet frå Noreg. No breier han seg ukontrollert både i det nordlege USA og det sørlege Canada. Der trugar inntrengaren den ekstra søte sukkerlønnen som er basis for den viktige lønnesirup-industrien.

 Det er ei alvorleg sak for to land som begge elskar pannekake med sirup til frukost.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Synske hjelparar

Lang kamp for promille