Ikkje akkurat her

 

 

Ei demonstrerande  ungjente med tårer i augo ropar fortvila til oss gjennom TV-ruta: «Vi styrer mot klima-katastrofe. Alle veit det, men ingen gjer ein drit!»

 Som andre er vi tilbake frå ferie. I år reiste vi over det flate Nord-Tyskland gjennom skogar av majestetisk dreiande vindmøller. Dei siste åra har det også kome kvadratkilometervis med koboltblå solcellepanel på rampar, vinkla skrått opp mot sola si bane over himmelen. Bøndene i dette flate og fruktbare landskapet tener betre på å leige ut jorda si til solparkar enn å dyrke korn og raps. Det er ikkje eit vakkert syn å sjå prima landbruksjord nedbygd med solceller. Heldigvis er det ikkje for alltid. Når konsesjonstida er ute og miljøkrisa har roa seg, skal arealet på ny kunne gi plass til bølgjande kornåkrar.

Sju år

Fortvila demonstrantar på TV har vi sett før, men den tårevåte ungjenta har eit poeng. Nyheitene er fulle av varmerekordar,  tørkerekordar, utsleppsrekordar, skogbrannar og smeltande polis. Paris-avtalen frå 2015 skulle stoppe klima-oppvarminga på maksimalt 1,5 prosent auke. Det var ikkje ideelt, men det var det som var politisk mogleg. Her i landet har vi lova minst å halvere Co2-utsleppa samanlikna med 1990-nivå.  Etter åtte år har vi greidd å kutte knappe fem prosent. Resten skal fjernast før 2030. No har vi knappe sju år på oss før vi skal vere i mål.  Det monnar ikkje i det heile.

 For det er ikkje nok å love. Ein må også halde. Det er eit langt lerret å bleike. Vi treng store mengder solceller og solfangarar. Vi treng meir effektiv vasskraft og nye overføringsleidningar. Vi treng energisparing, bølgjekraft og kanskje atomkraft. Ein må satse smart og det er ikkje nok å satse på ein av delane. Politikarar frå alle parti, kanskje bortsett frå det nye Industri og næringspartiet, som er skeptiske til vitskapen, lovar kvar sine krafttak. Dei fleste av oss trur no berre så passeleg på dei. Berre ein av ti av oss meiner vi kjem til å greie det vi har forplikta oss til gjennom Paris-avtalen, fortel Nettavisen.

Høyrt slikt! Vi er jo alle for klimaet. Har vi ikkje plassert våre representantar på tinget nettopp for å ordne opp i slike problem? Men så er det kanskje ikkje våre folkevalde som somlar. Dei må også tenkje på attval. Alle vi andre, som i prinsippet heiar på det grøne skiftet,  vi er også innbyggjarar i den store metropolen NIMBY.  Der er det fritt fram for alle gode forslag. Berre ikkje akkurat no og akkurat her.  Not In My Back Yard.

Det kostar

Stor lokal motstand er normalen når ein prøver å byggje ut vindkraft eller kraftliner. Dei  skjemmer utsikta og hemmar reinbeite og fugleliv. Skal vi ha vindmøller, må dei ligge så langt ute i havet at ingen ser dei. Men vi veit også at det vil koste å ikkje finne erstatning for fossil energi. Kraftprisane vil vere høge og for verdas fattige står det meir på spel enn tapt utsikt. Mange må gi opp sine jordlappar på grunn av tørke. Fleire klimaflyktningar vil drukne i Middelhavet. Nokre stader stig havet og set store landområde under vatn. Det vil bli meir naud, meir krig og endå meir brutal kamp om ressursane.

Trur det går bra

Regjeringa har ein plan om å byggje ut tilsvarande 8700 fotballbaner med solceller. Dei skal leggjast til såkalla konfliktfrie område. Vi kan byggje dei i industriområde og i uproduktive område. Vi trur det skal gå bra, seier statsministeren.

 Ja, tru det. I beste fall endar det vel med  omfattande panikk-forslag heilt på tampen når alvoret endeleg går opp for oss. Enn om vi kledde fjellet? Ikkje med skog denne gongen, men med solceller. Vestlandet er fullt av sørvende skråningar, urder og fjellhamrar. Det er ikkje særleg produktive og ligg oftast langt frå folk. Det kan vere vårt bidrag.

 Så sant ingen protesterer.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne