Årboka første 30 år

 

Årboka første 30 år  

(Framført av Kjetil Tandstad i samband med årbokslepp museet 1. desember 2021.)

Eg oppdaga plutseleg til min forskrekkelse at vi hadde gitt ut årbok i 30 år.

Synest ikkje det er så lenge sidan vi stod på trappa på Olagarden og sa at vi burde gå i gang med å lage ei årbok for Sykkylven, skreiv Eldar Høidal til meg i ein e-post nyleg. Men det var ikkje vi som fann på det. I forordet til den første årboka i 1992 takkar Eldar Høidal den tidlegare leiaren i sogenemnda, Øystein Eliassen, for at han hadde lansert ideen.

Der på trappa snakke vi først og fremst om å lage eit historisk tidsskrift. Etter kvart fann vi ut at ei årbok var litt meir spenstig. Då kunne vi både ha historiske artiklar og meir tidsaktuelle bidrag. Eitt eksempel er bildekavalkaden som vi lagar i samarbeid med Sykkylvsbladet/Nyss. Det var tenkt som eit Sykkylvens H v e m, h v a , h v o r  med foto  og litt tekst frå det viktigaste som skjedde dette spesielle året. Artig historieformidling, om nokre år.

Etter 30 år kan det passe med litt statistikk. Malen har stort sett vore den same desse åra. Eldar Tandstad har stort sett hatt ansvar for det grafiske arbeidet. I løpet av desse tre åra har det vore berre tre redaktørar. Eldar Høidal (1992 og 2000 – 2002) Roald Solheim (1993 – 1999) og Kjetil Tandstad (2003 -)

 Eg har brukt litt tid på å telje gjennom årgangane. Det har vore trykt 2062 sider sidan starten, alle i tilnærma A4-format bortsett frå den første utgåva i 1992, som var i A5-format.

Det har til saman vore trykt 625 ulike artiklar.

Dei er skrivne av sånn sirka 180 ulike forfattarar.

Av desse er  det 51 kvinner. Det gir ein kvinneprosent på 29,3. Eg vil hevde at redaksjonen har gjort sitt beste for fleire damer med.

Endå mindre suksess har vi hatt i vårt arbeid for å få ungdommen med. Men spaltene er opne. Og om dei enno er for unge til å fortape seg i historia, kan vi tilby spalteplass for dei som skriv dikt og prisa, eller bildekunst. Vi kjem til å mase om dette også i åra som kjem.

Vi har heldigvis ein fin stall av skriveføre og skrivelystne menneske her i kommunen. Det hindrar ikkje at det kan bli litt panikk hos redaktøren når deadline er passert og det nesten ikkje har kome inn noko stoff. Eit par veker etterpå er det som oftast haugen på. Ikkje akkurat det stoffet vi har blitt lova og ikkje akkurat frå dei personane vi hadde rekna med. Det er slikt som krydrar kvardagen før ein redaksjon. Då blir det eit hattefok både for redaktøren, for grafisk formgivar og  for trykkeri, for alle trykksaker skal vere ferdige i god tid før jul. Og så kjem vi i mål likevel.

Det har vore ei glede å vere med så langt. Og vi har tenkt å halde på ei stund til.

Så litt om årets årbok. Forfattarane har fått henne tilsendt. Ho har vore i sal ei stund. Skuleelevane har teke til å selje årboka igjen. Vi har nemleg eit genialt salssystem. Det er grunnen til at vi dei siste åra har eit opplag på 1300. Det gjer oss til eitt av dei større tidsskrifta i landet.

 Skuleelevane går på dørene og sel årboka i alle skulekrinsane. Det tener dei godt på. Dette er pengar dei anten kan få  rett i lomma til kvar enkelt  eller til klassekassa slik at dei kan bruke pengane til turar, museumsbesøk, konsertar, pizzafestar osv. Elevane er dyktige seljarar. Det er vanskeleg å seie nei til ein dryppande  våt femteklassing som står på trappa og byr fram årbøker i regn og blest.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne