Tradisjonalisten
- Dei protestantiske kyrkjene har blitt demokratiserte. Ein har late folk flest bestemme teologien. Ikkje Guds ord og kyrkja sin tradisjon. Det er ei veldig uheldig utvikling, seier Ottar Svein Mikael Myrseth. Ei lang teologisk utvikling har ført han dit han er i dag – biskop og øvste leiar i Den Nordisk-Katolske kyrkja.
74-åringen, som plussa på namnet sitt med Mikael då han vart
prestevigd i kyrkjesamfunnet i 2001, kunne
naturlegvis ha nytt sine pensjonist-år uforstyrra
på hytta på Gjæveneset i Hundeidvik. Men slik vart det ikkje. Han har alltid vore ein opprørar, seier han. Engasjementet
hans let seg ikkje utan vidare pensjonere.
Bedehuset
Han voks nærast opp på bedehuset i Hundeidvik,
der far hans var ein av leiarane. Når det kom omreisande predikantar, budde dei
gjerne heime med familien deira. Då gjekk drøsen mykje om åndelege ting. Den
religiøse interessa har Ottar Myrseth fått med seg frå barnsbein av. Denne bakgrunnen var nok ein grunn til at det
er to biskopar i familien Myrseth. Veslebror Jan Otto er biskop i Tunsberg.
Dei er på ingen måte på linje i teologiske spørsmål. Det har vore
nokre harde diskusjonar mellom brørne opp gjennom åra,
vedgår han.
No kranglar vi ikkje så mykje lenger. Vi treffest heller ikkje så ofte. Men sjølv om vi
er usamde i teologiske spørsmål, kan vi ha det fint i lag når vi er ute
på fjorden og fiskar småsei, seier han.
Etter
fem år som prest i Oslo, vart Ottar Myrseth
stiftskapellan i Molde, før han var prest i sju år i Spjelkavik og
deretter lærar i folkehøgskulen. Den religiøse bagasjen han
fekk med seg heimanfrå, motiverte for å studere teologi då han var ferdig med
gymnaset.
Det var tidleg på syttitalet. Ungdommen var
opprørsk. Ottar Myrseth sitt opprør skjedde innanfor Den norske Kyrkja, som han
tykte appellerte for lite til kjenslene. Ein kan seie at han vart radikalisert i konservativ
retning.
Fornying
Han
engasjerte seg i grupperinga Kirkelig Fornyelse. Her samla det seg prestar og
lekfolk som ville at Den norske kyrkja
skulle bli meir høgkyrkjeleg. Dei var opptekne av tradisjonane og det djupe
alvoret som dei meinte hadde gått tapt i den demokratiserte folkekyrkja. Opprørarane
ville ha også meir effektar: Biletkunst, song og musikk, prosesjonar og røykjelse.
Kyrkjerommet skulle ikkje vere ei skulestove der presten doserer og kyrkjelyden
sit passivt og høyrer på. Den norske kyrkja var fantasilaus, meinte dei. Ei gudstenesta
skulle vere ei oppleving som talte til alle sansar og der kyrkjelyden tok
aktivt del. Lytte, sjå, smake og lukte. Det skulle vere i større grad som eit
teater, som appellerte til kjensler, ei oppleving av venleik, alvor og historisk
samanheng.
Sjokk-effekt
Opprørarane
var også sterkt teologisk konservative og flokka seg om den karismatiske
presten, salmediktaren og aksjonisten Børre Knudsen. Han vart den fremste og mest
synlege motstandaren av liberalisering i kyrkja. Særleg i kampen mot lova om sjølvbestemt abort, som kom i 1978, skapte
Børre Knudsen og hans våpendragar Ludvig Nessa furore. Dei stod på
kyrkjetrapper og viste fram baby-dokker innsmurde med ketsjup. Dei organiserte salmesong
utanfor gynekologiske avdelingar der dei meinte abort vart utført. Sjokk-effektane
fekk naturlegvis store oppslag i media. I tillegg til kampen mot abort kjempa opprørarane
også mot kvinnelege prestar og samkjønna ekteskap.
Håpet om å kunne bli ein konservativ
opposisjon som kunne eksistere innanfor den norske kyrkja forsvann gradvis. Etter
som åra gjekk, vart det klart at den konservative grupperinga ikkje ville få
nokon plass i Den norske kyrkja. Det som var tenkt som ei kyrkjeleg fornying innanfor
gjekk over til å bli eit alternativ på utsida. Kvart-katolikkar kalla
kommentatoren Andreas Hompland opprørarane i Dagbladet. Nokre av opprørarane
melde overgang og vart heil-katolikkar.
Tusenårs-skritt
Det
var ikkje nok for Ottar Myrseth. Han hadde sans både for tradisjonane til den ortodokse
kyrkja i aust og for den vestlege pavekyrkja. Derfor skritta han tilbake tusen år
og valde vekk både den romersk-katolske kyrkja i vest og den ortodokse i aust.
Han plasserte seg i kyrkjetradisjonen
før splittinga av oldkyrkja i år 1054. Det var dette året ein paveleg bannbulle
frå Roma nådde Hagia Sofia i Konstantinopel med bodskapen om at kyrkja i aust
var «kjelda til alt kjetteri». Sidan den gongen har den katolske kyrkja vore
splitta mellom aust og vest og har aldri meir greidd å møtast.
Denne splittinga meiner Ottar Myrseth det no
er på tide å overvinne. Han søkte seg mot skriftene til kyrkjelege opprørarar med røter i Nederland og Storbritannia. Han
kom i kontakt med representantar for polskætta katolikkar frå USA som ikkje
ville akseptere pavens overherredømme. Dei ville ha ein katolisisme som likna
meir den austleg i deira gamle heimland.
Denne gammal-katolsk tradisjonen
var utgangspunktet for at den nordisk-katolske kyrkja vart skipa i 1999. To år etter
melde Ottar Myrseth seg til teneste. 18 år seinare vart han ordinert som
biskop og øvste leiar for Den Nordisk-Katolske kyrkja, som tel totalt rundt 500
medlemmer i Europa. Trass det nordiske namnet er medlemmene ikkje berre i Norden, men også i England, Tyskland, Ungarn,
Romania, Slovakia, Italia og Spania.
I
følgje trusdokumentet sitt held Den Nordisk-Katolske kyrkja seg med ritual frå
den vestlege katolisismen og teologi frå aust-kyrkja. Slik har dei plassert seg
i skjeringspunktet mellom latinsk og bysantinsk kristendom.
-
Det er eigentleg ikkje så mykje som skil
oss frå pavekyrkja, fortel Ottar
Myrseth. Vi aksepterer ikkje dogmet om at paven ikkje kan gjere feil og at han
har makt over alle bispe-utnemningar over heile verda. Det er viktig for oss å kunne utnemne eigne biskopar utan
paveleg godkjenning. Elles meiner vi som katolikkar at ekteskap skal vare livet
ut og at livet er ukrenkeleg. Det vil seie at vi er motstandarar av abort,
dødshjelp og dødsstraff, seier han.
Oldkyrkja
I
hytta ved Hundeidvik har Ottar Myrseth kjellaren
full av bøker med teologiske skrifter av gammal årgang. Her har han innreidd
eit lite bønerom. Her er det eit lite altar med altarduk og på veggen heng det ikon
tett i tett. I altarduken er det innsydd
ein liten behaldar som inneheld ein relikvie som stammar frå ein av dei dei
førti martyrane frå Sebaste som vart drepne i år 319.
I St. Olavs kyrkje, som er kyrkja til dei
nordisk-katolske i Hatlane i Ålesund, har dei også ein relikvie. Den skal stamme
frå sjølvaste Heilag-Olav. Begge
relikviane har skriftleg garanti frå
Vatikanet for at dei kjem frå ekte helgenar.
I
bokhyllene hans står det bandtunge verk
frå dei store teologane frå oldkyrkja. Det er først og fremst her han hentar
inspirasjon og påfyll. Dette er lærestoff det har vore undervist fint lite om i
teologi-studiet. Men det er ikkje forelda, seier han.
-
Eg finn mykje meir klokskap der enn i nyare teologisk litteratur. Håpet er at
fornya fokus på det meir enn tusen år gamle tankegodset kan bli eit felles
grunnlag for å samle austleg og vestleg kristendom igjen.
Ein
del av arbeidet som biskop er å halde
kontakten med kyrkjelydane. Det blir ein del reising i inn- og utland. Språket
er naturlegvis ei viss hindring. Men han har no appen Translatør. Då går det på
eit vis, seier han.
- Er du optimist for kyrkja di og strevet for å samle katolikkane i vest
og aust?
-
Det er ikkje enkelt. Men det er nokre
gode teikn, seier han. Han minnest si ungdomstid på seksti- og syttitalet då store delar av ungdommen
gjorde opprør mot det beståande. No har
68-arane fått barnebarn. Kanskje ser vi spiren av eit opprør hos dei mot mange
av verdiane som besteforeldra kjempa fram, seier han.
Mange unge i dag opplever eit åndeleg tomrom. Dei
saknar fastare rammer for livet sitt. Både
frikyrkjene og dei katolske kyrkjene merkar no ei tilstrøyming frå nye grupper
ungdom. Dei er konservative, gjerne i dress og slips og vil ha ei meir tydeleg forkynning, seier han.
Kommentarer
Legg inn en kommentar