Student i Volda - eit femtiårsminne

 


Først: Volda er den største høgare utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. 4750 registrerte studentar. 360 akademisk årsverk.

 Du verda! Det var ikkje slik då vi kom dit for, no for  nesten 51 år sidan. Eg var 21. Dei fleste var på same alder. Eg var litt kjend i Volda fordi eg hadde gått gymnaset her. Eg hadde akkurat slept fri frå militæret og tumla inn døra på det kristelege hybelhuset Forbundsheimen ovanfor Lærarskulen. Vi brukte å kalle det Forbodsheimen. I kafeen fann eg ikkje dei vanlege vel oppdregne og skikkelege lærarstudentar som hadde vore der tidlegare. No såg eg ut over ei forsamling med pjekkertkledde, langhåra, forventningsfulle wannabe-studentar med runde briller og alle slags dialektar. Og eg kjende så godt som ingen.

Vi studentane kom først til Høgskulen. – eller DH som vi sa den gongen. Lærarar og bygningar kom etter kvart. Stort sett heile høgskulen  fekk dei første månadene plass i Forbundsheimen. Her var det kontor, bibliotek, fellesrom, til og med hyblar. Forelesningar fekk vi i gymnaset.

Kvifor ein høgskule langt ute på bygda? Ottosen-komiteen  hadde foreslått  eit moderne masseutdanningssystem med distriktshøgskular som skulle gi  kortare og yrkesretta undervisning. Det skulle vere eit enklare alternativ til universiteta, spreidd rundt i landet med utdanning som kunne møte dei nye behova for arbeidskraft som velferdssamfunnet førte med seg.

Forslaget førte naturlegvis til eit kappløp mellom lokalsamfunn for å posisjonere seg. Blant dei var også Ørsta/Volda. I Møre og Romsdal er det vi kallar fogderistriden sterk. Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre med Ålesund, Molde og Kristiansund  i spissen, kavar for sitt. Dersom det eine fogderiet ikkje får noko, vil det rutinemessig kjempe hardt for at heller ikkje dei andre skal få det. Slik lever vi her..

Når det galt lokaliseringa av distriktshøgskulane, var det kome noko nytt inn i bildet. Impulsane frå 1968 gjorde seg gjeldande også i bestemmande organ. Det vart snakka om demokratisering og oppsplitting av makt. Kravet om desentralisering voks seg sterkare. Nokre av distriktshøgskulane burde ligge i bygdemiljø, meinte nokre.

Viss Møre og Romsdal skulle få distriktshøgskule, kvifor ikkje Ålesund, den største byen i fylket? Det handla om danningsnivået. Kva hadde Ålesund å vise til, anna enn ein sofa eller to med lektorar på lærarrommet i Latinskolen. I Kristiansund var det minst like tynt. I den gamle embetsmannsbyen Molde stod det litt betre til.

 Volda/Ørsta  derimot kunne vise til til åndshovdingar som presten Hans Strøm (Søndmørs Beskrivelse 1762),  Sivert Aarflot, Ivar Aasen og dermed også nynorsken. Lokale komitear med lobbyistar kom til.  Med utgangspunkt i Studentmållaget i Oslo dukka psykologstudenten  og den framtidige diktaren Rolf Sagen fram. Han infiltrerte stortingskomitear og departement med sine argument og fekk til slutt kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik over på si side. Det vart DH-paraply i Møre og Romsdal med to spiler: Volda som hovudkvarter med direktør og det heile og eit økonomistudium i Molde.

Då vedtaket var gjort, skjedde ting fort. Men ikkje fort nok. Vi skulle ha hatt eit år til for å planlegge, oppsummerte undervisningsleiar Gudmund Gjelsten på medielina etterpå. Men med eit stortingsvedtak i ryggen var det berre å køyre på før politikarane ombestemte seg. Då vi studentane kom til Volda i august, var administrasjonen enno ikkje på plass. Lærarane var på veg. Bygningen var knapt halvferdig.

Langt utpå hausten kunne vi flytte inn lærdommens paulun, kvikt oppbygd av spennbetong og lecastein, men med det som skulle til av undervisningsrom og kontor. Vi bar sjølve bøkene med oss frå Forbundsheimen til det nye biblioteket. Det var ei overkomeleg oppgåve.  Dei nye undervisningslokala hadde  atrium – og ikkje minst, betjent kantine. Maken hadde vi aldri sett.  Vi var djupt imponerte og audmjuke der vi sat og åt bollar og drakk kaffi midt i skuledagen. Vi var studentar på ein høgskule og bestemte sjølve over tida vår.

Litt etter litt innfann lærarane seg. i Volda Det var undervisningsleiar Gudmund Gjelsten, prest og misjonær med medietrening frå Radio Evangeliets Røst i Etiopia. Det var psykologen Olaf Holmer Spetland med si PX-registrerte folkevogn, som villig vart lånt ut til studentar til polekspedisjonar til Ålesund.

 Og så var det den halvstuderte Ketil Jarl Halse. Han reiste seinare tilbake til Bergen, tok hovudfaget sitt og kom tilbake som ferdigstudert sosiolog. Etter kvart kom også Bjarte Alme, ein heilt ekte journalist med fartstid i avis. Etter eitt år var det fire fulltids tilsette på medialina, pluss støtte frå andre faggrupper og studium. Mangelen på undervisningspersonell førte til at her var godt med pengar til gjesteførelesarar. Det kom kjendisar frå fjern og nær og frå NRK og frå film og mediemiljøet i hovudstaden. Vi kjende oss privilegerte når vi fekk snakke direkte med stjerner som NRK-mannen Erling Lægreid frå Ungdommens radioavis og filmregissør Arnljot Berg.

Ut på vinteren ein gong sat vi studentane om vanleg i kantina. Drøsen gjekk om åndelege ting medan snøen fall utanfor dei store vindauga. Plutseleg såg vi ein som stod utanfor og vinka. Han var svart i huda og hadde kalott, han hadde skinnjakke med faks, batikkskjorte og snabelsko og han røykte pipe. Han hadde vassa i snøen over Røysmarka frå Lærarskulen for å finne den nye DH-skulen. Vi gjorde teikn til at han måtte gå rundt huset til inngangsdøra.

 Slik vart vi kjende med Patrick N´Cube, statsvitar og kyndig i meteorologi. Han var ikkje like kyndig i skandinavisk geografi. Han kom frå Sør-Afrika, hadde hamna i Uppsala som student. Han søkte jobb derifrå og fekk tilslaget. Han tok toget til Oslo, og gjekk ut i drosjekøen og sa Volda. Drosjesjåføren rådde han til å ta toget vidare til Åndalsnes og buss vidare.

 Han så gjorde. Han vart ein populær lærar i studentmiljøet både på dag og kveld. Nokre år etter vart han teken for å ha røykt hasj og vart utvist frå Volda og Ørsta politidistrikt. Han hamna så vidt eg har forstått seinare ved universitetet i Dar Es Salam der han hadde lova å starte ei lokalavdeling av mållaget som skulle få namnet Blåmannalaget. Etter det eg har forstått er ikkje dette lokallaget registrert i Noregs Mållag enno.

Volda-samfunnet var vane med tekkelege lærarstudentar som programmessig forlova seg og gifte seg med sin første det siste studieåret.  No dukka det opp folk i gatene som utan blygsel bar med seg ølkasser og samfunnsomveltande litteratur frå Haugens bokhandel. Lærarskulen såg med sterk skepsis på den nye institusjonen borte på Myrane som dei syntest var alt for akademisk. Der byrja dei ikkje dagen med salme eller annan høveleg song.  

I lokalavisa Møre, med anar heilt tilbake til starten på 1800-talet og Sivert Aarflots Norsk Landboeblad – kom det forskrekka innlegg. Talet på studentar vart plutseleg mykje høgare. Gode Volda-tradisjonane vart trødde under [KT1] fot.  No ville studentane også ha eigne studentheimar. Skulle dei bu der heilt på sjølvstyr utan at ein ansvarleg husvert kunne halde eit auge med dei?

For Volda hadde akademiske tradisjonar: Landets første avisa på landsbygda,  lærarskule frå 1895, det første gymnaset på landsbygda, handelsskule frå 1933. Det skulle ta litt tid før bygdefolket greidde å sjå den brokete DH-gjengen oppe på Myrane som ei naturleg forlenging av Voldas stolte humanistiske arv.

Gjengen av studentar som kom, var ikkje akkurat slik som dei lusekuftekledde lærarskule-elevane. Det var ikkje berre langt hår og skjegg. Det var militærjakker og flagrande skjerf, det var svarte t-skjorter og loppemarknadskjolar og folk som blanda seg storsnuta inn i diskusjonane til bygdefolket på Narvesen.  Og det var alkohol og utanomekteskapeleg sex og det var demonstrasjonstog.

Han eg delte dublett med siste året, var faktisk lærarstudent og burde visst betre. Men han heldt seg mykje saman med DH-studentar. Han var så inderleg lei av å snekre og måle banner til alle demonstrasjonstoga  som kom og gjekk. Til slutt  laga han eit stort og flott banner med teksten MAKT BAK KRAVA. One size fits all. Det var ein slagord som passa i alle tog.

At ungdommen dreiv med slikt, var eit sjokk for bygdefolket. Det var kanskje ikkje så rart. Men verda endra seg. The Times they are a-changing, song dei til og med i Ønskjekonserten. Ideologi var høgste mote. Det var motekspertise og utopisk kommunisme og anarkistiske arbeidsgrupper, det var hippieideal og bygdenorsk småbrukarromantikk. Vi saug det inn.  Alt kunne skje.

Watergate-skandalen var enno ikkje avslørt. Günther Wallraff hadde ikkje begynt å walraffe. Men Vietnamkrigen var i gang og det sette tonen. Den perfekte Disney-fasaden frå sekstitalet stod for oss som grunnfalsk og løgnaktig.

 Journalistikken måtte gå under overflata. Vi ante ikkje kva 70-åra ville bringe med seg, men vi hadde ei aning. Ungdom har antenner inn i framtida, endå så lite dei faktisk veit. Vi ville avsløre rotenskap og falskheit. Så vi  gjekk til dei stakkars lærarane våre og forlangte ei lettvint oppskrift på undersøkande, samfunnsomveltande, medrivande og lettforståeleg kvalitetsjournalistikk. Vi ville  vite korleis vi skulle gjere det, straks og med ein gong.

Etterpå gjekk det som det gjorde, både med journalistikken og med oss. Men lat oss halde oss i 1971 og late minna kome. Vi hugsar øvingsblekka Næravisa. Med tittelhovud i Letraset og maskinskrivne og fotokopierte sider. Mange store journalistar debuterte nok her. Blant nyheitsstoffet var det også referat frå aktiviteten i Ludo-laget og kåring av høgskulens Gromgut. Her var også ein lokal kjendis-topp, etter mønster frå Dagbladet. Vi såg og vi lærte...

Og så minnest kanskje nokre Åtgaumslaget hans Hallstein Bronskimlet d. a. y. (den aller yngste.) Foreininga hadde til og med sitt eige stempel. Det vart hengt opp ei teikning av Bronskimlet ved inngangspartiet. Assistert av sjølvaste høgskuledirektør Gunnar Øygard fekk studentane planta ei diktarbjørk utanfor inngangen til Aasen-bygget. Bjørka er i dag eit vakkert og velvakse tre etter femti år.

Det var ingen tvil om at den høgnorske Hallstein Bronskimlet den aller yngste var frå Volda. «Og sullan og sulli, den beinaste veg/er islagde vatn for han Hjalte og meg», heiter det i framhaldsforteljinga om Hjalte og Guringuten, som i Bronskimlets univers ser ut til å ha budd på toppen av Rotsethornet og måtte gå over isen på Rotsetvatnet når dei skulle til kooperativen for å kjøpe sukker og gjær.

 Det var ei udiskutabel sanning at Kjell Aukrust hadde gått på landsgymnaset i Volda og at den litterære figuren Bronskimlet var modellert over rektor Per Riste. Nyare forsking, jamfør Gunnar Strøms kontroversielle artikkel om emnet i  Voldaminne 2020, har kome til at Aukrust brukte diktaren og onkelen Olav Aukrust til modell. Kjell Aukrust sitt namn var aldri å finne i elevlistene ved Volda gymnas.

Det var eit vonbrot. Men her er det også viktig journalistisk lærdom å hente: Ein må alltid gå forsiktig fram. Det er fort gjort å sjekke ei god historie i hel.

Reunion, Volda, 22042022

  


 [KT1]

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne