Liv i leiren på «Emmedal»
Korleis
var miljøet på møbelfabrikkane på tampen av mellomkrigstida. Korleis
prata og tøysa dei med kvarandre? Dei skriftlege kjeldene gir lite svar. Er det
fabrikkfoto, er det som regel teke utandørs med arbeidarane alvorleg oppstilte
på ei trapp eller mot ein murvegg. Bilde av travle arbeidarar i full sving på
fabrikkgolvet finst nesten ikkje.
Men
i arkivet til Møbelmuseet finst det ein prolog som truleg er framført på ein
bedriftsfest ved Emdal-fabrikken i Straumgjerde i 1939. Den gir eit humørfylt bilde
av arbeidsvilkåra og den spøkefulle tonen som også kunne prege dei lange og
einsformige arbeidsdagane på fabrikken. Kven som førte prologen i pennen og
eventuelt framførte den, veit vi ikkje.
Prolog
Vi
kallar diktet for prolog her i årboka. Ein prolog er eigentleg eit dikt som
blir framført som innleiing til ei festforestilling, eit stemne eller liknande. I vestnorsk tradisjon er ein prolog oftast eit spøkefullt festdikt om eller til ære for publikum. Svulstig skryt
av gode vener ligg ikkje for vestlendingen. I ein god prolog skulle
forfattaren/opplesaren balansere mellom godmodig harselas og krydre litt
nærgåande pirting av folk ein rekna med ville tole det. Prologen skulle lesast
opp for festlyden. Rytmikken var ganske fri, men han skulle vere meir eller
mindre på rim.
Også
i denne prologen, som har fått tittelen Dagligt liv i Franco-leiren, får
tilhøyrarane sine pass påskrivne, anten det galdt utsjånad, veremåte eller
privatliv. Her både erting og harselas. At
sjefen sjølv, Karl Emdal frå Stranda, blir kalla opp att etter diktatoren
Franco i Spania, skal vi kanskje ikkje leggje så mykje i. Han var rett nok sjef,
men nokon brutal fascist var han ikkje. Det viser også verset som er skrive om
han. Han er den dyktige seljaren, den som får fabrikken til å gå bra. «Han
smiler so godt, den reven/det er ikkje han som lagar leven».
Elles
høyrer vi om «vår tillitsmann, han som drikk ølet frå ei tre liters spann»
og kvinnfolkfuten som gjerne tek «på
pikenes bryst.» Her blir det også gjort eit poeng av at småsjefane driv reine
storproduksjonen av ungar heime og slik sprenger Tandstad skule. Det blir også
hinta om at enkelte var ein tanke forfengelege: Som Hjalmar Brunstad, seinare
møbeldirektør: «Han gnagar sine negler og brukar lommespegler».
Her er også sydamene på loftet, som til tider kan
irritere arbeidsformannen: «for i giftetankar dei alltid vankar/ og hjartet
hoppar og i brystet bankar… Vi synest dei er alminneleg pene/ men sjølve dei
synest dei er filmstjerne-vene».
Heile
prologen er full av intern humor. Som i passasjen som omtalar den gamle sjefen,
«han Mørkeseth, han kjeme gåande med buksepress». Og om Petter Hjorthol:
«Han er forkava, den skrinne traven/ og elles so har han oppbrett på kragen».
Er slike detaljar som oppbrett på kragen motiverte av naudrim, eller viser det
til eit poeng som arbeidskameratane den gongen kjende til, men som vi i dag ikkje
lenger veit nok til å fange opp? Det kan vi fundere på.
Ung arbeidsplass
Møbelfabrikken
K. Emdal & Co, i daglegtale berre
«Emmedal», var ei hjørnesteinsbedrift i Straumgjerde. Karl Emdal hadde fartstid
frå P. I. Langlo på Stranda då han vart
verksmeister ved A/S Sykkylven
Kurvvarefabrikk. Men korgmøblar gjekk av moten etter få år. Karl Emdal forstod at han måtte satsa på overstoppa møblar.
Saman med fleire lokale arbeidarar starta han møbelfabrikken K. Emdal og Co i
Straumgjerde, og fabrikken opplevde stor vekst fram mot krigsutbrotet. Møbel var enno eit framtidsyrke i Sykkylven. Av
dei som er nemnde i prologen, er dei fleste pluss minus 20 år. I 1938 hadde Emdal-fabrikken 30 tilsette.
Det
opphavlege manuskriptet til prologen var ikkje skrive for å kome på trykk.
Redaksjonen har lagt vinn på å bevare den
opphavlege dialekttonen, men har gjort nokre mindre endringar i rettskriving og
oppsett.
Daglegt
liv i Franco-leiren
Prolog om livet på Emdal-fabrikken i
Straumgjerde frå 1939. Sikra for
ettertida av Leidulf Vigstad. som også har forklart kven som var kven.
Den første du ser når upp trappa du kjem
Er Lars (usikkert kven), som på
stolen det fyrste gjer
Skodespelar av rang
med og utan sang
Dessutan så er han så fælande lang.
Toils frå Rheim (Nils Riksheim, 1912 – 1969) er vår tillitsmann
Han drikker ølet av ei treliters spann
Etter rjupa han flyr,
han ingen ting skyr
og rjupa blir nokså dyr.
Han Volle, bakar frå by’n
Han gjer som Nils (Riksheim) og stoppar
sete.
Han stoppar seter so det er eit syn
Ja, det er så fole at kvinnfolka græte
Når herr Volle går på dill,
seier han «ja takk, en dråpe til».
So er det han som i mellom dei står
Og surrar sete så det forslår
Han går ikkje av vegen for ein rygg eller
to
For dei skal ogso lagast rett no.
Kåre frå Hole (Kåre Hole, 1917 – 1967) frå
Bøtelgarden, Dravlaus) , han seter trekkjer
Og stoffet or rukkene strekkjer
Er trekka for små, er fa’n laus
og er dei for store, so Gud nåde den taus
Som syndig he vore og laga røre.
Perry, (Perry Fet 1919 – 1967) vår ven
ifrå Fet
han er rund og triveleg og feit.
Han mekar armar i hopetal
og tener i hop ein heil kapital.
Feitt han sel og platina fila.
Bak rattet han sit, å hå, kor han bila!
Ein feil han nok dessverre har, han tar
seg ein tår,
og synest han er pokkern til kar.
Den neste i rekkja er Stavik (usikkert),
med konfekt han brodera og stika
mens kvinnfolka kika
og seg storarta lika.
For han er det same kva arbeid det vert
For han er då til slutt litt av ein
ekspert.
Arne frå Velle, (Arne Velle, frå
Bastiangarden på Velle, fødd 1919) han vesle karen
Han gjev seg i kast med både Røven og
haren
Han drikker sjampis som det reine vatn
Og dreiva kompisane, så dei misser hatten.
(no må dokke læge)
Rygger han trekkjer, knoga og strekkje.
Han gjer det fint og han gjer det svint.
Inne på bestestua står Hans, ( Hans Straumsheim
1902 – 1975), som er Francos venn
Nybrotsmann med hud og hår
1000 høns til næste år han får
- viss
han er heldige då.
Ved hans side, ein bukkesprengjar står
Ole (Ole Lade, fødd 1916) er hans namn i år som i fjår
Ryggar han mekkar
so bukkane brækar.
Alfaen fyk
og bekkeringa ryk.
Midtgård-Olav, (Olav Midtgård frå
Hundeidvik, fødd 1917) den vene gut,
han gjer seg slettes inga sut
Kvinnfolka har han lagt for hat.
Han klappar heller den svarte katt.
Han og Alfred gjer same verket
Dei lagar bunnar og gir pokker i
kvinnfolk-herket.
Hjalmar (Hjalmar Straumsheim, fødd
1920) den trugne karen
Kan delast i to, meiner Langeland-karen (Per
Langeland. Post-Per, fødd 1920).
Føtene dei er so alt for långe
Ergo er magen mykje for svånge.
Riksheim-guten Alfred (Alfred Riksheim,
fødd 1905), er nok bortforlova
Kvinnfolk der nok inkje kan røva
Det einaste kan hende er eit smil
Breitt som ei staut norsk mil
Norvall (Norvald Fet fødd 1920) er
medlem av bokseklubben
Han er ikkje stor, men nokså lubben
Kvinnfolk han ikkje lika
desto meir på felå han gnika
Når han spelar, er det snøtt ei lyst
Då vert det i salen alltid tyst.
Ein gut har forlate oss og det er han Søllj
(= spetakkel. Fridtjof Fredriksen, fødd 1919 frå Toregarden på Dravlaus,)
Til å kle stolar, var han eit trøllj
På kjærleik og potetgjødsel han spesialist
er
Det hender han kjem kvinnfolka alt for nær
(no må dokke læge)
No er stolen til pakkings ferdig
Og Petter (Petter Riksheim, fødd 1916 frå Grøngota, Riksheim) han er
nokså iherdig
(For stolen må pilerot i Bergen vere
I morgon den dag, for negeren skjære.)
Vi ut i sakristiet går
Der Monrad (Monrad Hoff frå Langevåg),
står klar og spruten står
Der ute vil vi ikkje lenge vere
Patineringsgassen står rett i veret.
Vi tek oss ein tur opp på loftet
Der er innestengt luft og nokså kovte
Ellen og Olivia sit der heile da’n.
(Ellen
Emdal, søster til sjefen Karl Emdal og Olivia Straume, fødd 1913).
Hansen (verksmeister Bjarne Hansen frå
Lillehammer) gjeng og gnell og ropar på Hinmann
For ofte det går for hånå på tverke
Med dette forbannede kvinnfolk-herket,
For i giftetankar
dei alltid vankar
og
hjartet hoppar og i brystet bankar
(liten pause)
Vi synest dei er alminneleg pene
Sjølv synest dei at dei er filmstjerne-vene.
So tek vi oss ein tur i kjellaren,
der
treff vi trebukksjefen Sigvard, han
matematikaren .(Sigvard Strøm, (1897 – 1974 frå Gylet )
Solidarisk sett er det han som rår
Men matematisk er det bak Francos rygg han
står
Den gamle sjefen, han Mørkeseth (Nikolai Iversen Mørkeseth 1904 – 1998 frå
Skodje)
Han kjeme gåande, med buksepress
Når han knogar, brukar han leikedress
Han er Torps kasserar (Ap-aktivist),
rett og slett.
Han
Setren (frå Hornindal) og han Amdam (usikkert), dei skjer ut
rosetter
Som skal brukast på stolar og klosetter
Setren likar på kvisten å gå
Han Amdam gjer likeså.
Poløren, han Mindor, uta Jyljå, (Mindor
Riksheim, 1918-1951)
Han lakkar stolbein og set dei på hylljå
Drikk gjer han sjeldan, skjønt over
spritdunken han rår
For det er’kje godt å drikke, det er til dyra sine sår.
Den neste er kvinnfolk-futen,
uta Erstad han kjem,
den lange guten. ( Karl Johan Riksheim (1879 – 1956) frå Tømmesgarden).
Song det er hans
største lyst
og han tar gjerne på
pikenes bryst.
Han Hjalmar Navarhaug frå Bru (Hjalmar
Brunstad 1919 – 1974)
Står attmed fresen og er så tru
Tenkjer på Lilli (Lilly Velle, seinare
gift Drabløs, fødd 1922) og veit so gødt
at der nede er han velkomen støtt.
Han røykjer ofte Speed og ser seg opp og
ned.
Han gnagar sine neglar
og brukar lommespeglar.
Kontoristen, han Jens Bonesmo (1901 –
1964 frå Støren)
Har blitt forkorta til Bonus no
Og arbeidet sitt han greier godt
Og kona si (Elise Grebstad, fødd 1903) han røktar flott.
Han Bonus og han Hoff er sjefar små
Men når det skal lagast ungar, kan ingen
dei slå
Det var dei som skulen sprengde
Og det kan alle godt forstå.
Franco
sjølv (Karl Emdal, 1900 -1976 frå Stranda) er øvste sjefen,
han får det kruna de’
til å gå,
han lagar stolar så flotte som få.
Han smiler so godt, den reven
og er ikkje av dei som lagar leven.
Av små bukkar er der no berre tre,
Han Ottar, Petter og Jon, ikkje fleire
(Ottar P. Hole, fødd 1918, Petter
Hjorthol. fødd 1920 og Jon (usikker)
Ottar den store, han surrar seg fast
Og så gjer han over stolen eit kast
Petter, han stoppar og bikerer sete
På mindre enn to minutt, fram til han skal
ete.
Han er forkava, den skrinne traven
Og elles so har han oppbrett på kragen.
Kommentarer
Legg inn en kommentar