Maskert kvardag

 

 Pandemien lakkar mot slutten. Bank i bordet: Vi kan snart kaste maska - viss vi vil.

 I lang tid har vi kledd oss som bankranarar i butikken. Vi nikkar og smiler usynleg bak maska når vi ser nokon det kanskje er noko kjent med. Men det er vanskeleg å orientere seg når det einaste vi har å halde oss til er eit par mysande auge i den smale stripa mellom topplua og munnbindet.

Då er faktisk litt spesielt at det akkurat i desse dagar har blussa opp ein hissig debatt om hijab i sosiale media. Stilige mørke damer gjer suksess på catwalken med skaut rundt hovudet og får tyn i kommentarfelta fordi dei ikkje tek avstand frå plagget. Men damene svarar tilbake: Hendene vekk frå hijaben min, seier fotomodellen Rawdah Mohamed.

For hijab er noko anna enn burka og nikab som stenger for både inn- og utsyn og held kvinnene effektivt lenka til kjøkkenbenken. Hijaben er eit skaut og skjuler ikkje meir av hovudet enn dei kunstferdige knytte skjerfa som norske damer snurrar fire gongar rundt halsen eller ein vanleg hettegenser.

Hadde nokon for nokre år sidan fortalt oss at vi alle skulle kome til å gå rundt med maske på offentleg stad, ville vi nok rista mykjeseiande på hovudet. Det gjekk ikkje lenge før vi hadde munnbinda parat. No ristar vi mykjeseiande på hovudet kvar gong andre hadde gløymt seg.

For munnbind er noko herk, men vart fort ein vane. Og maskene har også visse fordelar, og ikkje berre når ein skal rane bank. Munnbind fungerer også mot vanleg forkjøling og influensa. Ein veit aldri når nye pandemiar kan dukke opp. Og då har vi ikkje ein gong nemnt den framveksande ansiktattkjennings-teknologien. I Kina filmar dei fotgjengarar i gatekryssa og greier å kjenne att dei som går på raudt, slik at dei kan få si straff. Teknologien breier raskt. Ein eller annan finn nok snart ut at det er lønnsamt å filme og kjenne att også oss og slik få eit meir intimt forhold til våre lommebøker.

 Skal vi unngå å bli attkjende, må vi kanskje dra ei nylonstrømpe over hovudet før vi går heimanfrå. Eller meir behageleg, trass alt: bruke ansiktsmaske. Slik kan munnbind fort bli del av framtidas daglege grunnutrusting. Det skulle i tilfelle borge for ei framtid for vår lokale maskeprodusent.

Nyare forsking har meir godt nytt for dei som lagar munnbind: Universitetet i Cardiff viste ein masse bilde av menn med og utan ansiktsmaske til eit utval kvinner og spurde dei kven dei likte best.

Resultatet var uventa: Kvinner synest menn med munnbind er klart meir attraktive enn dei som er utan. Og det er ikkje dei stilige, mørke munnbinda som står i stil til blådressen som gjer utslaget. Det er karane med dei vanlege, lyseblå eingongsmaskene som tek pokalen.

 Verkar vi meir ansvarlege med maske? Er det romantikken frå dei tradisjonelle legeromanane som slår inn? Eller er det kanskje slik: Di mindre damene ser av oss karane, di betre er det.

 

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne