Barnearbeid


Tidleg krøkjast, som god krok skal bli. Først best å få bøygd nakken over skjermane.


I den  vakre dokumentarfilmen Barndom skildrar filmskaparen Margreth Olin ungane i  Aurora barnehage på Nesodden. Ho fortel historia utan kommentarar og forteljarstemme. Ho er tett på, men likevel på respektfull avstand.

Som Steiner-barnehage har Aurora så langt fått unntak frå den 20 år gamle reforma som flytta seksåringane over i skuleverket. Her får seksåringane vere kongar i barnehagen i staden for engstelege førstereisungar på rekkje i klasserommet.
 Filmen følgjer samspelet og konfliktane mellom ungar som  leikar, kranglar, prøver ut sine innfall og fantaserer svimlande fritt i alle retningar. Ungars eruptive fantasi slår gneistar i form av  idear og innfall som straks må prøvast ut. Utan alt for mange sperrer prøver dei på halsbrekkande hopp og umoglege klatreprosjekt. Ungar kan leve seg inn i eit tilvære som havskilpadde eller overtek den vonde personlegdommen til ein sjørøvar som kjølhaler smårollingar. Dei glir problemfritt mellom fantasiverda i og dagleglivets trivielle aktivitetar og lærer av begge delar. Lite av dette er planlaus  tidtrøyte og barnestrekar, viser Margreth Olin. Bodskapen hennar er: Leik er arbeidet til borna og bør respekterast som det.

 Samtidig - i ein annan barnehage - klumpar ei lite gruppe born seg saman. Dei er ute. Det er snø på bakken. Dei har på seg vinterdressar og strikkeluer. Dei står bøygde over ein Ipad. Barnehagen brukar skjermen som pedagogisk hjelpemiddel heilt ned i 18 månaders alder, fortel den stolte styraren til Bergens Tidende: «Mange av desse borna skal ut i jobbar som enno ikkje eksisterer. Alle må rekne med  å møte avansert teknologi i ei eller anna form. Det handlar om å førebu dei til dette», forklarar ho.
Like godt å få ungane over i skulen først best, meiner Kristin Vinje, utdanningspolitisk talskvinne for Høgre. Ho vil framskunde skulestarten med eitt år. Ungar skal  på plass i pultrekkjene alt som fire- og femåringar: «Det er viktig med tidleg innsats. Skulestart for femåringar vil kunne gi store gevinstar i form av læringsutbytte for alle og auka verdiskaping»
.
 For vi har inga tid å misse, om vi skal greie oss no når oljen tek slutt og vi skal forsvare vår levestandard i ei usikker framtid. Uplanlagt leik er springande og lite målretta, medan vaksne pedagogar kan leie energien på rett veg. Borna skal gjerast til  gagns menneske, det vil seie gode skattebetalarar, som alle er mest mogleg like og flinke i pluss og minus. Då må ein tvile på nytten av  å henge etter beina i eit tre eller å tygge på ein meitemakk. Heller matematikk og språk enn å kaste bort barndomstida med å jakte sabeltigrar i blomsterbedet.

 Vi  kallar gjerne ungane for det gåtefulle folket, for vi forstår ikkje vitsen med  alt dei har for seg, desse små innbyggjarane i barndommens rike. Men ligg dei med grønt snørr i nasen og forkjøler seg på ein fuktig grasbakke,  ivrig opptekne med å plukke frå kvarandre ein død tordivel, så sett deg på hendene dine og ikkje forstyrr. Ungane er på jobb!


Kjetil Tandstad

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne