Sunnmøringen



Kven er eigentleg sunnmøringen? Kanskje er heller spørsmålet: Kven vil vi at han skal vere?


Ofte, når vi har hatt behov for det, har det blitt lagt vekt på det heroiske ved sunnmøringen: Ragnvald Møre-jarl og Gange-Rolv. Store-Rasmus og Ivar Aasen. Fryktlause fiskarar i opne båtar på Eggakanten og industripionerane som bygde fabrikkar på alle nes og rulla stein medan dei kvilte. I vår tid har vi blitt nøydde til å spe ut den heroiske myten med pittelitt sjølvironi for ikkje å bli for skrytete: Slik er vi framleis dristige gründerar og kreative seljarar, men også internasjonale heimefødingar, brytjete pietistar og så gnitne og sparsame at vi utan vidare kan passere som Norges skottar.

 Myten om sunnmøringen inneheld eit heilt sett av eigenskapar. Dei er ofte er motstridande. Det gjer det mogleg til ei kvar tid å  hente fram dei eigenskapar ved sunnmøringen som passar tida og situasjonen best. I reklamebransjen vil dei nok kalle sunnmørsmyten for vellykka merkevarebygging.

Kven er det som snakkar. Eg bør vere ekspert. Eg er innfødd sykkylving og har levd blant sunnmøringar i heile mitt liv. Studiar i Volda og Bergen. 26 år i Sunnmørsposten, ti år i Sunnmøre Museum.

 Eg har også budd i Oslo nokre år og opplevde så vidt den forlokkande ball-geisen frå kafeen Gildevangen. Det var der dei samla seg, eksil-sunnmøringane, for å halde kontakt med sine stammefrender og søkje støtte og trøst blant likesinna. Då eg kom til hovudstaden på syttitalet, var den viktigaste samlingsstaden for oslo-sunnmøringar i ferd med å bli kinesisk. Eg, som kom der for å få potetball på ein torsdag, måtte ta til takke med kinesisk meny. Vi vart serverte av ei nydeleg kina-jente som noterte bestillinga med eit strålande smil: «Vål-lull og en halv litel piss».

 Kafeen Gildevangen  i Oslo måtte gi tapt. Men sunnmøringen lever. Spesielt er han sunnmøring med stor S når han lever i eksil. Det gjer snart dei fleste av oss. I hundre år har sunnmøringen stått som ein Gange-Rolv i vårt sjølvbilde. Så svær at ingen hest kunne bere han. Ein forfar til det britiske kongehuset. Og næraste slekta, synest vi. Men det same synest også danskane.

 Sunnmøringen er den fromme råtassen som du kunne spikre på naustveggen og jaggu vaks han og blei feit. Han er den fryktlause fiskaren, den dristige investoren og ishavspioneren. Han er oppdragaren frå skulestova i stirrig kamp for fråhaldssak, venstresak, indremisjon og nynorsk. Han såg sitt snitt og infiltrerte først skuleverket, seinare NRK. I følgje forfattaren Agnar Mykle var det gjennom eit osmotisk kupp.

Sunnmøringar og tomflasker finst det over alt, sa vaktmeisteren som rydda opp etter eit julebord på Marienlyst. Sunnmøringen har rykte for å vere heilt i spiss når det gjeld teknologi, anten det gjeld skipsfart eller avlaupsfrie toalett. Han er reisevant passasjer i lusekufte på alle interkontinentale flyruter, med all bagasjen sin i ein reklame-ryggsekk frå Sparebanken Møre. Han internasjonal troubleshooter for skip i alle farvatn. Og sunnmøringen er ikkje berre menn. Det er også  kvinner, som stjerneskotet Sigrid eller suksessbloggarer som Helsesista eller Funkygine. Alle forsikrar dei i intervju at dei er veldig stolte av å vere sunnmøringar. Særleg dei som har flytta vekk, synest at Ålesund er verdas finaste by.

 Sunnmøringen er ofte i verdstoppen når det gjeld moderne teknikk.  Men samtidig er han ein konservativ tradisjonalist. I alle fall dersom ei endring ikkje kastar noko av seg. Då vil sunnmøringen ha det som vi alltid har hatt det, anten det no er snakk om kommunegrenser, språk eller mat: nesten same kor internasjonal og trendy ein måtte vere, så står fåreribbe og svele høgt på ønskelista når erke-sunnmøringar møtest.

Sunnmøringen, slik vi kjenner han, er forma av omgjevnadene. Personlegdommen er så og seie odla fram av dramatisk natur og harde livsvilkår. Ein måtte ro langt til havs for å få den største fangstane, men ein måtte også prøve å kome seg i land før stormen kom. Sjansen til å mislykkast var stor. Og vart ein for sein, gjekk ein glipp av sjansen til å føre slekta vidare. Her snakkar vi naturleg utval.

 Naud lærte naken kvinne å spinne og svolten mann å byggje båtar og lenestolar. Gardsbruk og fiske vart supplert med handverk og handel. Ein måtte alltid vere om seg. Ressursane var knappe og det var mange om beinet. Det galt å vere kreativ og oppfinnsam.

 Mangesysleri og evna til å ta risiko vart eit særkjenne for kystbefolkninga. Men det var ikkje berre i havkanten det vart teke sjansar. Også dei kontoriserte klippfisk-seljarane i Ålesund og møbelgründerane inne i fjordane satsa både hus og heim og gardsbruket til svigerfamilien for å få ein fot innanfor i ein lukrativ bransje.

lede skaper mannen, blir det sagt. Men det er ikkje noko mot den krafta som naturen har til på forme menneske. «Landet er karrig og vindfullt, og som landet, så folket», sa dei i Trøndelag. Det galt ikkje mindre på sunnmørskysten.

 Her bles orkanbygene heile steinggardar overende. I slike omgivelsar var det den trassiske sunnmøringen voks fram: Som han som innbitt bardunerte båt og naust når orkanen herja og takhellene fauk som måseflokkar ut gjennom fjorden, for å seie det med Arthur Klæbo. Sunnmøringen  var ikkje den som hadde tenkt å gi seg mot overmakta: «He du vind, so he ej tøg», skreik han trassig mot vergudane. Sunnmøringen utvikla seg eit breibeint og viljesterkt folkeslag.

Myten om sunnmøringen er skapt for å sveise oss saman. Det kan gi eit falsk inntrykk av at sunnmøringar samarbeider godt. Det skjer berre når begge partar tener på det. I kampen mot Molde står naturlegvis sunnmøringen samla. Men utan ein ytre fiende, er sunnmøringen separatist på skulekrinsnivå. Det er by og land, mann mot mann. Det er kommune mot kommune og grend mot grend. Og sunnmøringen er ikkje den som held sine meiningar for seg sjølv. Får han det ikkje som han vil, kvesser han sin penn og dryler til med harde ord og krass argumentasjon i lesarbrevspaltane i Sunnmørsposten.

 For dei mest patriotiske ålesunderane er Ålesund arnestad og det naturlege senter for Sunnmøre. Frå deira ståstad svekkest sunnmørsånda meir og meir di lenger ein kjem frå rådhuset og  St. Olavs plass. Frå bygdene ser det heilt motsett ut: Den ekte sunnmørskulturen, den finst i Ørsta og Volda og Ulsteinvik og Hellesylt og ikkje i Ålesund, som er utvatna av innflytta austlendingar, knoting og jåleri.

Nye Ålesund utvidar no grensene slik at byen får påfyll av frisk bygdeblod. Men det spørst om dei nye og smålåtne innbyggjarane frå Ørskog og Haram er mange nok til å demme opp for erkeålesunderar som både er fødde og unnfanga innanfor den første bygrensa. Ålesund kan ta på seg å vere Sunnmøres hovudstad, men berre om dei slepp unna nynorsken. Nynorsk passar betre i dikt og romanar enn i forretningsbrev, er oppfatninga. Sidemål har kremmarane i Ålesund alltid hatt problem med.  Ålesund er framleis gladare i store tal enn i små bokstavar.

 Noko som har prega oss, er at Sunnmøre, med alle sine innbyrdes kampar, likevel har vore i god  balanse. Det var aldri tvil om at det var Ålesund som var byen.  Byen var stor nok til det.  Men Ålesund vart aldri like dominerande som Bergen eller Trondheim, som konkurrerte ut næringslivet i bygdene rundt og la lokalsamfunn aude. Maktbalansen mellom by og land sikra frodige og sjølvmedvitne bygdesamfunn som stort sett greidde seg sjølv både med folk og arbeidsplassar, kultur og foreiningsliv. Berre når det var verkeleg store ting som stod føre, som sakførarbesøk eller brudebilde, tok bygdefolk på seg finstasen og tok mjølkebåten til byen.

Det har prega oss mykje at vi bur så avsides til. Mål avstanden frå Ålesund til hovudstaden og dei største byane. Det er ikkje mange i sør-Noreg som bur like langt frå sentrale strok. No når både makta og pengane har flytta til Oslo, er sunnmøringane komne heilt attom nova. To av tre nye jobbar har det siste året kome i Oslo og Akershus, les vi i avisene. Sunnmøre prøver å kompensere med å fylle opp morgonflya til Oslo med ordførarar og næringslivsfolk på veg til direktorat og departement og Statsministerens kontor. Oftast til lita nytte.

 Historisk har vi alltid vore avhengig av farefull seglas og utmattande langtransport for å nå fram til våre kundar. Men det har også vore langt å reise for dei som ville bestemme over oss. Avstanden til makta har gitt olbogerom og gjort det nødvendig å ta eigne avgjerder. Sit ein fjernt frå dei som styrer, blir ein sjølvstendig, om ikkje sjølvrådig. Ein får tradisjon for å stole på si eiga fortolking av lover og reglar. Då går det gjerne i eigen favør. Når kontrollørane er langt unna, er det lettare å kutte svingane. Slik har sunnmøringen spart både tid og utgifter. 

Men sunnmøringen har no vore seg sjølv lenge før det. Det er nokre år sidan no, men ein gong hadde sunnmøringar nøysemd under huda. Dei sette skoene på hylla om sommaren, for å spare skoslit. Kårmannen drog alltid riva etter seg på veg heim frå høyberginga, same kor vel han hadde raka tidlegare. «Det vert alltids til ei kalvetugge», sa han.

 Før stod  karane på fabrikken og laga møblar i dressjakke. Det var gjerne bryllaupsdressen, som ikkje lenger var skamlaus til bestebruk og  som hadde blitt arbeidstøy. Seinare vart jakka kanskje brukt på sjøen med ein islender under, så i fjøsen, før stasplagget enda sine dagar som isolasjon rundt eit vassrør. No leiger vi ein polakk til alt av manuelt arbeid og han må halde arbeidstøyet sjølv.

No har de nok alt tenkt tanken: Det vi har sagt om sunnmøringen, gjeld vel i grunnen for mange andre også utanfor Sunnmøre. Folk er no seg sjølve lik, når sant skal seiast. Det er ein deprimerande tanke. Korleis skal vi då kunne skryte av oss sjølve på ein diskret måte?

 Trikset har vore å samle alle slags motstridande karakteristikkar i same sekk og påstå at slik er sunnmøringen: Pietist og råskinn, verdensmann og lokalist. Smålåten, men også skamlaust frampå med heile brystkassa. Ein risikovillig gniar som kan satse alt han eig på ei risikabel investering. Og som regel kjem han ned på beina og med gevinst.

 Myten om sunnmøringen er sjølve limet som held oss ihop. Om sunnmøringen var som alle andre, var det ikkje noko særleg vits i å halde oss med Sunnmørsposten, Sunnmøre Museum eller sunnmørslister til fylkesvalet. Då kunne vi kanskje like godt grave ned stridsøksa og spele på lag med romsdalingar og nordmøringar. Det ville vere uvant. Det er mange sunnmøringar som har vore jorda rundt, men aldri i Kristiansund.

Men sunnmørsmyten er under press. Vi blir stadig meir like hittfolket. Vi går frå jobb klokka fire. Shopping har blitt fritidsaktivitet. Patriotismen er det for ein stor del Aafk som forvaltar. Elles kjøper vi der det er billegast og ikkje i nærbutikken. Og så har vi blitt fine på det. Når bøane blir gylla med traktor og tankvogn om våren, blir det klaga ynkeleg i byggjefelta over stanken. Er slikt lov? 


 Den nøysame sunnmøringen har blitt gammal og avfeldig. Etterkomarane har hus i Spania og hytte på Strandafjellet. Lensmannsdistrikt og kommunar har blitt for små og blir slått saman til meir robuste einingar. I kjøpesenteret på Moa står det Sale! Outlet! Fifty procent Off! på alle plakatar. Tanken er at  folk frå Sjøholt og  Vatne og Liabygda blir meir kjøpelystne om dei blir lokka med engelsk.

 Det  reagerer vi ikkje spesielt på lenger, vande som vi er med Facebook og Youtube og engelske seriar. Fleire og fleire  av våre store opplevingar kjem frå fjerne IP-adresser på internett og meir og meir med engelsk tale. Ungane veks opp med eventyrfigurar som svingar sverd og rir på flygande drakar. Vi vaksne let oss sluke av engelskspråkleg krim.  Her er liten plass til lokale heltar. Vi får det meste vi treng av underhaldning via skjermen på telefonen og nettbrettet. Nettet gir oss nye vener, men får oss også til å misse kontakten med naboane.

 Då eg studerte journalistikk i Volda for snart femti år sidan, var den store helten mediefilosofen Marshall Mc Luhan. Han meinte moderne media ville omskape millionar av lokalsamfunn til ein einaste stor global landsby. Han tenkte den gongen på radio og særleg fjernsyn. Han skulle sett i dag.

 Teknologien var den som dreiv utviklinga, ikkje bodskapen, spissformulerte han. The Media is the Message. Eller: The Media is the Massage.

Sidan har vi hatt ein heil medierevolusjon gåande. Globale media masserer oss og formar oss og fyller all vår tid. Vi blir alle likare og likare i hovudet. No er vi meir opptekne av om Trump blir attvald som president I USA enn kven som blir vår eigen ordførar.

Vi kjenner oss verdsvante og internasjonale med dei smarte telefonane våre. Lokalsamfunnet eksisterer berre på Facebook. Lokale heltar høyrer fortida til. Det spørs om vår mytiske sunnmøring med si blankeskjoldhue og blåtrøye, kan halde stillinga blant unge menneske som synest Norge er for smått og at livet er å vere stjerne i California.

Det er tronge tider for gamle sunnmørsideal. Kanskje forsvinn den mytiske sunnmøringen og alle hans særkjenne i lomma på kinesarane, slik som kafe Sunnmøringen i si tid og møbelflaggskipet Ekornes. Vi må berre håpe på i det minste nokre av elementa i sunnmørsmyten lever vidare: Sparsemd og flittigheit av Guds nåde og den fandenivaldsk stirrigheita: «He du vind, så he eg tog!»



(Ålesund Øst Rotary 13. november 2019.)  

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne