Auremarka - historikk




Auremarka har ei lang og rik historie å fortelje. Vi kan feire plyndrande vikingar. Men vi kan også fokusere på fredelege bronsealderkvinner med makt og teknologisk innsikt som levde halvtanna tusenår før.


Det er berre å velje, for sykkylvshistoria er innhaldsrik og her er stoff nok for alle. Det er så langt gjort arkeologiske funn etter minst 20 - 30 hus med ulike alder. Dei eldste gjenstandane frå denne er frå ein  jegerkultur som huserte her for 8000 - 9000 år sidan. Dei første gardsbusetnaden ein har funne spor etter er frå 3000 - 4000 år bakover i tid.


 I dette perspektivet er den store Gildehallen   ein har funne tuftene av, nærast ein moderne bygning. Det er lett å tenkje at alt er vikingtid.
Men det er kortare tid frå dagens samfunn til vikingtida (790 1066)  enn det er frå vikingane og tilbake til dei første jordbrukarane som pløgde åkrane sine på Aure om lag 1000 år f. Kr.  Likevel, då Gildehallen vart bygd, var det kanskje  fleire hundre år før vikingtida tok til.


For historia er lang.
To ting er spesielt for Sykkylven: Det eine er at funnområdet ligg i eller kloss inntil sentrumskvadraturen. Det andre ermangfaldet og  at funna illustrerer sågodt  korleis landet heva seg når isen smelta og at folket følgde etter når havet trekte seg tilbake.

I diskusjonen om kva som skjer og skal skje på Auremarka har det vore ein del forvirring om omgrep og historiske epokar. Dette er eit forsøk på å summere opp. Dei som vil gå djupare inn i det, kjem eit godt stykke lenger ved å  lese fylkesarkeolog Bjørn Ringstads glimrande bok Aura-Pål sitt rike, som det framleis er nokre få eksemplar att av til sals ved museet i Sykkylven.



STEINALDER: (10.000 1800 f Kr.)

(Eldre steinalder 10.000 4000 år f. Kr. Yngre steinalder 4000 1800 f. Kr.). Steinalderfolket var  jegerar og nomadar. Typiske funn etter steinalderfolk er pilspissar, små knivar og økser av flint eller kvartsitt. Funn frå buplassar viser at maten var villsvin, gråsel, elg, bjørn, ekorn og oter, lomvi og ulike variantar av torskefiskar pluss urter og nøtter. I eldre steinalder var det jakt på reinsdyr med ledegjerde der dei jaga dyra utfor stup. I yngre steinalder er det registrert ein stor folkeauke, truleg på grunn av at det første jordbruket med fe og åkerbruk breidde seg og gav mat til fleire.



AUREMARKA:  I steinalderen låg Auremarka for en stor del under vatn.  For 10.000 år sidan  stod havnivået om lag 40 meter høgare enn i dag og for 6000 - 8000 år sidan om lag 17 meter over dagens nivå. Dei eldste funna er gjort i bakken ovanfor sletta og er frå steinalder, ca 2500 - 4000 f. Kr. Blant funna er  bl.a. mikroflekker (Rellingmarka)  og ei slipt trinnøks (Kildehaugtomta). Jordbruket oppstod ofte på tampen av steinalderen, men det er uvisst om det også skjedde her i Sykkylven.



BRONSEALDER (1800 500 f Kr.) (Eldre bronsealder 1800 - 1100 f. Kr. og yngre bronsealder frå 1100 500 f. Kr). Bronse, som perioden har fått namn etter, var lett å forme, men eigna seg dårleg til reiskapar. Framleis brukte dei dolkar av flint, felte tre med flintøksar og kutta kornet med flintknivar. Den dyre importerte bronsen vart først og fremst brukt til å lage religiøse gjenstandar og statussymbol.



 Nokre typiske trekk ved bronsealderen:

Samfunn: Bronsealdersamfunnet var eit stammesamfunn med eit krigararistokrati som bygde sin posisjon på våpenmakt, men også på prestisje som bygde på tilgang til bronse og andre importerte varer. Det var tydeleg stor handelskontakt internt i sør-Skandinavia og med Kontinentet. Det var truleg eit samfunn leia av høvdingar, som  hadde makt på grunn av militær styrke og rikdom skaffa gjennom handel. Krigarsymbolikk er det lite av i bronsealdergravene. Det kan tyde på at det var ein fredeleg periode.



Landbruk: Det var eit godt og varmt vêrlag og gode forhold for landbruk. Landbruk vart for alvor måten å livberge seg. Kveg, sau og hestar vart teke i bruk som husdyr. Mindre og enkle hus utvikla seg til langhus, til bruk både for både folk og fe. Eit godt bevart funn av eit treskipa langhus frå Solberg gard ved Sarpsborg fortel om reisverk av tømmer, veggene fletta av kvist og halm og klint tette med  leire, strå og kumøkk. Det er same teknikken som også er brukt på bronsealderhuset på Auremarka.



Religion: Gravene er den viktigaste kjelda til kunnskap om bronsealderen. Truleg var her ei rekkje  heilagstader i samband med busetnadene. Alt i bondesteinalder la ein ned verdfulle gjenstandar av flint og rav som gravoffer. I dei fine gravene frå bronsealderen ligg det markert mange fleire kvinner enn menn. Kvinnegravene er også rikare utstyrte med våpen og prydgjenstandar. Smykke og til dømes bronseøkser til rituelt bruk vart senka i myrar eller gravne ned i bakken. Helleristingar viser menn med store øksar og reiste fallosar eller menneske om bord i skip. To tusen år før vår tidsrekning dukkar også dei store flotte bronselurane opp i offerstadene. Gjenstandane blir ofte ofra parvis.

Frå ca 1100 f. Kr. blir dei døde i gravene kremert. Slik elden frigjorde bronsen frå malmen, skulle sjela frigjerast frå kroppen gjennom eld. Bronsealdermennesket dyrka den livgjevande sola. Labyrinten vi kjenner frå Vartdal-fjella og frå store delar av Europa elles meiner ein er frå bronsealderen og vere eit solsymbol.

 Helleristingane viser sol og ulike solsymbol og bilde av lange, slanke skip (langskip). Bilde av våpen er sjeldne. Derimot er det bilde av hestar, fiskar og oksar.  Hjulet vart avbilda både som solsymbol og herskarsymbol. Det flottaste  offerfunnet i Norden er Solvognen frå Trundholm i Danmark frå ca 1400 år før Kristus: Den elegante bronseskulpturen framstiller hesten som  dreg solvogna med sine seks hjul over himmelen.



Tekstilar og klede: Når folk vart fastbuande, knekte også bronsealder-kvinnene koden med veving. Gravfunna viser at folk gjekk i kjortlar og side skjørt. Ei ung jente i ei grav i Danmark (Egtvedt-piken)  hadde eit kort trådskjørt og ein topp som verkar forbløffande moderne. Heilt i byrjinga av bronsealderen var smykka enkle og nesten utan dekor. Mot slutten av bronsealderen er det utvikla fantastisk intrikate mønster. Bak på ryggen bar kvinnene ofte ein liten flat rund boks av bronse som var rikt dekorert. Dette var nok den tids handveske.

 Andre smykke var halsringar, armringar og såkalla brillespenne som dei brukte for å halde kappa saman. Vi finn også svært forseggjorte rakeknivar og pinsettar. Kleda var gjerne av plantefarga tekstilar: kapper, kjortlar, trøyer. Dei fleste menn frå denne perioden var glattbarberte. Sveisen var viktig både for kvinner og menn. Kvinnene har gjerne oppsett hår, av og til også eit fint hårnett for å halde på frisyren.



Mat. Mykje av menyen var nok  steinaldermat. Dei veida fugl og rein i fjellet, dei plukka egg, bær og urter, dei fanga fisk i elva og i fjorden. 

Mot slutten av bronsealderen var dei også godt i gang med jordbruk på Auremarka. På Håvoll i Ørsta er det funne bein etter storfe. Korndyrking kom i gang. Urkornet (svartkorn) og bygg er nokre av sortane dei hadde, men kanskje også kveite.  På andre bronsealder-buplassar har ein funne restar av skubbekverner som dei brukte til å male kornet med. Vi reknar med at dei også bryggja øl. Øl har jo status som det flytande brødet gjennom så heile vår historie. Egtvedt-piken i Danmark - 1400 år før Kr. -  hadde  med  seg ein liten neverbutt i grava. I den var det spor etter kveitekorn, tyttebær eller tranebær, pors og honning. Det kan sjå ut som øl med smakstilsetting.


Kvinnesamfunn:
Arkeologen Marija Gimbutas frå Litauen såg bronsealderen som  ei samling fredelege  og tolerante samfunn utan store forskjellar i makt og eigedom. Ho antyda at kvinner kunne vere leiande i styringa av samfunnet. Denne styreforma vart seinare overmanna meir mannsdominerte kulturar sørfrå.  (Kurgan-hypotesen)

Teorien er omstridd, men: «Det er tydelig at kvinner hadde en form for religiøs eller rituell rolle i bronsealderen. Smykkesettet sammen med klesdrakten med fokus på spiralornamentikk tyder på en solkult, eller/og en fruktbarhetskult der utvalgte kvinner hadde en sentral rolle, kanskje til og med ledere. Den økte deponeringsskikken av kvinnelige gjenstander som offergaver støtter teorien om kvinnens viktige rolle innen religion/ritualer, skriv arkeolog  Michelle Louise Pettersen ved Universitetet i Bergen i si masteroppgåve.(2014)



Ho peikar på at offer vart gitt til kvinnelege guddomar og at kvinnene var sentrale i ofringa. Gravhaugane til kvinner var større og rikare utstyrt. Det kan tyde på at kvinner var en del av handelsnettverket. Kvinnene var dei som vevde tekstilane. Ho meiner kvinnene også handla og delte tekstilteknologien med kvarandre. Dei arbeidde også med leire og laga kar til matlaging. Og sidan kvinnene truleg også laga leirformene til bronsegjenstandane, kan ein også tenkje at dei også bestemte forma på gjenstandane. Slik kan ein tenkjer seg at det var kvinnene som bestemte designet og stod bak dei seks registrerte stilendringane som skjedde  i løpet av bronsealderen, skriv ho.



AUREMARKA: Dei mest konkrete spora etter dei tidlege Aurebøndene  er dei mange furene etter arden som vi finn under matjorda på Auremarka. Dei eldste klart definerte husa på Auremarka er frå yngre bronsealder, 700 - 600 år f. Kr .(nord for Sykkylvsbladet). Førebels er det identifisert fire hus, men spor frå fleire hus i nærleiken kan vere like gamle.

 Men Auregarden er eldre. Dei eldste C14-dateringane er frå stolpehol frå noverande p-plass ved Coop er datert 1155 915 f. Kr. Ein har diverre ikkje greidd å finne noko system i stolpehola, men det er svært sannsynleg at det er eit gardshus. Vi har altså grunnlag for å seie at det truleg har vore drive landbruk i dette området i minst 3000 år. Det er ikkje utenkjeleg at vi kan trekkje utviklinga av den første garden tilbake til slutten av yngre steinalder, altså for 3500 - 4000 år sidan, skriv Bjørn Ringstad i boka Aura-Pål sitt rike.



JARNALDER: ( 500 f Kr - 1030 e Kr.)
I
nndeling: Eldre jarnalder 500 f Kr til 550 e Kr. Romersk jarnalder 0 400 e. Kr. Folkevandringstida 400 550 e. Kr) Yngre jarnalder: 550 1050 e. Kr. Merovingertida 550 793 e Kr.

Samfunnet var styrt av småkongar  og rettsfellesskap i delar av landet. Den politiske samlinga av Noreg byrja på slutten av 800-talet. Jarn revolusjonerte heile samfunnet. Det galt reiskapar, og spesielt våpenteknologien. Reiskap og  skipssaum av jarn førte til at ein kunne lage betre skip. I motsetning til bronse kunne ein utvinne jarn frå lokale ressursar (myrmalm).



 Rundt år null var truleg Noreg sjølvforsynt med jarn og hadde utvikla ein avansert produksjon. Betre skip førte til meir handel og vi finn spor etter stor kontakt med  omverda: romerske gullmyntar, sverd, glasbeger, kjelar, auser og bronsestatuettar frå dei romerske provinsane. I yngre jarnalder er det aukande handelskontakt austover og i vikingtid var kontakten stor både austover og vestover. Norske eksportvarer var blant anna fangstprodukt, kleberstein og jarn og dei bytte til seg  myntar og edle metall, klede, glasvarer og smykke.


 Folkevandringstida (400 - 450 e. Kr. )  var ei uroleg tid i Europa. Hunarar og gotar spesielt  vandra inn i Europa frå 300-talet og framover. Det skapte krigar og store omveltingar. Noreg slapp unna slik  innvandring og erobringar. Nordmenn hadde drive handel alt før folkevandringstida, spesielt med det jyske og det tyske området. Overgang frå romartid til folkevandringstid er her i landet prega av ro og kontinuitet både når det gjeld gravskikkar, byggjeskikk og handverkproduksjon.


Jordbruk: Etter år 0 var det ekspansjon i landbruket. Dyrking av bygg og havre, lin og ein del urter var vanlegast. Reiskapar av hakke, trespade og ard som utvikla seg til ein plog med jarnbeslag. Til å skjere kornet brukte ein jarnsigd. Vanlege husdyr var hest, ku, sau, gris og høns.

Religion: Åsatru trua på dei gamle norrøne gudane - dominerte fram til kristninga av Noreg rundt år 1000 - og ei god stund etterpå.



Tekstilar og klede: Klede av ull og lin var vanleg. Sko av skinn.

Vikingtid: I dagleg tale snakkar ein gjerne om vikingtid som om det er ein stor æra i den nordiske historia. Men vikingtida er ganske kort - og  blir rekna frå år 790 til ca 1060 altså ein periode på eit par hundre år.

 Vikingtida var ei ekspansjonstid. Klimaet var mildare. Det var folkeauke i Skandinavia. Med sine raske skip og sin nådelause krigsteknikk  gjorde vikingane seg gjeldande med krig, sjørøveri, plyndring og handel frå Kiev i aust til England og Irland i sør. 


P
å Vestlandet var det mangel på jordbruksland, noko som førte til kolonisering av Island og Grønland. Handelen  med Europa auka kraftig og ein fekk sikra tryggare handelsruter mellom Skandinavia, Friesland og England. Den teknologiske utviklinga var stor og gjorde landbruk og fiske, våpen og båtar meir effektive. Politisk fekk vi kongar med  større makt enn dei tradisjonelle småkongane.  Finansiering av hærtoga mot lokale høvdingar som både Olav Trygvason og Olav Haraldson (Digre - seinare  den Heilage)  under samlinga av Noreg, var sølv som i stor grad henta frå hærtog og plyndring av kloster og byar i England og Irland. (Tore Skeie: Hvitekrist. Gyldendal 2018)

AUREMARKA:  Det kan sjå ut til at det meste av Auremarka er dyrka opp i år 0   altså kring 90 mål. Truleg var det mest dyrking av korn i åkrane medan husdyra gjekk i utmarka. Litt nord for bronsealderhusa er det funne to hus frå førromersk jarnalder (350 100 f Kr). Dei har vore 12,5 - 15 meter lange og vel 5 meter breie med 6 -7 par takberande stolpar. Gavlveggene var  avrunda. Golvet har vore av leire. I eitt av husa var det spor etter grue. I det andre ser det ut til å ha vore ei kokegrop. Desse husa  liknar bronsealderhusa, men ser ut til å ha vore meir forseggjort og regelmessige og noko større. Dei liknar hus som er funne på Mo i Ørsta, Fiskå i Vanylven og Espeset i Herøy. Byggjeskikken på Sunnmøre ser ut til å ha vore ganske lik.

 Det vart også  funne eit mindre hus/uthus på Sparebanktomta, datert til 400 f. Kr. Fire - fem meter frå dette huset var det spor etter ei samtidig kokegrop. .Dei fleste arkeologiske spora som er tidfest med 14 C-metoden til romersk jarnalder/folkevandringstid (0 - 570 e Kr.)

 Så langt har ein spor etter minst ti hus i området mellom Aure sentrum og klyngetunet Auregarden.  Langhus: Det best dokumenterte huset her er 39 meter langt, plassert aust-vest med to rekkjer takberande stolpar. Ei stripe mørk jord markerer ytterveggene. Det er truleg vore brukt leire til golv. Truleg har dette langhuset vore delt inn i tre: bustad, fjøs og verkstad/lager.  



Gildehall: Like ovanfor kyrkja er det funne spor etter ein av dei største bygningane frå førhistorisk tid i Noreg. Dateringa er noko uviss, men truleg frå år 500 til 750 etter Kristi fødsel.

 Huset har vore 56 -57 meter langt og 9 -10 meter breitt, altså ei grunnflate på 500 - 560 kvadratmeter. Langveggane har vore svakt bøygde slik at huset var breiast på midten. Stolpehol og avstanden mellom dei viser at det må ha vore brukt grov tømmer. Ytterveggene kan ha vore av ståande plank plassert mot ein liggjande svillstokk.


 Det er ikkje utenkjeleg at dette huset kan ha hatt høgare midtskip i to etasjar. Det ser ut til
å vere spor etter døropninga i austre ende av nordre langveggen. Det har truleg vore fleire dører.  Sentralt i huset er det funne restar av ein større avlang eldstad og i vestre delen er det også funne spor etter gruer. Ein veit ikkje sikkert om eldstadene høyrer til langhuset eller om dei har vore i andre hus som er bygd på denne tufta seinare.



MIDDELALDER  500 1500 e Kr.

Omgrepet Middelalder/Mellomalder  brukar vi om perioden frå den katolske kyrkja fekk ei  viktig rolle i Noreg og fram til reformasjonen som førte til eit brot med pavekyrkja.

 Høgmiddelalderen (1130 - 1350)  var ein periode med blomstring og auke i folketal og byvekst. Kyrkje og konge styrkte makta si  og kontrollerte innbyggjarane gjennom administrasjon, lover og skattar. Noregsveldet var størst rundt kong Håkon Håkonson etter 1240. 

Svartedauden og fleire etterfølgjande pest-epidemiar herja frå 1340-åra. Folketalet gjekk drastisk tilbake. Frå 1319 delte Noreg konge med Sverige og Danmark i Kalmarunionen og då middelalderen sluttar, blir Noreg styrt frå København.



AUREMARKA: Aure heldt fram med å vere sentrumsgarden i Sykkylven. Aure var  den første kyrkjestaden. Den eldste skriftlege kjelda nemner Aure som kyrkjestad i år 1325. Seinare er kyrkja nemnd i Aslak Bolts si jordebok frå 1432.
Men ein gravstein av marmor (178 cm lang)  med ei tresida topp
som  på ei likkiste er av ein type som ein kallar kisteforma stein. Denne gravsteinen finst ved kyrkja den dag i dag. Denne kisteforma steinen tyder på at grava er frå  1100- eller 1200-talet. Det peikar mot at her har stått ei kyrkje her på same tid. Det er sjeldan å finne denne type kisteforma gravsteinar her i landet. Enkelte forskarar har antyda at det må vere han som reiste den første kyrkja som er heidra på denne måten.

 Utanfor sørveggen i koret til marmorkyrkja på Giske ligg det også ei slik kisteforma grav av marmor. Aure var nemleg garden til Aura-Pål, som er den første historisk kjende personen som vi kan knyte til Sykkylven. Han er omtalt i Snorres kongesoger. Aura-Pål var Pål Skofteson (1100 1160). Han var av  Giske-ætta (Arnungane) og lendmann. Kanskje var han den første kyrkjebyggjaren.


 Han var son av Skofte Ogmundson, ogs
å lendmann. Skofte kom på kant med kong Magnus Berrføtt i ein krangel om ein arv og drog frå landet. Han tok med dei tre vaksne sønene sine. Pål fekk ikkje vere med  fordi han var for ung. Skofte og sønene drog med fem skip via Flandern og Frankrike og gjennom Gibraltar. Ferda deira var kanskje først og fremst ei handelsferd, men blir av mange rekna som den første korstoget frå Noreg. Skofte døydde i Roma i 1103. Også sønene hans døydde på ferda.  Men andre deltakarar i ferda kom heim, «nokre frå Jerusalem og andre frå Miklagard (Konstantinopel/Istanbul)", skriv Snorre.



 Aura-Pål budde kanskje ikkje fast på Aure i heile sitt liv, men i alle all lenge nok til at det var naturleg å kalle han opp etter Auregarden. Nokre har meint at han flytta frå Giske til Aure under borgarkrigen fordi det var tryggare inne i fjorden. Aura-Pål var truleg den som overtok Giske-godset etter farens død. Ei av døtrene hans vart gift med Kolbjørn på Grebstad, ei anna til Stadheim i Sunnylven.

Gudbrand i Vik: I 1344 er han riddar av høg byrd og eigar av garden Vik. Han skal ha vore son til Berdor Berdorsen på Barstad opg veldig rik. Det knyter seg eit eit nokre  segner til han:

 De eine er at han vitja broren Rovepå Ringstad i Stranda  ein gong for å sjå på fine husa han hadde bygd seg. Ja, dette er no noko anna enn revehyttene ute i Vik, hadde broren sagt. Det kunne han ikkje ha sitjande på seg. Ha nskal ha kalla saman store mengdrer arbeidsfolk og felt alle dei  finaste furene i skogen mellom Jarnes og Tusvika. Det var så mange folk i arbeid at det gjekk med ie heil tønne med smør til flatbrøda dei hadde med.  Tømmeret fløtte han over fjorden som ein tømmerflåte. Han bygde store og svære hus. Frå husa gjekk det ei geil med høge gjerde på kvar side ned til sjøen. No kunne Rove kome på besøk. Men han vart ståande å banke på den høge nye porten ei heil stund, heilt til broren kom og let opp for han.

I følgje ei anna segn var han ikkje fornøgd med  vegen frå Vik. Han fekk derfor hellelagt heile vegen frå Vik til kyrkja på Aure.  (Per Svein Tandstad: Gudbrand i Vik. Årbok for Sykkylven 2014)

Ei tredje segn fortel om avtalen om minne-øl.  Segna fortel at den formuande Gudbrand var segnomsust fordi han ein gong skal ha gitt ei raus gåve til kyrkja. Gåva vart gitt på det uttrykkjelege vilkåret “at Giverens Navn skulde efter hans Død aarlig erindres ved et Drike-Gilde, som maatte holdes på Oure Kirkebakke. De vide og at en Tønde Øll hvert år (…) af Sognefolket blev udtømmet til den førnevnte Mands erindring”, kunne Hans Strøm fortelje i Søndmørs Beskrivelse nokre hundre år seinare.

 Historikaren Bjørn Jonson Dale greip tak i denne overleveringa. Han har rekna tønna med kraftig gildeøl om til vanleg pils når det gjeld alkoholstyrke. Han kom til at det denne dagen vart sett til livs om lag 800 halvlitrar. Det var kanskje så mange som 60 såkalla ølføre menn i bygda. Det vil seie at dei konsumerte øl tilsvarande 13 halvlitrar til manns.





Opplevingar på Auremarka

Auremarka har nokre ekstra fortrinn framfor andre fornfunn som  kjem til syne rundt om i landet. For det første det lange spennet av historia frå steinalder til vår tid.Det vil seie at vi har ei lang smørbrødliste av ting å formidle.

 For det andre: At dette området finst kloss i tettstaden Aure. Det vil seie at tilreisande vil finne butikkar, kafear og andre tilbod som er interessante i nærleiken og at aktiviteten på Auremarka kan styrke tilbodet i sentrum. For det tredje: Vi har spor etter ei av landets største førhistoriske bygningar. Her har det budd storfolk.



Byggjesteg 1: Førhistorisk tun: Det planlagde førhistoriske tunet med steinalder, bronsealder og kanskje også etter kvart jarnalderhus, kan ein få til med dugnad. Bronsealderhuset er tenkt innvigd våren 2020. Dugnadsgjengen tenkjer også å få opp ei enkel steinaldergamme og labyrint av steinar/heller etter modell frå Vartdalfjella. Eit gjerde for å avgrense tunet bør også på plass.

Aura-Påls vener tenkjer oss at tunet kan brukast av skular og barnehagar på dagtid og av lag og organisasjonar på kveldstid. Her kan ein lage mat over open eld og  fortære kortreist mat og drikke. Tunet er også tenkt som ein arena for bogeskyting, riding, ulike historiske leikar og konkurransar og handverkskurs. (lage bogar og piler, knivmaking, nålebinding osv).



Museet vil truleg kunne ta på seg å selje billettar og guide turistar som kjem innom om ikkje det blir for mange. Dei er alt i gang med slik formidling til skuleelevar. Ei lita utstilling av oldsaker er på plass i museet og er vere ein fin inngang til aktivitetar på Auremarka. Museet har barnebogar og piler, plastvillsvin til å skyte på og sikkerhetsnett som voi truleg kan bruke Men museet kan ikkje ta på seg å drive aktivitetar kveld, helgar og om  sommaren. Det er ikkje pengar til vikarar. Her må ein arbeide for å skaffe andre som kan vere med – frivilligeeller lønna skuleelevar.



Det ville vere stas om vi kunne ha ein skulelev i tunet gjennom sommarsesongen,skulgreied o

 Den/dei kunne vere kledde i bronsealderkostyme og  lage bronsealdermat,dei kunne fortelje historia og demonstrere handverk..  Ein ungdom  vil koste pluss minus 200 kroner timen. Fem dagar ganger fire timar vil koste røffly 4000 -5000 kroner veka. Ein person i åtte-io veker: 40.000 - 50.000 kroner.  Kan vi søkje midlartil eit slikt prosjekt frå Sykkylven kommune,  Handelsforeininga? SNU?  Bemanna bronsealderhus ville vere eit flott tiltak for å setje Sykkylven på turistkarte.t



 Byggjesteg 2: Vernedekke. Tuftene av den  store Gildehallen er verna fordi arkeologane vil ha høve til å grave meir i tuftene enn dei alt har gjort. Det er viktig at spora i jorda får liggje i fred.  Den kommunalt nedsette Auremark-komiteen foreslo eit vernedekke i skifer over tufta til den mest 600 kvm store bygninga frå folkevandringstida. Tanken er å  bruke denne plassen som ligg inntil Kyrkjeparken som ein ekstra festplass. På skiferdekket kan folk stå tørrskodde ved 17. mai-arrangement og friluftskonsertar. Med Kyrkjeparken og Bronsealderhuset og fin utsikt utover fjorden like i nærleiken blir ein fin plass å spasere og sitje ned.

Tanken er å lage ein skiferplass der ei enkel omramming i tømmer viser kor stort Gildehallen var. Døropningar vil vere markert, ei grue kan byggjast rett over der den opphavlege grua stod. Stubbar som markerer dei berande stolperekkjene  inne i huset. Desse stubbane kan ein sitje på, eventuelt bruke som plankar som kan tene som benker. Stubbane skal kvile på metallbeslag slik at treverket ikkje rører ved underlaget. Dette  hindrar at stubbane rotnar og det gir det oss høve til å montere inn underlys som vil lyse svakt under stubbane og slik gi eit inntrykk av dimensjonane på hallen når det er mørkt.Møre Trafo har lova Aura-Påls vener 25.000 kroner til lysanlegg på plassen.


 På grunn av dei verdfulle spora i jorda kan ein ikkje grave djupare enn plogdjupna (maks 30 cm)  der skiferen skal leggjast ned. Den sjølvdrenerande jorda på Auremarka gjer at det heller ikkje er naudsynt. Avtorving og eit sandlag (evt. på duk) til å legge skiferen i bør vere nok. Det er viktig at ein legg opp til enkelt vedlikehald. Det må gå an å køyre over plassen med plenklippar for å stusse graset som etter kvart kjem til å vekse opp i fugene. Vi har tidlegare sjekka prisen på skiferen og kom fram til ein kostnad på 400.000 kroner. I tillegg kjem arbeidet, sand osv.


Byggjesteg 3: Gildehallen. Gildehallen er eitt av dei st
ørste husa frå førhistorisk tid som er funne i Noreg og skriv seg frå perioden 500 750 e. Kr. Byggjesteg 3 går ut på å reise eit bygg som i størst mogleg grad er slik Gildehallen ein gong har sett ut. Men korleis såg det ut? Det veit vi eigentleg ikkje så mykje om.

 Det arkeologien kan fortelje oss, er grunnrisset av bygningen, talet på stolpar og dimensjonen på dei osv. Det er funne leire i øvst i stolpehola. Det tyder på at hallen har hatt leirgolv. Det er ikkje bevart sikre spor etter ytterveggene i huset, men det vart funne eit par mørke striper i det nordaustre delen av huset. En av desse er truleg  merke etter ein svillstokk. Det andre kan vere merke etter takdryppet. Langveggane var svakt bogne og huset var altså breiast på midten. (Sjå  Bjørn Ringstad: Aura-Påls rike frå side 65.)



 Får vi bygd ein Gildehall, vil ein ha eit lokale med plass til mange menneske. Her  vil det vere mogleg å servere mat og drikke til cruiseturistar og bussgrupper. Gildehallen kan brukast til servering i samband med Sykkylvsdagane. Her kan ein invitere på steinaldermat, utdrikkingslag med viking-tema og servere ulike former for tradisjonsmat.

 Her kan ein demonstrere vevteknikk og nålebinding, skinnhandverk og  arrangere bogeverkstad. Bondeorganisasjonane bør engasjere seg for å vise fram tre - fire  tusen år gamle landbrukstradisjonar.  Bondens marknad og gardsbruk som er interessert i å levere kortreist mat til Gildehallen bør også inviterast med.

 Eit levande bronsealdermiljø om sommaren vil ha ein tydeleg stoppfunksjon for turistar som no køyrer gjennom Sykkylven. Ein Gildehall ville vere eit landemerke og ein attraksjon i ei etterlengta turistsatsing i Sykkylven.

Gildehallen er ei for stor oppgåve for frivillige organisasjonar, dugnadsgrupper eller kommunen åleine. Bygging og drift må skje i kommersiell regi med kommunen som tilretteleggjar. Kommunen må avgjere om ein vil prioritere dette  prosjektet og gi den starthjelpa som trengst. Kommunen må   ta initiativ til  ein organisasjon (stifting og/eller AS) som gjer det mogleg å selje inn  prosjektet til investorar som kan tenkje seg å satse på turisme i Sykkylven på profesjonelt vis. 

- gjennomføre ei regulering av gildehalltomta og skaffe dei nødvendige løyve til å byggje. Dersom prosjektet er tilnærma gryteferdig frå kommunen si side vil det vere enklare å hente inn kapital.





                                                                                                                 Kjetil Tandstad

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne